Ei ferge på kvar strand
Forfatter: Anne-Karin Misje
Publiseringsdato: 22.08.2007
– eller ein farse i opptil fleire akter. Ein ting du blir
ein racer på når du flyttar på landet er å ta ferjer.
Og bur du mellom fleire fjordar og eit utal fjordarmar som ein gjerne gjer
i Sogn og Fjordane – det ligg liksom litt i namnet – så kan du gjerne
fleire ferjeruter på rams etter rein hugs. I alle fall gjeld dette
dei innfødde.
Eg gjer det ikkje. Eg har ikkje ein avgang i hovudet og
må sjekke ruter kva eg fer. Det tok ein lang stund før eg
skjøna dette med ferjerutene i Sogn og Fjordane. Spesielt når
det gjaldt passasjerferjene i skrint befolka områder.
Ta til dømes Ytre Sogn. Første gang eg skulle
sjekke kor tid ferga gjekk, og tok føre meg ferjeruta trudde eg
at eg hadde fått problem med synet. Eg vende ruta att og fram, snudde
ho opp ned og prøvde speilvend, men nei. Heile ferjeruta stod for
meg som ein likning med eit utal ukjende og eg skjøna ingenting.
Den såg ut som ei ferjerute med kolonnar og tider, men det var så
få av dei at dei liksom ikkje gav nokon meining for ei byjente. Eg
er vane med kolonnar av rutetider og bussar som går fleire gangar
i timen. Kvar dag. Heile veka. Og utan stans. Ikkje so på landet.
Her var det riktig nok eitt og anna tal. Men mest var
det bokstavar og teikn. Og berre dei lokale skjøna kva dei tydde.
For det var x og y, I og A, stoppar på signal, avgang dagleg 11:45,
gjeld ikkje onsdag, fer av garde på torsdag og kjem att på
sundag. Dette skjøna eg etter kvart var heilt normale angjevingar
av kor tid ferga gjekk. Men i like stor mon kor tid og kor ofte han ikkje
gjekk. Og det sto mest om det siste.
Eg skjøna raskt at skal ein ha ein sjanse til å
klare å tolke ferjerutene i Ytre Sogn må ein ha budd her i
minst tre generasjonar. Alle kolonnane begynte med ”dagleg unntatt”. Så
var det litt x og y att og gjerne ei stjerne for å gjere kaoset komplett.
”Dagleg unntatt” verkar som ein standard angjeving av rutetider i Sogn
og Fjordane, og det er mest eit under at folk kjem seg rundt.
Bilferjene er ikkje betre. Her gjeld det andre utfordringar
enn kor tid ferga går, eller kjem, eller om den kjem i det heile.
Med mine ruteferdigheiter gjer den ofte ikkje det.
Tryggleik er ein utfordring for meg når det gjeld
ferjer. Eg får Titanicfølelsen kvar gang eg køyrer
på ferga. Eg pleidde å få den på Melderskin. Den
har snart skrubba baugen opp annakvar strand langs vestkysten, og er ikkje
nett min favoritt. Så fekk eg den på Eidfjord. Den fekk eg
hetta på ein gong den prøvde å treffe Skipavik 4 gonger
i bølgjer og vind mens den krenga faretruande. Lita ferje, tung
last og litt ute og køyre med fordelinga av innhaldet i ballasttankane.
Eg såg føre meg eit nytt Rocknesvelt - denne gongen i Fensfjorden
og med meg om bord. Eit par slike episodar seinare og eg har no panikk
frå eg køyrer ombord på ferga til eg er trygt av igjen
på Mongstad. Tida får vise om det kjem seg med Etne, men eg
er slett ikkje sikker.
Melderskin gjer meg i alle fall kald av skrekk, og eg
unngår han kvar eg fer. Eg hugsar ein gong eg ana fred og inga fare
på ferjelemmen i Bruravik. Melderskin gjekk jo ofte mellom Os og
Stord, så eg var heilt ubudd på den langt inne i Hardanger.
-Melderskin! Her? gispa eg skrekkslagen mens Titanicfølelsen
kom sigande. Eg tykte eg kunne høyre dei fire første taktane
av Skjebnesymfonien i det eg køyrde om bord.
Eg såg for meg lause leidningar og lekkasje i hydraulikken,
passasjerar i redningsvestar og ungar som grein. Og ikkje minst; Arild
Sondre Sekse på TV. Med smilande Vestlandfjes messande på ”Bare
roleg – dette er HEILT NORMALT”.
Eg syns i grunnen ikkje Arild har den heilt store beroligande
effekten på meg. Det er liksom alltid noko som skurrar når
han kjem på skjermen og fortel om alt som er normalt i HSD. For når
Arild kjem på Dagsrevyen berre veit du at noko er gale. No ligg ein
eller anna ferje i drift ein stad på Vestlandet – eller står
planta i ei ferjelem. I forgrunnen har du Arild som smilar - i bakkgrunnen
sinte passasjerar, skrekkslagne ungar og ei ferje som duppar midtfjords
i fri drift. Heldigvis er det no ein stund sidan siste episode av føljetongen
om festlege lag om bord som resulterte i strandhogg for full musikk.
”Berre roleg det e heilt normalt” er liksom ikkje dekkande
når det e snakk om bremserøyr so har røke, slik att
ei ferje ligg i drift midtfjords og passasjerar må evakuerast. Elles
når 90 meter ferje står parkert i hagen utafor eit hus. Det
kan umulig vere heilt normalt at kapteinen må velje om han vil parkerer
doningen i fjæresteinane eller plante den i kaia for full musikk,
med det ubehaget dette ofte medfører for dei reisande. Det eine
høyres ikkje betre ut enn det andre i mine øyre, og begge
alternativa verkar veldig lite normalt for meg. Det kan umuleg vere heilt
normalt at ei ferje går på grunn i Sunde med eit navigasjonssystem
som viser at den er på veg til Cape Town.
Eg syns det så sørgjeleg sjeldan kjem gode
nyhende frå Arild. Eg undrast på om han ville tatt informasjonsjobben
i HSD hadde han visst kva han gjekk til. Overgangen frå koselige
Vestlandsrevyen til dramaserien HSD må ha vore tøff, og eg
skjønar godt at dei har alliert seg med Gaia og skifta namn til
Tide.
Eg og ein venninne har diverre ikkje den heilt store tilliten
til Arild lenger. Difor har vi no utvikla vårt eige varslingssystem
på sms. Det byrja med at vi varsla kvarandre når det skjedde
noko med Melderskin. Det tikka difor i Tide og Utide inn meldingar hos
meg av typen:
-Har du høyrt det? Melderskin har gått på
grunn- igjen! Då var det Ingeborg som hadde følt med på
nyhenda. Ho krydra gjerne sms-ane med faktaopplysningar:
-Visste du at Melderskin er 89,85 meter lang? tikka det
inn
-Ikkje no lenger, tasta eg då gjerne attende.
Vi lurar no på om vi skal utvide meldingstenesta
og legge den ut til abonnentar. Og vi vurderar om vi skal opne for å
legge inn andre ferjer og, slik at folk kan halde seg oppdatert døgnet
rundt. Eg ser for meg ei meldingsteneste til liks med sms- tenester for
UPkontrollar, fotoboksar, tollarar og liknande. Slik kan alle med ferjeskrekk
legge inn den ferga dei er mest redd og til ein kvar tid oppdatere seg
på kor den er å finne- til lands til vanns eller på fjellet.
Eg ser nesten for meg grunnlaget for ei ny næring knytta til denne
meldingstenesta.
Elles føler eg meg tryggare på dei nye gassferjene.
Eg vonar vi får ein til Gulen. For det legg ein dempar på helga
å køyre ferje med Skjebnesymfonien ringande i hovudet ein
fredags kveld. Med tida vonar eg at Gulen vinn i lotto og at politikarane
set av midlar bru. I mellomtida held eg meg på landjorda når
eg skal til by’n. Kunne dei no berre bli ferdige med Romarheim…
Anne-K. Misje
Innflyttar med pent brukt verdikort |