Ikkje nett ein duft av lavendel
Forfatter: Anne-Karin Misje
Publiseringsdato: 06.08.2007
Det var ein dag her for to veker sidan at eg oppdaga at
mi entusiasme for landleg idyll, fred og ro i Sogn og Fjordane hadde møtt
si første reelle utfordring. Eg fekk ei venninne på besøk,
og vi var på biltur rundt i det fantastiske landskapet sogningar
er så velsigna å leve i.
Som entusiastisk høgutdanna tilflyttar til fylket
driv eg nemlig ein privat vervekampanje blant single bergensvenninner med
store studielån og lausarbeidarstatus ved Universitetet i Bergen.
-Sjå kor vakkert det er her, slår eg entusiastisk
ut med armane mens vi køyrer gjennom kulturlandskapet og nyter synet
av pent stelte garder, velstelte sauer, nusselege smålam og ikkje
minst; havet og dyrelivet ved sjøen. Sjølve FjordKysten.
På slike turar er eg som ein reiseleiar på
akkord, og messar om frisk luft, ro om kveldane, hyggjelege naboar og flotte
turterreng. Hittil har eg verva to venninner til Sogn og Fjordane frå
mitt eiga institutt – noko som sjølvsagt ikkje styrkjer mi eiga
framtid ved den institusjonen. Høgskulane er no skarpe konkurrentar
til universiteta og tappar desse stadig for rekruttar med førstekompetanse.
-Kvifor flyttar du ikkje til Sogndal og tek deg jobb på
Høgskulen? klaga eg til ein venninne som sutra over høge
husleiger og usikre jobbtilhøve i by’n.
-Eg ORKAR ikkje pendle, eg orkar IKKE pendle, eg ORKAR
IKKJE PENDLE, freste ho på ein måte som sa meg at ho for lengst
hadde innsett at ho ikkje hadde noke val.
-Men det er veldig vakkert på landet, peip eg matt
og tenkte på alt eg følte at eg hadde FÅTT ved å
flytte frå byen og slå meg ned på landet. Frisk luft,
nattero, og ikkje minst; fråver av trafikkaos og tilløp til
blind vald kvar morgon over ein parkeringsplass. Eg trivst. Eg må
berre innrømme det.
Men så var det denne bilturen som forandra alt og
gjorde meg meir betenkt over mi nyvunne og opp til no relativt idylliske
tilvære på landet. Vi hadde køyrt over fjellet og kom
ned i ein dal då det starta. I førstninga var eg ikkje bevisst
kva det var so plaga, men etter kvart sneik det seg – bokstavleg tala –
inn eit slags ubehag i tilværet. Først såg eg på
bikkja, dernest skulte eg og veninna mi mistenksame på kvarandre
før vi festa blikket stivt på vegen med bivrande nasevengjer.
Ein feit eim vaks fram frå ein først antatt
lokal kjelde i baksetet der pelsdyret låg, til å romme heile
verdsrommet. Dritlukta var GLOBAL og fylte ikkje berre bilen, men truleg
heile Vestlandet. Eit kjapt blikk vart veksla før vi begge - og
i samme sekund – HEIV oss over knappen som effektivt skalkar alle luker
inn i kupeen og lukker ute all lukt. GYLLE!! hylte vi i kor og såg
desperat på kvarandre. Aircontitionen gjekk for fullt, og ganske
snart var varm og kvelande møkkalukt redusert til…litt redusert
og noko kjøleg møkkalukt.
-Korleis held dei ut med det, kviskra veninna mi fortvila.
Eg som no følte meg som ein reiseleiar på visningstur der
det nettopp har blitt oppdaga at det er hol i båten, og at redningsvestane
ligg att på land, meinte at folk på landet vart tilvend stanken
og at det difor ikkje var fullt så ille for dei som for følsame
naser frå by’n – skarptrente til å snuse seg frem til rette
balansen i caffe latten.
Etter nokre minutt opna vi luka att for å sleppe
inn frisk luft – berre for hylande å skalke att at rundt neste sving,
der nok ein bonde dreiv og gylla. Det gjekk i eitt, og etter ein stund
var vi ør av oksygenmangel og måtte berre sleppe inn luft
– ispedd gylle nok til å legge heile grenda i narkose.
-Det lukter jo f…skjære meg drit overalt! kvein
venninna mi til slutt fortvila og med tårer i augo. Eg måtte
berre innsjå det. Vi var fanga. I Gylleland. Eg kunne ikkje anna
enn å seinke hovudet. Eg hadde tapt. Livet på landet hadde
vist si mest brutale skuggeside og det var ingenting eg kunne bidra med
for å glatte over. Her lukta det rett og slett drit, og det lukta
kor vi enn snudde og vende oss.
Seinare heime hos lokale vener spurde eg frua i huset
om det berre var meg som reagerte på gyllelukta. Sånn sida
eg var frå by’n og slikt, og hadde freista eit skjerma tilvere so
langt. Men då var det som om demninga brast hos frua. Nei, det hadde
no ALDRI vore så ille so no! Aldri hadde ho gått så TIL
gyllelukta som i år! Og det var no UTGJORT at naboen måtte
til med gylla NETT då ho hadde hengt ut vasken! Og ikkje berre lukta
det ute – det seig inn gjennom veggane og HANG SEG I KLEDA!
Så eg er ikkje åleine. Det er ikkje berre
byfrøkna so e for fin i nasen. Dei innfødde hatar det og!
Men dei lever med det. Og då kan eg klare meg og. Eg skal overleve
gylla nokre dagar til. Men det er ikkje nett ein duft av lavendel.
----------------------------------------------------------
Anne-Karin Misje
Innflyttar og finnasa Bergensar
GULEN |