Mjømna
kyrkje
Foto: Scandion.
For folk på øyane var det ofte hardsett og farleg
å ro eller sigle til Eivindvik til kyrkje.
Dei hadde tankar om å få eiga kyrkje, men
det gjekk lenge før dei vart samde om staden. Men i 1892 vart det
vigsla gravplass på Mjømna, og såleis kom kyrkja óg
dit.
Mjømna sokn vart skipa ved kongl. res. 23/7 1900
og i 1901 vart kyrkja bygt, dels for lån og dels for gåver.
Mjømna kyrkje er ei langkyrkje i tre med 310 sitjeplassar.
Vigsla 5. november 1901 av biskop Johan Willoch Ericsen.
Arkitekt og byggmeister: Anders O. Korsvold frå
Fonna. |