Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Brekke mannskor

 

 
Brekke mannskor med kyrkjekonsert
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 27.02.2002

Soknerådet ved Ostereidet kyrkje hadde søndag 24. februar invitert Brekke mannskor til å halde konsert i kyrkja. Under ledelse av koret sin dyktige dirigent Boris Kuprijanov fekk publikum ta del i ein varm og velklingande konsert. 
Brekke mannskor syng både a capella og til akkompagnement av Boris. Koret meistrar ulike sjangerar med glans. 


Frå Nat King Cole til Petter Dass. Frå norske til russiske folketonar. Koret opna med den kjente og kjære -Fader i himlen- som ganske sikkert gjekk rett til hjarta hos tilhøyrarane. 
I konsertpausen var det andakt ved sokneprest Vilhelm Overå. Soknepresten tok fatt i det å syngja, både i kor og i kvardagen. 
Etter konserten vart det servert kaffi og tebrød i kjellaren, før kvar og ein fann vegen heimatt i den snølette februarkvelden. 

Brekke mannskor 
17 songarar har funne seg tilrette i Brekke mannskor. Boris Kuprijanov har leia koret dei siste tre åra, og han får mykje ros frå songarane. Snittalderen i koret er 50 år, med den eldste på 86 og den yngste på 38. 
Tidligare har koret hatt konsertar i Mjømna og Brekke kyrkje. Fram over våren står fleire konsertar på programmet. 17. mars er det -Syng med oss- på Frekhaug Folkehøgskule. I mai skal koret opptre i Johanneskirken i Bergen, der det skal være ein stor korfestival. Som vanleg på vårparten er det songarstemne. 
I år er den lagt til Balestrand. Brekke mannskor er og å høyre på CD-plate. Det er tusenårsplata Gulatonar. 

Program - Ostereidet kyrkje 24. feb. 2002 
1. avd. 
Fader i himlen, T og M: Bengt Eriksson, Arr og oms.: Trond Andersen. 
When the stars begin to fall, Negro spiritual, A: Bertil Ullbrandt. 
Halleluja, M: V. Titov, Arr: russisk ortodoks. 
Høgt frå den himmelske klåra; T: F.W. Krummacher, 1827. O: Anders Hovden. M og Arr: Joh. H. Grimstad. 
Vær hilset, I Nordlands bebyggende Mænd. T: Petter Dass; M og Arr: David Monrad Johansen. 

Andakt v/sokneprest Vilhelm Overå. 

2. avd. 
Blåsen nu alla.. T og M: C. M. Bellmann. 
Langt bortom himmelblånar; T: A. Lønborg/N. Lavik. M: Julius Dahløf. Arr: Mons Leidvin Takle. 
Fritiof Anderssons parademarsj; M og T: Evert Taube. Arr: Bjarne Volle. 
Russisk folketone 
Fly me to the moon. M og T: Bart Howard. Arr: Wollert K.-Hansen. Solist: Jan Helge Kristiansen. Piano: Boris 
Spiriuals, A Medley of Negro Spirituals. Arr: ved James W. Dickenson. Solist: Jan H. Kristiansen. Piano: Boris 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no