Brekke Mannskor med CD-plate
Forfatter: Brekke Mannskor
Publiseringsdato: 07.06.2004
Brekke Mannskor, som til neste år feirar 40 års-jubileum,
har kome med CD-plate. CD-en, som inneheld heile 17 melodiar frå
ulike periodar, har fått tittelen "Utan ei dros".
BREKKE MANNSKOR tok til våren 1965 med 7-8
mann og syngjande dirigent. Sidan har koret vakse til 19 karar i 2004,
dirigenten medrekna.
Medlemene i koret er i hovudsak frå Brekkegrendene
ved Sognefjorden i Gulen kommune, men og frå Høyanger sørside
og Masfjorden.
Brekke Mannskor syng "Ja, vi elsker" på Sigersplassen
i Moskva sommaren 2003.
DIRIGENTAR i dei nær 40 åra har vore:
Inge Takle 1965 - 1984
Nina Kleive 1984 - 1985
Ludvik Kjellevold 1985 - 1992
Kjell Arne Solli 1992 - 1998
Leif Egil Vatnøy 1998 - 1999
Boris Kuprijanov 1999 -
VETERANANE :
Ivar Botnen, Harald Takle, Bjørn Takle og Jon
Takle har vore med i koret frå starten i 1965.
Ivar og Harald har med ulike avbrot sunge i kor sidan
sist på tjuetalet.
Melodiane er friska oppatt under taktstokken til Boris
Kuprijanov, - og Kjell Reigstad har stått for opptak og redigering.
1.
tenor :
F.v.: Jan Helge Kristensen
Kjell Arne Solli
Harald Takle
Olav Oppedal
Asbjørn Kvamsdal
2.
tenor :
F.v.: Ivar Haugland
Herfinn Takle
Steinar Østerbø
Jon Herfinn Botnen
1.
bass :
F.v.: Kjell Oppedal
Helge Takle
Bjarne Dåe
Ivar J. Botnen
2.
bass + dirigent
F.v.: Jon Takle
Magnar Sætre
Boris Kuprijanov (dir.)
Johnny Langvatn
Bjarne Tveit
Bjørn Takle
|