17.
mai og to skipsdåpar
Tekst og foto: Liv Brekken
Publiseringsdato: 22.05.2007
Brekke Skulemusikkorps har hatt ei travel langhelg. 17.
mai spelte dei i 4 bygder, Ikjefjord, Oppedal, Asheim og Brekke. Fredag
18. mai var korpset invitert til å spele ved skipsdåp i Bergen.
Havyard Leirvik har bygd båt for eit indisk selskap.
Veret var surt og det var kaldt å stå på kaien og vente
på å få spele, men oppdraget vart gjennomført
med stil, båten vart døypt ”Kamet” og dei indiske tilreisande
nikka fornøgd då nasjonalsongen deira vart spela.
Laurdag 19. mai var det eit norsk skip som skulle døypast,
"Havila Mars". Dei fleste korpsmedlemmene møtte opp denne dagen
og, i tillegg hadde me nokre av dei "pensjonerte" medlemmene med. Heldigvis
regna det ikkje denne dagen, men det bles friskt. Det verka ikkje inn på
spelinga, og oppdraget vart utført med stil!
Etterpå var heile korpset ute og åt pizza
før heimtur.
Foto: Liv Brekken.
|