England, here we come
Tekst og foto: Liv Brekken. Publiseringsdato: 29.06.2005
Laurdag 18. juni var det ein stor gjeng med gulingar
og nokre få frå Høyanger sørside, i alt 114 personar,
som entra Englandsbåten ”Jupiter” på Skolten. Spenninga var
stor og alle visste at det låg nokre travle dagar framfor oss.
Nordsjøen var roleg og ingen kunne merke bølgjer
i løpet av den 1 døgn lange turen frå Bergen til Newcastle.
Veret lysna etter kvart som me nærma oss land, men då me la
til kai lyna og tordna det og hagl på storleik med 50-øringar
klaska i bakken.
Etter ein 2 timar lang busstur sørover langs austkysten
av England i plaskregn, kom me endeleg til Scarborough. Dei 5 bilane som
fylgde med, hang på bussane som kleggar heilt inn til byen. Då
vart det for mange lyskryss med raudt lys…. , men dei kom seg til rette
etter litt guiding gjennom byen. Vel framme på pensjonata var det
allereie blitt sein søndagskveld, og etter kort tid senka roa seg
over alle. Måndag skulle bli ein travel dag.
SOL! Me vakna til ein blå, blå himmel, og
visste at i dag skulle begge korpsa ha to konsertar, ein ute og ein inne.
Foto: Liv Brekken.
Allereie klokka 10 på føremiddagen bar det
i veg mot byen for å spele konsert i gågata. Byrknes starta
og etter kvart stoppa det fleire og fleire folk for å høyre
på. Leiarane stressa litt med å få kjøpe vatn
i varmen. Ingen hadde vel tenkt at det skulle bli slik varme at det var
nødvendig med vesketilførsel.
Etter ei økt der begge korpsa spela saman, hadde
Brekke sin konsert. Begge korpsa spelte strålande, og applausen var
overveldande.
… Kommentarar som "Brilliant". Foto: Liv Brekken
"Excellent" og "The best Scandinavian bands we’ve ever
heard" gir ein liten porsjon sjølvtillit til neste utfordring. Det
var no på tide å utforske byen og handle litt før middagen
vart servert. 4-5 timar gjekk fort på ein ny plass med mykje spennande
og annleis ting enn heime.
Grand Hotel er eit gammalt og staseleg hotell like ovanfor
strandpromenaden. Her var det innandørs konsert om kvelden.
Torill tek Ein ”Sugar Blues” på Grand Hotel. Foto:
Liv Brekken.
Dette vart eit av høgdepunkta på turen, med
strålande musikarar, eit fantastisk lydhørt publikum og ein
dirigent som var topp engasjert heile tida. (Det var no det tok av…)
På ”Onward Christian Soldiers” sang publikum med
og etter konserten vart det tid til å gje frå seg namn og adresse
til interesserte pensjonistar som ville høyre meir.
Låtvalet var fortreffeleg i dette forumet og velleta
ville nesten ingen ende ta. ”Bloody good” var visst eit lokalt uttrykk
for kvalitet!
Neste morgon stoppa eit eldre ektepar utanfor pensjonatet
og takka for ein flott konsert. ”My wife recognized you”, var kommentaren
frå mannen. Inger Marie var altså nesten kjendis i løpet
av eit døgn.
Tysdag hadde alle fri fram til tidleg på ettermiddagen,
då det bar i veg for å delta i parade. Me hadde med 3 ”duskedamer”
som skulle bere duskane til fana, og dette var ei oppgåve dei gjorde
med glans.
Parade langs strand-promenaden. Foto: Liv Brekken.
Alle hadde bunad for å vere litt staselege i fronten
av korpset. Det heldt hardt for at den eine fekk med seg paraden då
bunaden svinsa borti fugeskum i trappa på pensjonatet, men med iherdig
innsats frå 4-5 personar og ”il – taxi” til stranda, gjekk dette
og bra.
Denne dagen var det akkurat fint ver å marsjere
i, litt sol men nokså kjølig.
Dagens fastlagde program var over, og kvelden var fri
til diskotek eller andre aktivitetar.
Konsert i ly av trekrunene. Foto: Liv Brekken.
Onsdag var York- dagen. Her hadde me avtale med York Minster
om speling kl 11.00. Tidsskjemaet var stramt i utgangspunktet, og når
bussane ikkje kom før 20 minutt etter avtalt tid og tida framfor
kvart einaste lyskryss verka endelaus, var det ikkje rart at fleire blei
litt stressa…….
Vel framme i katedralen fekk me avtala ny tid for speling.
Takk og pris!!! No kunne alle konsentrere seg om gatekonserten først.
Her var det berre å få med seg alle instrument – pauker trillar
faktisk fint over brusteinen…. – og notestativ og prøve å
finne speleplassen.
Byrknes er "on stage". Foto: Liv Brekken.
(Det var no det begynte å bli bruk for gnagsårplaster……)
Det vart fort stemning i Parliament Street og folk svinga i takt med musikken,
dei jubla, sang og klappa. Ein instrumentkasse vart sett fram for å
ta imot myntar, og folk var ikkje vanskelege å be.
Pengane strøymde inn, og ein kar ga ein av leiarane
60 £ ”to buy ice cream for the musicians”. (Ingen fortalde oss at
det ikkje var lov å spele for pengar, og at det var flaks at ikkje
politiet dukka opp – det hadde blitt noko å skrive heim om…)
Brekke sin tur. Foto: Liv Brekken.
Nokre amerikanske ungdommar stoppa Inger Marie for å
skryte av musikken, dei var overvelda over kvaliteten. Dagen før
hadde dei spelt i York Minster og var veldig fornøgde med den erfaringa
og opplevinga, og no var det våre musikantar som skulle i elden.
Brekke Skulemusikkorps i historiske omgjevnader. Foto:Liv
Brekken.
Etter litt kvile på trappa var det på tide
å rigge seg til, og med 70 musikantar på plass starta dei med
”Crimond” og ein vakker solo ved Torill Tynning. Dette var ein utruleg
var og nydeleg start på ein flott konsert.
Etter tredje melodien torde publikum å applaudere
då ein av dei tilsette i katedralen torde å begynne.
Brekke Skulemusikkorps spela mellom andre ”Vikingkirken”
( den måtte dei spela, for kvar skulle den vel passe betre enn her?)
og ”Power of Love” åleine.
Brekke Skulemusikkorps i historiske omgjevnader. Foto:
Liv Brekken.
Med ein slik akustikk som denne flotte katedralen har
– York Minster er forresten den største gotiske katedralen i Nord
Europa – fekk uttrykket ”å tone ut” ei meining.
I nokre få sekund etter at Inger Marie ga avslutningssignalet
til korpset, kunne me høyre korleis tonane fylte rommet bak oss
for så å døy sakte ut.
Det er ei oppleving berre å vere i denne katedralen
som det tok 350 år å byggje. Historia formeleg strøymer
frå tak og vegger. Å få spele her er ei ære som
ikkje er så veldig mange nordmenn forunt.
I fjor var det eitt norsk korps som fekk sjansen – i år
var det to saman - oss!
Men tida gjekk og det var faktisk meir på programmet.
Etter klebyte bar det i veg til ”Jorvik Viking Centre” for å bli
med på ei reise gjennom historia fram til vår tid. Til slutt
var det ei lita stund til å handle før det bar mot Scarborough
og middagsmat.
Også denne kvelden var det råd å bruke
litt pengar på t.d. speleautomatar, bilete, ”fish and chips”, flysimulator,
spøkelseshus og andre spennande saker. No var ”spelepliktene” over,
bilførarane kunne endeleg få ein dag utan køyring.
Harry Potter Train Station. Foto: Liv Brekken.
Torsdag skulle brukast til å reise, først
til den idylliske landsbyen Whitby. Kaptein James Cook som for lenge sidan
stranda på Great Barrier Reef i Australia, og dermed oppdaga dette
kontinentet, kom frå Whitby. Her er det gamle bymiljøet godt
bevart, og me finn små butikkar i trange smug – og den beste ”fish
and chipsen” på lang veg!
Seinare stoppa me ved Harry Potter Train Station og i
Aidensfield, Goathland (frå ”Med hjartet på rette staden”),
der me m.a. fann ”Scripps Funeral Services” og ein gammal telefonkiosk.
Aidensfield, Goathland (frå "Med hjartet på
rette staden"), der me m.a. fann "Scripps Funeral Services". Foto: Liv
Brekken.
Endeleg var me komne til Flamingoland og berre fornøyelse!
Berg og dal-baner, tømmersklie, dyrepark, "cliff hanger", karusellar
av ulike slag og mykje meir!
3 ½ time med full fart og ikkje køar –
”great”!!
Sola steikte, og dei som ikkje hadde blitt solbrende før,
fekk kjenne det no!
Kanskje det var lurt å reise når alt var på
topp? Då me for, var køane lange og dei måtte vente.
- og ein gammal telefonkiosk. Foto: Liv Brekken.
Fredag var det tid for heimreise, og turen til Newcastle
gjekk fort. Litt tid til å bruke opp dei siste punda fekk me og,
før alle booka inn på båten.
Me fekk heimlengten rett i fanget, for i det me forlet
handlesenteret kom regnet, akkurat som då me kom til England og akkurat
som heime!
Det vart litt meir bølgjer på heimvegen enn
på veg bort, og etter kvart gjekk me tomme for reisesjuketablettar.
Men ein liten kuling over Nordsjøen gjekk i grunnen heilt fint!
Utpå dagen nådde me Bergen og til tonane frå
”Bergenssangen” la me til kai på Skolten. Der stod Bjarne tolmodig
og venta med bussen.
Og snipp snapp snute så var Englandsturen ute!
Med dette vil me seie takk til alle leiarane som har gjort
ein flott jobb, til Inger Marie for at ho alltid stiller opp og til dei
tre sjåførane som tok sjansen på å ta med seg
bilane og dermed sparde oss for mykje arbeid med å flytte instrumenta
frå stad til stad.
Og til alle korpsmedlemmer: De er dyktige! Dette vart
ein flott tur med masse gode inntrykk og opplevingar, ei flott avslutning
på korpsåret! |