Julekonsert i Brekke kyrkje søndag 21.12.2003
Tekst: Liv Brekken
Publiseringsdato: 30.12.2003
Som vanleg var Brekke kyrkje fullsett ved den årvisse
julekonserten siste søndagen i advent. Julestemning var det frå
første tone. Barnehagane og elevar frå 1. - 3. klasse sang
adventssang og tende dei fire adventslysa.
Born frå barnehagane og elevar frå 1.-3.
klasse. Foto: Kjell Solheim.
Dei fylgde så opp, med stor innleving, med eit par
julesangar, før Brekke Mannskor overtok med heilt andre tonar.
Mange av elevane ved Brekke skule er med i Musikk- og
kulturskulen. Til konserten i kyrkja hadde dei øvd inn eit program
med kor og deltakarar på orgel og gitar.
Brekke Kyrkjesonggruppe gav oss vakker, fleirstemt sang
før presten, Jens Linde, heldt ei kort andakt og avslutta med solosong.
Brekke Skulemusikkorps. Foto: Kjell Solheim.
Gulen Ten Sing hadde friske tonar og fleire dyktige solosongarar.
Anja Reknes sang så Julekveldsvisa reint og klart
før arrangøren, Brekke Skulemusikkorps avrunda konserten
med nydeleg og kraftfull korpsmusikk. På "Fager er jordi" sang publikum
med, og kyrkja var fylt med jul!
Brekke skulemusikkorps med solist Torill Tynning. Foto:
Kjell Solheim.
Dei som ikkje hadde julestemning før dei kom i
kyrkja fekk den nok i løpet av dei knappe 2 timane med ulike artistar
frå nærområdet.
Vakkert og vellukka nok ein gong!
Brekke Mannskor. Foto: Kjell Solheim.
Gulen Ten Sing. Foto: Kjell Solheim. |