Tok sigeren heim for 8. gong
Tekst: Liv Brekken
Publiseringsdato: 21.03.2004
Brekke skulemusikkorps drog i land sigeren for 8. gong
på rad i Sogn og Fjordane Meisterskapen i Florø på laurdag.
Byrknes skulemusikk kunne reise heim med ein flott 2. plass i 3. divisjon.
Inger Marie dirigerer Brekke Skulemusikkorps.
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)
Det vart ei kjempefin og spennande helg med mange deltakande
korps, solistar og drillarar. 40 foreldre/søsken hadde teke turen
til Florø for å høyre på konkurransen, og dei
fleste var og med på premieutdelinga og festkonsert med Sogn og Fjordane
Brassband laurdag kveld.
Ordførar Trude Brosvik tok imot alle då dei
kom til Brekke tidleg på ettermiddagen søndag, og ho gratulerte
med innsatsen og takka for den fine måten korpset profilerte kommunen
på.
Det vart ståande applaus etter Brekke si framføring.
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)
Brekke skulemusikkorps stilte i 2. divisjon brass, og
her var det 4 korps. Stemninga blant musikantane før speling var
til å ta og føle på, og det var som vanleg noko hektisk
aktivitet i kulissane. Men då dei kom på scenen gjorde alle
ein framifrå innsats og publikum sat som fjetra til nydeleg "indianarmusikk",
pliktnummeret "Dakota" og det sjølvvalde stykket "Indian Summer".
Glade brekkingar kysser pokalen for førsteplassen
i 2. divisjon brass.
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)
Korpset gjekk av scena til ståande applaus, og poengsummen
tel for seg: 95,5 av maks 100 poeng. For 8. gong på rad vann korpset
2. divisjon med 6,5 poeng ned til 2. plassen som gjekk til Vassenden.
I tillegg fekk Brekke sitt 2. napp i vandrepokalen (kornett),
med høgast poengsum av alle brassband som deltok, uansett divisjon.
I vurderinga oppfordra dommarane Brekke om å delta i NM. Me får
sjå kva som skjer....
Dirigent Inger Marie Håheim Tynning og glade Brekke-musikantar
med vinnarpokalen og vandrepokalen, ein kornett, for høgaste poengsummen.
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)
I 3. divisjon brass deltok Byrknes skulemusikk. Her vart
det veldig jamt i toppen, mellom Kalvåg og Byrknes. Det enda med
at Kalvåg drog det lengste strået, med 94,5 poeng. Hakket bak,
med 94 poeng kom Byrknes. Veldig bra innsats og poengsum. Det deltok 7
korps i denne divisjonen.
Inger Marie Håheim Tynning var dirigent for både
Byrknes og Brekke. Me gratulerer med resultatet!
Gorm Evensen plastrar og klargjer ein av Brekke sine
musikantar.
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)
Brekkemusikantane lett spente før dei slepp inn
på scena.
(Foto: Hans Petter Martinussen, Ytre Sogn)
|