Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Brekke Skulemusikkorps

 

   

Sommarkonsert i Brekke
Forfatter: Liv Brekken
Publiseringsdato: 13.06.2006

Dei ytre rammene var absolutt til stades, og sola stråla då Brekke skulemusikkorps arrangerte sommarkonsert søndag 11. juni. Det same gjorde korpset med sine «gamle» og «nye» aspirantar. 

Brekke skulemusikkorps hadde og besøk av Jernbanens Musikkorps avd. Bergen, så det blei ein flott dag fylt med musikk! 

Foto: Nye aspirantar til hausten 2006. Martin E. Dyrøy, Benedikte Oppedal, Simon Aa Pedersen og Trond Morten Reknes. Foto: Liv Brekken. 

 

Både «gamle» og «nye» aspirantar. skal spele «Spania» i lag med korpset. f.v. Camilla Solheim, Simon Aa Pedersen, Torgeir Aa Solli, Martin E. Dyrøy, Line Haugland, Sigrid Tynning, Benedikte Oppedal, Silje Breidvik, Trond Morten Reknes og Frida Engesæter. Foto: Liv Brekken. 


Folk kosa seg i sola og kunne kjøpe nydeleg grillmat, is, kaffi og kaker. 
Foto: Liv Brekken. 


Eit kjempekorps på omlag 70 musikantar. Jernbanens Musikkorps spela saman med Brekke Skulemusikkorps på «Hip to be square» som avslutning på konserten. Her var det bra «trøkk»! Foto: Liv Brekken. 


Nokre kjem og nokre går.... Her er dei som blir «pensjonerte» etter vårsesongen 2006. Rita Sætre, Hanne Brekken Oppedal og Ingvild Asheim slutta etter 10-11 år som aktive i korpset. Foto: Liv Brekken.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no