"Vel blåst" i 25 år
Tekst og foto: Liv Brekken
Publiseringsdato: 23.06.2004
Sundag 20. juni kunne Brekke Skulemusikkorps feire 25-års
jubileum. Med inviterte gjestar, gode ord og pengegåve frå
ordføraren - blomar og helsing frå Fjordane Krins av NMF,
vart det ei flott markering.
Brekke Skulemusikkorps. Foto: Liv Brekken.
Programmet tok til kl. 14.00 på plassen ute ved
Brekke skule. Brekke Skulemusikkorps spelte to marsjar og dermed var jubileumsfeiring
igang.
Deretter var det matøkt med sal av grillmat, open
kiosk og kafé. Aqua Farms sponsa med laks, og denne var kjempegod!
Matøkt med sal av grillmat. Foto: Liv Brekken.
Kl. 16.00 held programmet fram i Risnehall. Torill Tveit
Sætre opna med sjølvskreven prolog før både jubilantar
og aspirantar fekk vise kva dei verkeleg er gode for.
Torill Tynning spelte og ein kornettsolo akkompagnert
av Boris Kuprijanov på piano.
Ordførar Trude Brosvik hadde med seg mange gode
ord og ei pengegåve, og Sogn og Fjordane Krins av NMF var representerte
og hadde blomar og helsing.
Publikum på plassen ute. Foto: Liv Brekken.
Brekke Mannskor sang deretter nokre friske sangar før
Byrknes Skulekorps spelte.
Programmer vart avslutta ved at Byrknes Skulekorps og
jubilantane danna eit felleskorps på 79 musikantar.
Ei fin markering!
Torill T. Sætre med prolog. Foto: Liv Brekken.
Torill Tynning med kornettsolo til tonefølgje
av Boris Kuprijanov.
Foto: Liv Brekken.
Tillitsvalde: Bård og Trin overrekkjer blomar til
Torill T. og dirigentane.
Foto: Liv Brekken.
Felleskorps Byrknes og Brekke. Foto: Liv Brekken.
|