Dalsøyra songkor
Kabaret og "Husker du" stemning
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 28.03.2004
Foto: Scandion.
Det vart reine "husker du" stemning i Dalsøyra
samfunnshus laurdag kveld då Dalsøyra songkor tok ein fullsett
sal med på ei reise i mange av musikkens høgdepunkt frå
1920-åra og fram til i dag.
Dalsøyra skulekorps. Foto: Scandion.
Som i fjor, stod Dalsøyra skulekorps for opninga
av programmet. Det er omtrent halvtanna år sida korpset blei starta,
og framgangen har vore fantastisk.
Korpset deltok forrige helg i Hordablæsten 2004
i Grieghallen under leiing av dirigent Camilla Søderstrøm
Tveit.
Det vart ikkje heilt topplassering, men korpset tok det
igjen i heiderleg omtale og mykje skryt for framføringa.
Etter ein vinter med øving kunne Dalsøyra
songkor endeleg sleppe dei glade tonane fri i sin nye kabaret "Minnenes
melodi". Eit fint knippe eviggrønne slagerar innan dei fleste stilartar
- krydra med mange artige framføringar fekk publikum i godlynne.
Foto: Scandion
Koret ser ut til å ha funne ei form både dei
og publikum trivest godt med. Ein fullsett sal fekk oppleve ei sprudlande
songglede til tonefølgje av orkester.
Kent Lennie Stamnes sytte for at lyden var perfekt og
lyset framheva stemninga i melodiane.
Medlemmane i koret viste at dei meistrar alt frå
vakre, vare melodiar til ein skikkeleg rockelåt. Med Ingrid Hellwege
Haveland som instruktør blir sceneskrekk eit ukjent fenomen.
Det er koret sin faste dirigent, Agnar Mostrøm
som har arrangert og sydd saman melodiane i kabareten, som søndag
også vart synt fram i Risnehall på Brekke - der det også
var godt med folk og fin stemning.
Etter kabareten var mange innom matsalen der Dalsøyra
skulekorps kunne by på lasagne, kaffi og kaker.
|