Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lag/organisasjon
Gulen Røde Kors Hjelpekorps

 

 
Kanodag ved Brosvikvatnet
Tekst: Turid Westervik
Publiseringsdato: 16.09.2007 18:22

Gulen Røde kors hjelpekorps starta haustsesongen med å delta på Barnas Turlag sin kanodag ved Brosvikvatnet. Kvelden før hadde arrangørane sett ut garn og fisk fikk dei. Fisken skulle sløyast og tillagast for bålsteiking og det var fisk til alle som ville smake. Kanoar hadde Turlaget fått låne frå skulane og private og alle som ville, fekk prøve padlekunsten. 

Gulen Røde Kors Hjelpekorps hadde baby- og junior- og vaksendokke med, til øving på hjarte og lungeredning. Vi fortalte om naudnummer og sideleie. Men det som var mest populært blant ungane var å bli surra på båre. Det var også ein liten tursti eller doktorsti som Turlaget kalla det, med spørsmål både innan førstehjelp og friluftsliv. 

Barnas Turlag seier at det finnst ikkje dårleg vær, berre dårlege klær og pysete foreldre. Men været held seg faktisk bra nokre timar utover, men ettermiddagen blei våtare etterkvart. Men det såg ut for at store og små kosa seg med dei ulike aktivitetane og var vel fornøgd då dei reiste heim. 


Ved ankomst, nesten hundre personar var med denne dagen. Foto: Turid Westervik 


30 trykk (Linda Hantveit testar eigen kunnskap) Foto: Turid Westervik 


Ivrige barnehender vil lære hjarte- lungeredning. Foto: Turid Westervik 


Her sløyes dagens fangst. Foto: Turid Westervik 


Dei første har komt seg i kanoen. Foto: Turid Westervik 


Grilling er kos. Foto: Turid Westervik 


Dette er gøy seier Anniken. Foto: Turid Westervik 


Her grilla me fisken. Foto: Turid Westervik 


Kva skjer her då? Foto: Turid Westervik 


Innmelding til Barnas Turlag. Foto: Turid Westervik 


Alle kanoane var i bruk. Foto: Turid Westervik 


Kom deg ut dagen. Foto: Turid Westervik 


Malene smakar på fisken. Foto: Turid Westervik 


Nokre må ta seg av garnet etterpå. Foto: Turid Westervik 


2 blås (Linda Hantveit) Foto: Turid Westervik 


Padleåra må du ha (Anniken og Mariell) Foto: Turid Westervik 


Båresurring var populært. Foto: Turid Westervik 


Halvstikk? Siren er under opplæring, av Linda og Magnar. Foto: Turid Westervik 


Martin kosar seg med fisken. Foto: Linda Westervik 


Glade barn, Anniken og Malene. Foto: Linda Westervik 


Aspirantar i fullt arbeid med båresurring (Janne og Siren) Foto: Linda Westervik 


Pølsefest hos Siren og Celina. Foto: Linda Westervik 


Hald fast, det var gøy når dei snudde båra. Foto: Linda Westervik 


Magnar fortel om hjarte - lungeredning til lyttande barn. Foto: Linda Westervik 


Martin prøver "trykk" på junior dokka. Foto: Linda Westervik 


Og så må han blåse 2 ganger. Foto: Linda Westervik 


Bålkos for store og små. Malene med pappa Hugo. Foto: Linda Westervik 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no