Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

               
Over Atlanteren og opphald i USA
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 25.02.2001


Hans Svardal 
(7.10.1903 - 01.05.1991)

Mange gulingar reiste til USA tidleg i dette århundret. Hans Svardal var ein av dei - han reiste til Minnesota der så mange andre nordmenn slo seg ned. 
Han var og ein av dei som kom attende for å verta verande heime. I åtte år var han borte. 

Det var dårleg betalt arbeid i Bergen i 20-åra som sette han på tanken om Amerika-ferd. Han skreiv til ein onkel som hadde stor farm i Minnesota. Det var ein onkel han aldri hadde sett; Gjert Fivelsdal. 

Gjert oppmuntra Hans til å reisa, og skulle hjelpa med reisepengar om naudsynt. Det var ikkje lett å få innreiseløyve, men dei som skulle på farm hadde førsteretten, og det tok berre 2-3 månader før Hans fekk melding om at han kunne reisa. 

Hans Svardal reiste med Stavangerfjord over Atlanteren til USA. For mange vart reisa med dette skipet eit steg mot eventyret - og starten på eit nytt og betre liv. 

- «Stavangerfjord» var ikkje komen langt frå Bergen før det vart storm, og det vart sjøsykje for mange av oss. Men me vart vane med sjøen etter kvart. Det var flott om bord, og svært god kost. 

Dei vel ni døgra gjekk fort, med mange ulike aktivitetar. I toget vestover hadde ikkje me emigrantar sovevogn, så me sat på same stad dag og natt. Mat vart det smått med for oss. Me var ikkje pengesterke nok til å kjøpa det som negrar gjekk rundt og baud fram av frukt og brus, hamburgarar og smørbrød. 

I St. Paul i Minnesota kom ein fetter og henta meg. Det var godt å koma til eit gjestfritt hus etter ei slitsam togreise. Dei to første vekene var eg gjest. Onkel ville høyra frå gamlelandet. Han reiste til USA i l880-åra, berre 18 år gamal. Han døydde i 1943 utan å ha vore heime i Noreg. Eg helsa på ein del av grannane. Det var folk som var fødde i Noreg, og som hadde reist over i ungdomen og no var gamle farmarar. Eg kan nemna Jacob Austgulen, Bernt Tveit, og mange med namnet Midtun, Hauge, Brosvik og Nyhammar. Det var alle gilde og gjestfrie folk. 

- Dei me kom mest saman med var folka frå Austgulen. Han som hadde garden den tid eg var der borte heitte Otto, ein framifrå kjekk kar. Fetteren min og han samarbeidde mykje om maskinene. Om vinteren når det var lite å gjera, så var det som regel å vitja kvarandre om kveldane, og så vart det spela -Norwegian Wist- til langt på natt. 


Arbeidshestar frå farmartida. Hans Svardal var køyrekar. 

I våronna skulle ein helst vakna klokka seks og gå og fora hestane. Ti i talet var det. Dei skulle skrapast og pussast og selast på. Etter frukost vart dei spende for horva. Fem stykke skulle eg halda styr på. Eg hadde sjølvsagt hatt litt trening saman med vande folk før eg tok over åleine, men det gjekk fort å koma inn i rytmen. Eg hadde aldri køyrt med meir enn ein hest før. Det var moro og interessant å køyra med så mange på eit - etter norske tilhøve - så overveldande stort gardsbruk. Frå 1.000 til 2.000 mål var det vanlege. 

Der eg var dei første to åra hadde dei bortimot 2.000 mål, det meste med korn som kveite, bygg, havre og mais. Litt lin var det og. 

Det meste av pløyinga vart gjort om hausten. Etter harving var det å så kornet, først kveiten, så havren og byggen, og sist maisen. 

Dei norske av første og andre generasjon heldt mykje saman, både i sorg og glede. Dei var flinke til å diskutera politikk, og då var dei ikkje alltid samde. Eg vart -demokrat- og røysta på Roosevelt som president. 

Eg minnest mangt frå tida i Amerika, både positivt og negativt. Det eg hugsar med størst glede var det gode samhaldet mellom dei norske. Når det var gravferd var kyrkja som oftast fullsett av slekt, vener og naboar. Skikkane var litt annleis enn me var vane med her i Noreg. Den døde vart lagd i kista med bestekleda på, og så sto kista utan lok på i kyrkja medan alle gjekk framom og tok eit siste farvel med den avlidne. Etter jordfestinga var det som oftast eit minnesamvær i heimen for dei næraste. 

Bryllaupsskikkane var og ulike våre. Det var ofte at vigsla var heime hjå foreldra til brura. Då var det berre næraste slekta som var med. Var det i kyrkja - og det var ofte ein sundag etter preika - då var det mykje folk som såg på. Ritualet var det same som me var vane med her. Kanskje eit par dagar etterpå vart det bede til bruredans, og då var både vener og naboar av brureparet med. Det kunne verta nokså mange. Ein skulle helst gje ei gåve då. Det vart som oftast pengar ein gav. Nordmenn fekk seg ofte ei svensk jente, eller omvendt. Det gjekk som oftast svært bra. Dei hadde mykje same bakgrunn og same religion. 


Slekt, vener og naboar av Jakob og Jørgine (født Midtun Austgulen. Her feira dei gullbryllaup år 1927. 

Kyrkja - eit samlingspunkt 
Kyrkja var nokså sentral mellom dei første utvandrarane frå Noreg, og var det framleis då eg var i USA. Dei fleste nordmenn høyrde til den norske lutherske kyrkja. 

Det offisielle namnet var «The Norwegian Lutheran Churh of America». Ute på bygdene, i kvart «township», hadde dei kyrkje og prest som dei sjølve måtte betala for. Ein prest hadde oftast to eller tre kyrkjer, alt etter kor mange medlemer dei hadde. 

Preika var mykje på norsk i førstninga. Den tid eg var der var det preik ein sundag på norsk og neste sundag på engelsk. Det var stor offervilje hjå dei som skulle halda det gåande berre med gåver. 

Hovudsetet for dette kyrkjesamfunnet var i Minneapolis. Folk var flinke til å gå i kyrkja. Når dei kom ut etter gudstenesta var slutt, var det å helsa på kvarandre og slå av ein prat. 

Ein sundag var eg i ei kyrkje som heitte Barsnes kyrkje. Der var det mange sogningar, serleg mange frå Sogndal. For det meste var det to og tre generasjonar, men jamen var det mange som tala sognamaolet utifrå godt. Sjølve kommunen heitte også Barsnes. Det fortel om mange utvandra sogndøler på desse præriane. Mange bar framleis namnet Barsnes. 

Ute på landsbygda var det mykje aktivitet i samband med kyrkja; kvinneforeningar, ungdomslag og andre humanitære lag. Der var alltid eit lokale ved sida av kyrkja eller i kjellaren. Der møttest ungdomane til ordskifte om aktuelle saker, og det var sketsjar og folkeviseleikar, kaffi og kaker. 

Det var helst laurdags- eller sundagskveldane ungdomane kom saman. Me som vart kalla «nykomarane» kom snart i kontakt med dei «innfødde». Det var viktig å læra seg så mykje engelsk at ein kunne forstå og sjølv snakka språket. Amerikanarane var lette å verta kjende med. Dei norske var vel omtykte, og mange hadde fått offentlege stillingar både i kommune og stat. Val var det annakvart år, og mest alle stillingar var politiske. 

Nordmennene sette mykje inn på å få borna inn på høgare skular. Det var mange som vart prestar, lærarar, og sjukesystre. Jentene vart helst det siste, medan gutane meir vart mekanikarar, agronomar eller handelsmenn. Og mange var det som fekk universitetsutdaning. Dette galdt også mange som ætta frå Gulen. 

Det sosiale livet «over there» 
Julefeiringa var om lag som i Noreg. Det var gåver og juletre og gjestebod. Julaftan var det lutefisk og lefse hjå mange, elles var kalkunen vanlegaste julematen hjå amerikanarane. Det var berre ein juledag som var helg. Heller ikkje i påska og pinsa var det noko som heitte andredag. Men jula vart no feira i mange dagar likevel hjå gulingar og andre nordmenn. Først var det i kyrkja. Den var pynta med juletre og mykje lys. Ungdomane hadde sett saman eit godt program. Ein laurdagskveld etter jul var det lutefiskfest. Då var det stappande fullt på lokalet. Det vart ete mykje lutefisk, lefse, poteter m.m. Eg kan heller ikkje gløyma den gode paien som var baka til kaffien. Me ungdomane køyrde gjerne mange mil når me høyrde det skulle vera lutefiskfest ein stad. Til vanleg var det lite fisk, og me som var vane med slik mat lengta mange gonger etter torsk og pale. Det var litt fisk å få i innsjøar, men det var ikkje same smaken. Ofte prøvde ein isfiske, men utan dei store resultata. Når det var lite å ta seg til midt på dagen vinterstid, tok ein gjerne ein slik fisketur. Bilen vart køyrd ut på isen og hol laga like ved. 

Om sommaren kunne desse innsjøane vera fine å bada i. Det var ofte langgrunt, så ein kunne gå over hundre meter før det vart brådjupt. Sundagar var det folksamt kring vatnet. Folk låg i vatnet for å kjøla seg når det var for varmt. På slike stader var det alltid ein restaurant, og det gjekk livleg med handelen; mest is, mineralvatn og popcorn. Etter ein stri arbeidsdag i varmen reiste me gjerne til ein slik stad for å bada. Det var ikkje bad eller dusj i husa på landsbygda der borte på den tid, heller ikkje elektrisk straum. Lys fekk dei frå parafinlamper og gasslykter. Ein og annan hadde eit lysaggregat som vart drive med bensin eller parafin. Sjuketrygd fanst ikkje. Den som vart sjuk og ikkje hadde slektningar var ille ute. Var han ikkje borgar av landet kunne han risikera å verta send attende til heimlandet. Den som var frisk og arbeidsviljug vart godt motteken i alle lag av folket. 

Laurdagskvelden var det ofte å reisa til næraste by for å handla, gå på kafe, og spela biljard. Saloonen var ikkje slik som i gamle dagar. Då var det ofte tøft, og mange drakk seg frå hus og heim. Då eg kom til Amerika var det forbod mot sal av alkoholdrikker. Folk klaga over all heimebrenninga og den ulovlege handelen med den slags. Forbodet vart oppheva av kongressen i 1933 etter at Roosevelt vart president. 

Etter fem år kunne eg få amerikansk statsborgarskap. 

I 1935 tok eg turen attende til gamlelandet. Det var meininga å reisa bort att etter eit par månader, men på grunn av fleire omstende vart det gamlelandet for alltid. Trass vonbrotet over å reisa frå eit slikt land som Amerika har eg hatt glede av å vera med og byggja vårt eige land fram til eit velstandssamfunn. 

Denne historia er henta frå boka - Dei tok sin tørn (Pensjonistar frå Gulen fortel) 
© Ingolf Austgulen 

       
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal