Berga av oppvakt postmann
Forfatter: Rita Birknes Stendal
Publiseringsdato: 16.11.2002
I Gulen har mange, opp gjennom åra, hatt fiske som
sitt levebrød. Åleine på sjarken kvar dag året
igjennom er tøft og har ført til mange hendingar både
i storm og stilla. Når nordvesten set inn som “sleppt ut or ein sekk”
kan godt sjømannskap og ein oppvakt postmann være redninga.
Denne historia er fortalt av Rita Birknes Stendal til
Ingolf Austgulen og er å lese i heftet "Mjømna og øyane"
(2002)
------------------------------------------------------------
Det skjedde 9 oktober 1990 kl 14.10, og dagen sit som
spikra i hukommelsen min.
Eg ville tjena pengar til skuletur, og sette ut trollgarn
ved Kjeøy utanfor Eivindvik mot Skjærjehamn. Då eg skulle
dra garna var veret bra, og det vart godt med fisk i brønnen. -
Eg lånte snekka til far min.
Rita Birknes Stendal i sjarken "Sjøfuglen".
Nordvesten kom som “sleppt ut or ein sekk”
På veg heim byrja vinden å auke på,
og eg måtte gå i le ved Vesøy for å ause ut sjø
framme i baugen. Då eg skulle vidare over Ålenappsosen, rauk
det opp med storm frå nordvest, og haglbyger. - Dei som kjenner ver
og vind, veit at nordvesten kjem som “sleppt ut or ein sekk”.
Eg fekk ikkje opp augene for hagl og vind, og sakka på
farten, snudde ryggen mot veret, og passa på å styre mot bylgjene.
Midtvegs i osen slo ei svær bylgje over baugen, og fylte baugrommet
med sjø (båten var óg nedtyngd av garn i åpen
brønn).
Motoren rusa opp og stoppa, og baugen skar ned i sjøen.
Eg sparka av meg støvlane, tok ullsokkane i lomma, og skar laus
ei blåse frå eitt av garna. Då stod eg oppå maskinkassen,
med sjø til knea, og det var berre å leggje seg ut i det kalde
havet.
Båten sank i løpet av 5-10 sekundar. Kulden
merka eg ikke mykje til sidan eg var så oppkava. Redd fekk eg ikkje
tid til å bli.
Der låg eg midt i ein os, langt til land, og ingen
båtar å sjå. Eg prøvde å symje mot vest,
men bylgjene slo over meg, så eg la på sym mot aust, mot straumen,
så det gjekk tregt. Mange tankar for gjennom hovudet der eg låg,
men det som eg syns var verst var å ikkje få seie farvel til
familien min. Såg det som håplaust å nå land, men
ville kjempe til siste gnist.
Postbåten kjem
Så fekk eg auge på postbåten til Odin
Ottesen. Hellet var at den var 1 time sein den dagen, og han hadde med
broren pga. uværet. Eg vinka med blåsa, så høgt
til værs som eg makta, og dei svinga mot meg. Du trur ikkje kva for
kjensle eg hadde då eg forstod at redninga kom. Eg nærmast
jubla høgt. Då dei kom bort sa broren Arthur: “Nei, er det
du Rita som ligg her?”
Jaaaa.. sa eg, men tenkte: “Tei still og fà meg
opp herifrå”. Dei kasta eit tau ut til meg, og eg treiv det før
det tok sjøen, ganske febrilsk. Sitert frå Arthur: “Det var
nett so hurnmaren”. Eg e nett ikkje tung, men med kjeledress og oljehyre
fylt med sjø, so var det nett så vidt dei fekk drege meg over
ripa.
Dei køyrde meg heim etter å ha plukka opp
flytande ting frå båten. Eg kom til tomt hus, og det var då
reaksjonen kom. Eg skylde salte klede, og tårene rant stridt ned
i stampen. Tenkte mest på tapt båt og bruk, ettersom livet
var berga. Det var derfor godt å få trøyst då
mamma og pappa kom heim. For å sitere pappa: “Blås i båten,
det viktigaste er at du lever”.
Eg kan aldri få takka Odin og Arthur nok for den
bragda dei gjorde. Utan dei hadde eg mest truleg ikkje levd i dag. Så,
Odin og Arthur, nok ein gong HJARTELEG TAKK!!
Båten ligg no på 190 meter. Eg bur på
Straume, driv fiske frå eigen sjark, er gift og har 3 viltre gutar.
Køyrer óg post med bil og båt (vikar). Dette takka
vere ein oppvakt postmann og bror hans. |