Brandangersundet
gjennom 100 år
Forfatter: Ingolf Austgulen. Foto: Scandion
Publiseringsdato: 16.09.2006
Livet i Brandangersundet dei siste hundre åra er
prega av to ting: Naturalhushald og nøysemd i mange, mange år,
så ein omsnunad som førte til delvis fråflytting og
endra livsstil frå 1950-åra og fram til i dag.
Her kan du lese om: Livet på gardane - Rutebåtane
-Sellevåg - Treskofabrikken - Eidsaga-Eide Mølle - Sildefiske
- Ludvik Furnes - Minner frå heimstaden Furenes.
Kvardagsliv i Brandangersundet
Livet i Brandangersundet dei siste hundre åra er
prega av to ting: Naturalhushald og nøysemd i mange, mange år,
så ein omsnunad som førte til delvis fråflytting og
endra livsstil frå 1950-åra og fram til i dag.
Det som prega landsbygda for 100 år attende, var
dei store barneflokkane. Slik var det og i Brandangersund. Dette førte
til store ungdoms kull, som slett ikkje hadde det så heilt enkelt.
Det var smått om arbeid. Men dei små gardane hadde trong for
arbeidshjelp, så om ungdomane ikkje kom seg ut i arbeid, var det
endeleg nok å hengja fingrane i. Slit var det vanlege, alt som skulle
gjerast vart utført med nevene. Vassbering, slått, torvtaking,
garnbøting og mykje, mykje anna. Men livet var ikkje fattig av den
grunn. Det baud då på avveksling no og då.
Då rutebåten byrja koma til faste tider, vart
kaien eit samlingspunkt. Der fann folk kvarandre, der freitte dei nytt,
og der kunne det falla mang ein god og saftig replikk.
Fritid
I helgane samlast ungdomane på sine faste plassar.
Dei tykte det var triveleg å koma unna dei daglege pliktene, og dei
fann alltid noko å prata om. I så måte kan vi minnast
den gamle songen: «Dei bygdarfolk, dei bygdarfolk, dei heve so travel
ein sumarbolk». Der heiter ein strofe: «Dei bygdarborni dei
lengtar so hardt, at helgi ho koma skal snart».
Og i helgane vart det tid til ringleikar på grasvollane,
til ein svingom til felespel, og til trekkspelmusikk når det instrumentet
kom på mote.
Fjellturar om sommaren var populært. Austgulstølen
var attraktiv i si tid. Men elles vitja fjellfolk mange andre stølar
når dei først var på tur. Og dei fekk god mottaking,
dei fekk smaka på rjomekolle og søtmjølk, og dei fekk
seg ein godprat med budeiene.
Ein tur på sjøen var heller ikkje av vegen.
Kunne ein få leiga seg motorbåt og reisa til andre bygder,
var det god avveksling, ei fin helg.
I stor-helgar kunne folk samlast i store flokkar. Læraren
var den som førte an når 17. mai skulle feirast.
Skulehus vart bygd på Fivelsdal i 1924. Og frå
då av kom 17. mai-feiringa inn i faste formar.
Jonsokkvelden var mykje folk ute og feira midtsommar.
Då var det om a gjera å ha det største jonsokbålet.
Kvar grend hadde sitt bål. Jentene kokte rjomegraut og bar den til
bålet når det var om å brenna ned, og så sat ein
der og hadde det sværande triveleg.
Læraren var eit kulturelt midtpunkt i bygda. Ein
av dei som her skal nemnast, er Olav Rutledal. Han skipa songkor der ungdomen
hadde eit fint og triveleg tilbod.
Ein annan lærar, Georg Årdal, fyrste læraren
ved Fivelsdal skule, skipa barnelaget «Vårblom». Laget
vart skipa heime i stova hjå Anders-Ivar ein snøversdag av
verste slag. Men alle skuleborna, pluss nokre nykonfirmerte ungdomar kom
til stova denne dagen og vart med i barnelaget. Seinare vart det skipa
ungdomslag. Fyrste formannen der var Tor Oppedal.
Men vi skal sjå litt attende på kvardagslivet
heime på gardane. Travle hender var i sving frå morgon til
kveld. Og alt som kunne nyttast og vendast i pengar, vart nytta. Nokre
laga halmsko, nokre batt kiper. Spinning, veving og strikking var noko
dei aller fleste kvinnene bala med. Ein måtte vera mest mogeleg sjølvhjelpne.
Karane var ute og hogg seg materiale til kiper. Furua
vart nytta til kipespilar, spraken vart brukt til å bitta sjølve
kipa med.
Kleda vart laga i heimen. Veven vaks i lange vinterdagar.
Om kveldane vart arbeidet gjort i lys av parafinlampa. Men lampa vart ikkje
kveikt opp før det var heilt mørkt. Difor hadde ein alltid
eit bel der ein kunne kvile:
Skumringstimen. Dei vaksne tok seg ein liten «dupp»
medan borna fortalte skrøner og gissa gåter.
Heimefisket vart noko av eksistensgrunnlaget for familiane.
Etter kvart vaks tanken på å skipa notlag. Lars Bendiksen og
Lars Furnes hadde ei tid bruk i lag. Nothuset vart plassert på grensa
mellom Fivelsdal og Furnes.
Men når fellesbruket vart oppløyst, kjøpte
Fivelsdal nye nøter og hadde eit bra utbytte.
Baste Fivelsdal, Nicolay Fivelsdal, Hans Trulsen Merkesdal
og Elias Svardal sto for bruket. Det vart oppløyst i 1950-60-åra.
Storsildfiske om vintrane vart og ei god inntektskjelde for folk i bygdene
her i mange år.
Elles var telefonarbeidet ettertrakta. Det var tungt arbeid
med mykje slit, men det gav i alle høve bra innkoma. Ole Merkesdal
var styrar ei tid. Karane måtte bera telefonstolpane på skuldrane.
To av telefonarbeidarane vart alvorleg skadde i 1912. Det var 22 år
gamle Ivar Merkesdal og 50 år gamle Ivar Fivelsdal. Dei kom ut for
ei sprengingsulukke som gjorde dei begge blinde. Ivar Merkesdal gjekk seinare
på Dalen Blindeskule i Trondheim og lærte seg snikkaryrke.
Skule og handel
Skulehus vart reist på Fivelsdal i 1924. Krinsane
Rørtveit og to delar av Svardal vart samla til Fivelsdal. Frå
eldre tider hadde dei krinsane omgangsskule med kvar sin lærar.
Svardal krins omfatta frå tidlegare tider Merkesdal,
Svardal, Glenja, Brandsdal og Westervik. Det var lang veg frå Merkesdal
til Westervik, så sume tider låg skuleborna borte. Etter kvart
fekk krinsane ei anna inndeling.
Framleis heitte det Svardal krins, men Glenja og Westervik
vart lagt til andre krinsar. Og det vart strid om krinsdelinga. Rørtveit
og Svardal hadde lærar som arbeidde 14 dagar i kvar krins. Skulen
vart lagt hjå dei som hadde store stover.
Det var forretning på Fivelsdal ei tid. Den var
i Tinnvika hjå Mikal Fivelsdal, og held fram til kring 1915.
Johan Eriksen Fivelsdal dreiv forretning i Garvika til
kring 1917. Etter at desse slutta å handla, måtte folk til
Skjerjehamn for å handla, til Ingvald Austgulen starta handel på
Furenes kring 1922.
Vegbygging har det vore i bygdene. Vegen Fivelsdal - Glenja
vart påbyrja i 1935, men vart først ferdig i 1954. Det vart
og arbeidd veg frå kaien over garden Fivelsdal dei åra.
Det vart riksvegsamband då vegstykket Glenja - Eide
vart ferdig i midten av 1960-åra. Då vart det og ei heil omlegging
av trafikken. No vart båtrutane nedlagt, trafikken gjekk med bussar
over land. På slutten av 1960-talet vart det og veg frå Fivelsdal
til Furenes.
Brensel
Heilt opp til etterkrigstida i 1945 var det vanleg å
brenna torv i heimane. Alle som eigde jord fekk seg tildelt torvmyrar,
noko som var sett på som ein sers viktig ressurs. Det hadde ein viss
sjarm å vera med på torvtaking, det var eit arbeid utanom det
vanlege gardsarbeidet.
Karane starta opp arbeidet med torvskjæring tidleg
om morgonen. Kvinnfolka gjorde seg ferdig med sitt heime, koka maten, tok
den med seg til torvmyra der alle hadde måltid ute i det fri.
Til nonsmat vart kaffien kokt på gruva attmed torvmyra,
han smaka svært bra sjølv om det var litt røyk og litt
røyksmak stundom.
Torvtaking var hardt arbeid. Først måtte
torva stikkast ut, kastast opp på bakken, trillast utover på
berg og turkeplassar, og tilslutt «krakkast», det vil seia
at torvene vart reist på høgkant så dei turka på
begge sider.
Det finst ein del skog som folk nytta til eige bruk i
Brandangersundet.
Bryllaup og gravferd
Både bryllaup og gravferder vart haldne i heimane,
og det var noko som kravde mykje arbeid. Matlaging i dagevis måtte
til, og matskikkane var ganske tradisjonsbundne. Det vart slakta og brygga
og bakt til bryllaups, brygging var det også ei tid når det
skulle haldast gravøl.
Bryllaupsfestane varte to-tre dagar, som oftast, og det
var noko folk visste å feira skikkeleg. Ein som heitte Lars Bendiksen
skulle gifta seg, og skyta salutt bryllaupsafta, han var uheldig og skaut
av seg eine tommelen.
Men festen vart ikkje avslutta av den grunn. Brurfolket
vart vigde i Eivindvik dagen etter, og festen fortsette.
Kosten til gravferda var som regel saltsprengd fisk, poteter,
flatbrød, smør og mjølkesuppe før dei drog
avgarde den lange vegen til Eivindvik. Etterpå vart det ete sosekjøt
og dessert, kanskje og kveldsmat i tillegg. Noko av all denne matsjauen
vart borte når motorbåten kom, og det vart lettare å
koma til og frå kyrkja i Eivindvik.
Rutebåtane
Lindås Masfjorden Dampbåtlag byrja å
gå innom Fivelsdal i 1904. I nokre år vart båten borda
med storbåt på fjorden (sundet), men i 1908 sto Fivelsdal kai
ferdig til bruk. Den vart bygd på dugnad av folk frå Fivelsdal,
Merkesdal, Svardal, Storenes og Rørtveit.
Det var inga vegsamband til kaien, slik at varer og gods
som skulle hentast og sendast til byen og strilelandet, måtte bringast
fram til kaien på ryggen, med hest, eller i båt.
Før dei fekk fast rutesamband til Fivelsdal måtte
ein om Skjerjehamn. Baste Fivelsdal og Nicolay Fivelsdal hadde postføringa
denne vegen i nokre år. Nic. Fivelsdal vart tilsett som postopnar
på Fivelsdal i 1904.
Mikal Fivelsdal som budde rett ovanfor kaien var dampskipsekspeditør
Etter han vart Hans Merkesdal ekspeditør, og i dei siste åra
rutebåten stogga på Fivelsdal var Nils Fivelsdal ekspeditør.
Furenes vart teken opp i ruta frå 1925. Det var
ikkje lett å få ruta forlengd til Furenes, fordi reisetida
ville bli auka for dei som skulle til og frå Masfjorden. Ruteselskapet
kunne heller ikkje leggje skulda på det tronge farvatnet, fordi Furenes
hadde teke i mot utenlandske tusentonnarar i sildetida.
Fyrlykter vart sett opp på øyer, holmar og
nes. Mange åretak i allslags vér vart det, for dei som skulle
sjå til lyktene. Gardbrukar Edv. Rørtveit hadde mange strabasiøse
turer til Rørtveitneset. Berge Storenes og seinare Ludvig Storenes
kveikte lyktene på Langøya og Brattholmen. Ungdomane Birger
og Alf Storenes kom forresten bort begge to på ein slik tur til lyktene,
jula 1938.
Like viktig var det at ekspeditørane på Fivelsdal
og Furenes var presise med kailyktene (blank og raud/framme og akter) på
kaien. Parafinlyktene var seglingsmerke for rutebåtane i allslags
vér. Når så lyktene blåste ut, eller ein ikkje
fekk påfylt nok parafin, så var det ikkje greitt å vere
kaptein / styrmann på rutebåtane i dette farvatnet.
Mannskapet og offiserane på rutebåtane var
med å skape eit fint miljø, så vel om bord som ved landligge.
(Furenes var overnattingsstad i dei fleste rutene.) I 30-åra var
det D/S Austrheim, D/S Lindås og D/S Masfjord som trafikkerte, seinare
kom D/S Lygra til. Ved samanslutning med Alversund - Manger Dampbåtlag
etter verdskrigen, kom mange andre båtar med i rutene.
Om sommaren hadde Brandangersundet for det meste direkte
ruter til og frå Bergen i helgene og ellers med korrespondanse for
det meste i Mastrevik og på Fonnes. Då var det M/S Alstein
som var travaren - forøvrig ein liten, men koseleg rutebåt.
Seinare kom Finnås, Aktiv, Fedje, Askøy o. a.
Sæternes var stoggestad for F. S. F. rutebåtane.
M/S Sandøy og seinare M/S Lærdal trafïkkerte der. Lid
var også stoggestad i nokre år. B. N. R. rutebåtane gjekk
bortom Brandanger når det var krøter eller tyngre last.
Dyretransporten til og frå rutebåten er ei
historie for seg.
Alt levande; oksar, kyr, kalvar og geiter måtte
førast i båt. Faste kyrebåtar var «Rolfen»
og seinare «Porat», men og andre deltok i denne farten. Som
regel gjekk det bra, men det hendte nok at dyra hoppa over bord. Då
var det berre å ta dyra på slep å komme seg til land.
Om bord i rutebåten brukte ein for det meste sælar i vinsjen.
Det hendte at ustyrlige oksar hoppa av, og endte livet
i lasterommet, og ikkje - som tenkt - på slaktehuset i Skuteviken.
Å vere båteigar, kjørekar på
slike krøterreiser var ikkje berre moro. Båten blei som ei
gjødselbinge etter slike turar, og med unnagjort vårpuss eller
anna reingjering, var det ikkje noko lystbetont å ta ut på
slike turar. Men det vart 10-kronarar av det, og det sette skysskarane
pris på.
Vegen Eidsbotn - Glenja var ferdig omkring 1965. Ruteselskapet
måtte no til med omlegging av trafikken fra sjø til land,
i vårt område slik som i Nordhordland tidlegare år. Ein
omladning frå buss til skøyter på Fivelsdal vart planlagt,
og nytta ei kort tid. Men etter sterkt press på kommune og fylke
vart vegen Fivelsdal - Sellevåg prioritert, og sett ut på tilbod.
I 1968 var vegen kjørbar. Etter opninga av vegen var det bussar
og varebilar som tok over med korrespondanse med ferjer Duesund - Sævråsvåg.
Rutebåtane vart sakna av mange.
Så kom bilen, hyttebygginga fekk fart på seg
og Brandangersundet har nok forandra seg mykje etter den tid.
I tåke og snøkave var det ikkje lett å
ta seg fram i Brandangersundet, med dårleg merking og skikkelege
fyrlykter. Rutebåtane tok nok grunnen av og til, men det gjekk bra.
Takka vere forstand og aktsomhet frå dei på D/S brua. Likevel
hadde ein eit forlis ved Fivelsdal. I 1934 gjekk Midthordland på
grunn med full fart. Ingen menneske kom bort, men forliset var dramatisk
nok. Kaptein Anfinn Iversen - den mest kjende av alle kapteinar i selskapet,
fortel her om denne laurdagskvelden på ruta til Furenes:
Det var ein gråvers laurdag i april månad
i 1934. Lindås - Masfjorden Dampskipsselskap hadde leigt «Midthordland»
ei tid, og denne dagen skulle båten gå i rute til Fedje - Byrknesøy
- Furenes. Vanleg avgangstid frå Bergen var kl. 14.30, og normalt
ville ein vera framme ved Furenes rundt midnatt.
Det var litt av ein tur dei hadde dei som skulle reisa
dit den gongen. Båten gjekk fyrst i full Fedjeruta, så over
fjorden til Byrknesøy, tok til att å gå på sør-aust
til Sandebygda, inn Brandangersundet til Fivelsdal, og så endeleg
fram til Furenes.
Dagen var som ein vanleg laurdag flest, bra med last og
reisande. Rett før båten kom til Lygra banka det på
døra til Iversen sin lugar. Han hadde frivakt og låg og strekte
seg på køya. Det var Reinhardt Rudolfsen frå Lygra som
kom inn. Rudolfsen hadde ord på seg å vera «synsk»,
og såg ofte ting som kom til å henda. Denne dagen kom han for
å åtvara Iversen, og han sa: «No ska eg seia deg noke,
Anfinn. Du ska vera veldig varsam i kvedl, for eg har sett at båten
ikkje kjem fram te endestasjonen».
Iversen ville veta meir, men Rudolfsen sa: «Me snakkast
Øve heljæ». «Så kjem no ikkje eg bort då»,
sa Iversen, og dorma vidare.
Kvelden kom. Det var månemørkt, regnyr, stor
landskugge og liten sikt. Ruta var så å seia ferdig. Sandebygda
var tilbakelagd, og no bar det inn Brandangersundet til Fivelsdal. Så
var det berre denne stoppestaden og rett til Furenes, der ein kunne få
gå til ro.
I byssa gjekk «trisa» - ho Anna og dei to
døtrene hennar, Hildur og Margrethe - og leita etter ein omnsring.
Det merkelege hadde hendt: Omnsringen som skulle brukast
til kaffikjelen var bortkomen. Ingen kunne finna han. Gjentene var sure
og søvnige etter ein lang dag, men mora var unådig. Det skulle
vera orden i sakene.
Ringen skulle vera på plass og kjelen klar til
frukosten neste morgon. Og så leita dei vidare.
I maskinrommet var det lognt og varmt. Maskinen arbeidde
traust og roleg. Farten var normal, godt og vel 9 mil. Maskinisten såg
på klokka, ho synte 23.05. «Vi er vel snart i Fivelsdal no»,
grynta han. Kvar augneblink kunne telegrafen gje melding frå brua,
og då måtte ein vera klar med hovudventilen. Roleg drog han
fram snusøskja og fylte godt innpå. Fyrbøtaren tørka
seg med sveitteduken etter at han hadde brote opp fyren og slengt nokre
sleiver inn i fyrgapet. Han tenkte på kona og alle borna. No hadde
dei vel lagt seg, og var vel longe sovna. Ja, ja, det var eit bask å
få endane til å møtast, men fekk han berre vera frisk
så skulle det nok gå. I dei siste vekene hadde han kjent seg
noko trøytt og sliten. Men det gjekk vel over. Han fekk ta ein dag
om senn, og no var snart denne dagen slutt. Så hadde han no natta
og neste føremiddag til å kvila seg på.
Ut frå «floren» kom ein av matrosane.
Han hadde nett vore inne og gjeve eit par smågrisar varm mjølk.
Grisungane skulle ha vore lossa på Fedje, men diverre
vart dei gløymde der. Han hadde fyrst ergra seg over at dei skulle
ha grisungane ombord heile helga, så i eit lite sinne hadde han spent
til kassen. Men som den godhjerta mannen han var - og den pliktoppfyllande
- skulle ikkje grisungane svelta eller lida naud medan han og selskapet
hadde dei i si varetekt. Han hadde ansvaret for dei, og så fekk det
heller våga seg om han fekk dette ekstrabryet. Grisane var no godmette
og velnøgde, og han hadde endå til stått ei lita stund
og klått dei bak øyro og godprata med dei før han stengde
døra for natta.
På brua stod kapteinen sjølv. Det var den
nygifte Albert Hodneland, og denne helga hadde han den unge kona si med
seg. Han hadde kjempa på heile vegen for å koma snøgt
fram til Furenes, slik at kvelden og natta kunne bli litt lenger saman
med henne som hadde vorte han så kjær. Ein løynd smil
gleid over andletet. Han gledde seg til natta. Rormannen styrde. Han hadde
ingen annan ting å gleda seg til enn å få sova. Og det
skulle bli godt. Veka hadde vore lang. Arbeidstida var aldri under 63 timar,
men det hende også at ho kunne vera oppe i 84.
Eit lys kom fram or nattedimma. Det var lyset frå
kailykta på Fivelsdal. Hodneland let enno båten gå eitt
minutt rett fram, så gav han ordre om hardt styrbord. Rormannen opptok
ordren, og båten svinga. No bar det rett på lykta. Var det
augo som bedrog kapteinen? Var ikkje lykta litt høgt oppe for å
vera kaien? I mørke og regnyr ter alt seg meir uklårt enn
i godver, og båten heldt fram etter same støde kursen. Då
small det. Baugen på «Midthordland» gleid oppover glatte
sleberget så gneistane fauk. Der stod skuta og dirra.
Anfinn Iversen - som hadde vore med unggjentene for å
leita etter omnsringen - vart kasta mot skottet på styrbord side.
I ein augneblink stod det stille for han. Så kom han seg på
føtene og sprang alt han vann fram mot baugen. Derfrå hoppa
han i land med landtoget og fekk benda det rundt noko han fann i mørkret.
Det var seglmerket på Skogsneset. Det var nemleg der båten
hadde teke land, berre nokre få meter frå ytste neset. På
ei merkeleg vis heldt landtoget. Båten som no tok inn vatn atterut,
seig i fyrste omgang ikkje ut. Han vart hangande, men vart lågare
og lågare på atterenden. Ingen hadde gått til ro. Ein
leider vart sett frå baugen og ned på holmen, og på mindre
enn eit par-tre minuttar var alle berga. Då seig «Midthordland»
stille og roleg ned i djupet, medan det frøste av kolrøyk
og gneistar då skorsteinen nådde sjøflata. Men ytste
baugen vart hangande over vatnet. Trossa heldt. Det var alt som viste att
av den stolte skuta.
Frå Fivelsdal kom ekspeditøren og eit par
mann til sprengroande. Dei berga inn heile mannskapet og dei to passasjerane
- ein reisande frå Furenes og den unge kapteinfrua. Det bar mot land.
Brått rykte det til i ein av matrosane: «Grisungane»,
ropa han. Grisungane, ja. Godmette hadde dei sovna inn, og i ein døs
etter eit godt måltid varm mjølk seig dei stilt og roleg ned
i djupet. Eit kort liv var over, og det var to julegrisar mindre på
Fedje. Matrosen som hadde gjeve dei mat og stell anka seg: «Stakkars
grisungar. Eg kunne ha berga dei, men i farten gløymde eg dei heilt
av». Ei verbarka hand tørka noko bort frå eine augnekroken,
så la han seg på årane og rodde mot land. Der fekk dei
husrom til dei vart henta av «Austrheim».
Kva var så årsaka til uhellet og totalforliset
av «Midthordland»? For det fyrste var leia så og seia
utan lykter å sigla etter nattetider. Dessutan var kvelden mørk
med svak regnyr, og lyskastar fanst ikkje ombord. Noko slikt var ukjent.
Det var oljelampar ein hadde til rådvelde, og så ei dekkslykt.
Det var ekspeditøren si lykt på kaien som
skulle visa veg. Men båten var litt tidleg i ruta, og ekspeditøren
- som til vanleg måtte stå og frysa medan han venta på
båten - var seint ute. Kvifor hadde han sett lykta frå seg
?
Vi veit det ikkje. Folk var blyge på den tida og
snakka ikkje om alt. Men det mest trulege er vel at på vegen mot
sjøen kjende han at han skulle «træ av på naturens
vegne», og at han sette lykta frå seg på vegkanten medan
han utretta ærendet sitt. Dette tok gjerne litt lenger tid enn han
hadde rekna med, og frå innsida av vegen der han hukte seg ned såg
han ikkje båten. Men føraren på båten såg
lykta, og så gav han styrbord ror ein halv minutt før han
skulle.
Kva var det som gjorde at omnsringen kom bort? Ingen fann
han, men livet til dei tre kvinnene som hadde lugaren sin nede atterut
vart i alle høve berga. Ein slump eller eit tilfelle, eller var
det eit inngrep frå høgare makter? Kva veit vi? Dei som var
med under forliset trudde i alle høve sitt.
Sellevåg - Treskofabrikken
© Inge Sellevåg
«Ringe til Korn, Maadelig Jordart, Meget tungvunden.
Har ofte ligget øde». Så stod det i matrikkelen i 1723
om garden som ein møter når ein kjem inn i ei lita bukt på
austsida av Brandangersundet. Den gongen eigde ei som heitte Gjertrud de
Fine bruket. Det gjekk å livberge seg med 5 kyr, 3 ungnaut og 6 sauer,
og jorda gav halvanna tønne havre. Som attåtnæring vart
det seld litt brennevin, heiter det, truleg til sjøfarande som drog
gjennom sundet.
Det er ein lun stad der sola vermer godt attmed bergveggane
og den skogkledde ryggsida som reiser seg bak gardstunet. Men idyllen ein
fin sommardag er opp gjennom tidene blitt vend til meir ugjestmilde omgivnader
når haust og vinter har sett inn. Før vegsambandet til Furenes
kom i 1960, var Selevåg ein etter måten isolert plass, der
det må ha vore balsamt å bu og leve i eldre tider, til dømes
når bukta ofte var islagt om vinteren. Det er ikkje underleg at garden
ofte hadde lege øyde fram til 1700-talet, og seinare skifta han
og eigar fleire gonger før den noverande Sellevåg-ætta
kom dit i 1870.
Selevåg er det offisielle stadnamnet som er nytta
i bygdeboka for Gulen. Det har samanheng med det gammalnorske Selvågr
som kjem av dyrenamnet «sel». Det må altså ha vore
ein våg der det var vanleg at selar søkte inn. Uttalen er
«Sællvåjinn», medan andre skrivemåtar før
også har vore Sellevog og Sellevaag.
Kor lenge det har budd folk på garden er uvisst.
Den tidlegaste sikre brukaren ein har, er ein bergensar som heitte Johan
Dich (eller Dirch) frå 1664. Kva ein byens borgar gjorde på
ein plass som dette veit vi ikkje, men truleg satsa han på å
drive gjestgiveri og litt handel for å «profittere» på
ferdsla gjennom Brandangersundet.
Det gjekk vel kanskje ikkje så bra, ettersom han
forsvinn frå soga i 1665, året etter at han er nemnt i skattemantalet
(sjå Skjerjehamn).
Den neste kjende brukaren heitte Kolbein, og garden gjekk
vidare til sonen og sonesonen hans - Philip Kristoffersson - som dreiv
den fram til kring 1705, då han vart verje for nokre barn i Furenes.
Til denne tid hadde det og vore husmenn i Selevåg, og son til den
tredje og siste husmannen som fanst der, overtok bruket etter Philip Kristoffersson.
Han heitte Endre Pålsson Selevåg og dreiv bruket til han døydde
i 1723. Anne, enkja etter Endre, gifte seg same året opp att med
ein Jens Persson Brandanger. Han var på si side enkjemann etter å
ha vore gift og busett i Furenes eit år. Den første kona hans
var dotter til Gregorius Kristoffersson, bror til den nemnte Philip.
Jens Persson vart verande i Furenes dei første
åra av det nye ekteskapet, men flytta til Selevåg i 1728 og
var gardbrukar der til 1742. Etter han fekk Anders Baltarsson frå
Sætenes bygselbrev på bruket. Han var ein mann som hadde sett
seg i så stor skuld og gjeld at han vart tvinga rettens veg til å
flytte frå garden på Sætenes.
I 1770 kom ein mann frå nedre Austgulen til Selevåg
- Hans Ottesson Austgulen. Han var gift med Alis, ei enkje frå Myre
på austsida av Eidsfjorden, og dei hadde i nokre år drive bruket
på Myre før dei no ville prøve ein ny stad. Med desse
«innvandrarane» blir garden frå denne tid verande i same
ættelinja fram til 1868. Det vil seie, Hans og Alis hadde ikkje eigne
barn, men to fosterdøtre, begge fødde på Haveland.
Den eldste av dei. Ingeborg, førte drifra vidare.
Ingeborg vart gift to gonger, og ei dotter frå første
ekteskapet. Anna Torkjelsdotter, tok over etter henne og gifte seg med
ein kar frå Kjellevoll, Ivar Ivarsson. Anna og Ivar, som hadde fire
barn, dreiv bruket i Selevåg i åra 1830-1847, eller på
den tida Henrik Wergeland reiste gjennom Sogn (1832), for å bruke
ein populær referanse.
Eldste sonen - Ivar Ivarsson nr. 2 - tok over garden i
1847 og dreiv den til 1858. Han gifte seg med Lucie Hermundsdotter Haugland
frå Brekke, og dei fekk sju barn som levde opp. Ingen av dei vart
verande i Selevåg, men slo seg ned andre stader i distriktet. Sonen
Ludvig for endå så langt som til Austlandet. Han flytte til
Moss i 1884 (22 år gammal), så ein må gå ut frå
at det finst ei slekt på dei kantar som altså kan spore røtene
sine attende til Selevåg.
Ivar Selevåg selde på si side bruket i Selevåg
i 1858 til bror til kona, Ola Hermundsson Haugland, som var handelsmann
i Fonnevika. Ivar og Lucia vart buande som kårfolk på garden
og tok seg truleg av drifta, noko Ola sjølv neppe hadde tid til.
Han døydde alt i 1866, medan Ivar døydde i 1905 og Lucie
i 1915. Bygdeboka seier ikkje noko om korleis Ivar og Lucie levde dei siste
åra, men sidan folketalet på bruket i 1875 var heile 11 personar,
kan ein gå ut frå at dei budde på kår i Selevåg
saman med barna og etter at EndreTorkjelsson, bestefaren til Edvin Sellevåg,
kjøpte garden og førte den inn i ei ny ætt. Uthuset
ved sida av hovudbygningen er blitt omtala som «kårstova»,
seiest det.
Endre Torkjelsson, ættefaren til den noverande Sellevågslekta,
vart fødd på Asheim i 1837 og starta som landhandlar på
Lovisendal i Brekke. I 1869 gifte han seg med Anna Olsdotter Brekke, og
i 1870 kjøpte han Selevåg for 400 spesialdalar (1600 kroner)
av Tor Jonsson Knarvik. Seljaren hadde berre budd der vel eit års
tid og flytte no til Stølen, ein gamal husmannsplass i Eivindvik.
Det eksisterer eit fotografi av Endre, utan at vi kan
seie når eller i kva samband det vart tatt. Bildet gir inntrykk av
ein traust og sindig kar i sine beste år. Driftig var han og, må
ein tru, for ved sida av gardsarbeidet sette han i gang eit møllebruk
for å utnytte fossen som høyrde til eigedomen. Endre dreiv
mølla fram til 1899. Då selde han fossen og jordstykket ikring
til Jon Arnoldsson Kahrs, son til ein brukseigar på Gryta av Bergensætt.
Kahrs la så grunnlag for ei ny næringsdrift
i Selevåg som har gitt arbeid til mange menn der i åra seinare:
Han starta Bergens Træskofabrikk. Takka vere dette tiltaket vart
det og vilkår for to huslydar på staden. Torkjel Olai, eldste
sonen til Endre, kjøpte eit bruk på Sætenes. Attåt
gardsdrifta var han formann på treskofabrikken i 38 år og dreiv
og landhandel på Sæternes frå 1927- 1943 (han døydde
i 1948, 75 år gammal). Joachim, son til Torkjel, arbeidde og på
treskofabrikken, og han slo seg ned i Selevåg og overtok og fabrikken
med tida.
Joachim kjøpte ei hustomt på ei halvøy
nede ved sjøen. Tomta fekk namnet Skoglund, og han oppførte
eit bustadhus der 1939, etter å ha gifta seg med Marie Johanne Olsdotter
frå Merkesdal. I 1952 fekk han kjøpe eigedomen til treskofabrikken
og dreiv den etter kvart vidare som sagbruk. Joachim og Marie fekk fire
barn, og eldste sonen - Magne Sellevåg - har i dag bygd nytt bustadhus
og held fabrikkdrifta ved lag. Joachim Sellevåg døydde i 1983
(79 år) medan Marie levde til 1991.
Tilbake til hovudbruket - Endre og Anna hadde fem barn.
Eldst var dottera Berte Barbara, som flytte til Solund, så følgte
Torkjel Olai og Ingeborg Monsine, ho slo seg ned i Ynnesdal, og deretter
Eilert August, som i 1908 overtok bruket etter faren. Endre døydde
i 1915, medan Anna levde til 1937 og vart nitti år. Dei hadde også
ein tredje, yngre son - Olav - som gifte seg med Mathilde Birgersdotter
Randal og vart buande på Neset i Furenes.
Eilert August Endresson og Ingeborg Hermundsdotter Austgulen,
som han tok til kone, fekk fire søner: Edvin, Herman, Irgen og Edin.
Herman (f. 1910) busette seg på Li, Irgen (f. 1915) flytta til Reksteren
i Sunnhordland og Edin (f. 1919) til Bergen. Edvin (f. 1909) tok over garden
i 1946. Han var då blitt gift med Gudrun lvarsdotter frå Svardal.
Alle som voks opp i Selevåg etter at treskofabrikken vart starta.
var i kortare eller lengre periodar innom denne arbeidsplassen. Så
og Edvin, men frå 1920 hadde garden fått ei anna attåtnæring
- postbodruta for området ved Brandangersundet. I 1930 tok Edvin
over denne ruta etter faren.
No er det vel eigentleg ikkje rett til å kalle det
attåtnæring, for det var ei krevjande rute som fylte arbeidsdagen
og vel så det, ut tidleg om morgonen og til Skjerjehamn, heimom att
til middag og så ein ny tur. Det vart kveld før den karakteristiske
postbåten til Edvin kunne roe seg ved kaien. For ei lang og tru teneste
som «sjøpostbud», som vel også er ei rettare nemning,
fekk Edvin i 1977 Kongens fortenestemedalje.
Men om Edvin, med hjelp av ei sterk kvinne rettnok, måtte
ta seg av gardsdrifta i tillegg, hadde han og overskot til andre gjeremål.
Han var ei eldsjel på så mange måtar, levande interessert
i politikk og kommunalt styre og stell, trufast venstremann og med fleire
kommunale verv med åra - ikkje berre medlem av kommunestyret i Gulen,
men og forsorgstyret, skulestyret, soknerådet og edruskapsnemda.
Frå plattforma i kommunepolitikken kjempa han og for sin eigen stad
og for å skape framtidskår der. Han utretta noko av eit livsverk
etter slike mål då han fekk semje for at det skulle byggjast
veg frå Furenes til Selevåg. Attmed denne vegen ligg samfunnshuset,
og det og var ei sak han talte varmt for. Dei to samfunna måtte knytast
saman.
«Har ofte ligget øde» - han ligg ikkje
øyde i dag, garden Selevåg. Einar Sellevåg. son til
Edvin, held han i hevd, sjølv om han no har busett seg i Bergen
og har sitt yrke innan kystfarten. Likevel, Eilert og Ingeborg er borte,
og på kort tid døydde og først Gudrun og så Edvin
i 1977, alle dei som gav plassen ein spesiell lun atmosfære og alltid
gjestfrie tok i mot tilreisande familiefolk. Dei budde der og forma staden
i si ånd. Her var godt humør og mykje latter, slik eg kan
hugse det fra ungdomsåra då sommarbesøk i Selevåg,
med fleire timar lange båtturar frå Bergen, var ei oppleving
fin som nokon utanlandstur.
Det var som om staden miste noko av seg sjølv når
desse menneska brått var borte. Men «Sællvåjinn»
ligg der framleis, og no kan ein komme dit på atskilleg kortare tid
og køyre heilt til gards med bil frå byen. Det er ingen fare
for at han skal gli attende i isolasjon og fråflytting som rådde
der i eldre tider. Det vil dei med fast tilknytnad til plassen, og hyttefolk
som har slått seg ned der, sikkert sørgje for. Vi andre som
har røtene der, vil bere med oss mange gode minne frå besøk
der og alltid kunne vende tilbake med ei nær kjensle.
Eidsaga - Eide Mølle
Frå omkring år 1700 har det vore kvern og
maling av korn på Eidsaga - Eide Mølle. Frå Svardalsvatnet,
Langevatnet (begge av ein viss størrelse etter våre tilhøve)
og Litlevatnet renn vatnet ut ved Eidsaga.
Fuse Erichen frå Store-Matre i Masfjorden slo seg
ned på Eidsaga i byrjinga av 1900, og dreiv mølla og sagbruket
der. Ved sida av utførte han stamping av tøy. Veving var
vanleg i den tida, og han Fuse på Saga stampa så gjerne.
Fuse med huslyden flytta attende til Masfjorden i 1920-åra.
Så overtok Olav Sellevåg drifta av mølla og saga i nokre
år. Han budde då på Furenes (på Neset) og hadde
ein liten motorbåt til å køyre til og frå Saga,
ei lengd på ca. 6 km. Sellevåg var blant dei første
som fekk slik motorbåt i distriktet.
Martin Kvinge, og ein Masfjording, kom så til Eidsaga
og busette seg der med familie, og dei dreiv det stort ei tid. Nytt bygg
for saging av tømmer vart ført opp, ei svenske-skøyte
populært kalt «Potta» vart sett inn i transporten av
korn og mjøl. På Saga malte dei til langt ut på kveldane.
Hjalmar Areklett var førar av «Potta»,
og det var eit meisterstykke. Etter å ha vore på fjordane,
og så finne vegen heim og inn til Sagevika var nok ikkje enkelt.
Smale sund med eit utall av «fluer» - (grunner) utanfor innlaupet.
Kraftige lommelykter (stavlykter) på ca. 50 cm. lengde var alt dei
hadde å hjelpe seg med.
Eidsaga har hatt noko romantisk over seg. Idyllen på
Saga ein sommarkveld må opplevast. Den gode ange av røss og
porslyng, fisken som vaker på vatna og på Sagevika, ålegraset,
elvesusen i maledur og sagekvin. Og så den store fisken som alltid
var å fange i Sageelva. Her var det fiske med stong, med garn og
det var dorging frå båt. Slik var det !
Kvar sommar kom der båtar roande inn til, skøyter
med tømmer for leigesaging, og båtar med korn for maling til
mjøl. Dei fine turistane kom og oppom, og dei la seg gjerne til
for nokre dagar.
I krigsåra var Eidsaga og mølla eit matkammers
for mange «Gulingar» og «Strilar». Mølla
gjekk både dag og natt, mest om natta, då ein malte svart som
dei sa. Å være kontrollør for Statens Kornforretning,
som skulle ha alt registrert, var nok ikkje enkelt i dei åra. Det
fekk Ingvald Austgulen føle, og det vart mange nattetimar på
Eidsaga før papir og skjema stemte slik at ein kunne venta å
få dei offentlege sine stempel på, og med det få fortsetje
kornmalinga.
I 1950 åra vart det rolige tider på Eidsaga.
Det vart slutt med kornmalinga og det tok slutt med tømmersaginga.
Men byfolka kom og dei er der kvar sommar endå.
Trygve Kvinge som slo seg til i bustadhuset på Sageneset, har i mange
år dreve småfiske ved sida av anna arbeid. Han har hatt evne
og anlegg og vist vilje til å skape det rette miljøet på
plassen, og alle som kjem finn seg vel til rette og trivast godt. Sjølvsagt
beror dette mykje på deira eiga framferd når dei legg seg til
i båtar, i telt og i hyttene som no er byrja å koma på
holmar og nes. Sløvåg med ferjeleie ligg no berre få
kilometer unna. Med veg der i frå rundt vågane til Eidsaga
ville her bli plass til mange fine landstader. Kan vi vente eit initiativ
frå grunneigarar og kommune, så vil nok kjøparane melde
seg.
Sildefiske
Dei som hadde notbruk for vintersildfiske sat til vanleg
om hausten og fram til jul og sette i stand nøtene til sesongen.
Likeeins vart notbåtane sett på sjøen i god tid, dei
måtte vere tette til nota skulle om bord.
Ved juletid var ein ikkje uredd for at silda kom under
land, og folk som skulle vere med måtte hyrast i god tid.
Mellom jul og nyttår måtte sekken pakkast
for ein tur på 12-15 veker. Lossementa var så ymse, det var
ikkje alltid så høgt under dekk. Var rommet lite, måtte
sjølvsagt mannskapet trengje saman. I ein større båt
var det mannskap frå fleire bruk, kan hende opp til 25 mann. I ein
slik båt var det langbord, eit forut og eit bak i rommet. Som regel
var det ein høg karm over luka til rommet.
Det var alltid dobbel køy, madrass av halm som
ein tok med seg, og køyklær heimanfrå om ein ville liggja
godt.
Det hende at kokken måtte koke middagen på
ovnen som stod i rommet. Men til vanleg stod byssa på dekk. Det var
ei slik som vart sett på land etter sesongen. Middagen var felles,
og kvar mann gjekk etter sitt som vart opp-pakka av kokken. Det gjekk mest
på sild og poteter og fisk. Suppe var alltid til attpå-mat.
Helgemiddagen var som regel kjøt og ertersuppe. Den andre maten
held ein seg med sjølv, berre kaffi var felles.
Det gjekk mykje på skipskavring, som den vart kalla.
Ein fekk oppvege kvar sin pose. Det var ein tynn sekk, som vart hengd under
dekk over køya. Han vart seig mot slutten, og myglesmaken var og
der kan hende. Men ein levde seg inn i det, og ein tykte det var kos å
kome om bord.
Etter ei sur våkenatt med hardt arbeid, og ein var
gjennomvåt, kunne det smaka godt med både mat og søvn.
Fritid var det mykje av. Då gjekk det mykje på
kortspel, men det gjekk sakleg for seg i eit godt kameratlag.
Oljeklær og vottar kom ikkje i rommet, det måtte
vere på dekk. Vottene var jamnast hardfrosne om morgonen, då
var det til å bløyte dei i sjø og tråkke dei
mjuke. Tørre vottar kom ikkje på under sesongen, for ein held
betre varmen når dei var våte. Og når dei kom i silda,
kvarv dei seg i hop og vart som filt. Ein måtte ha store vottar på
sildefiske. Dei vart kalla «vavottar».
Vintersildefiske var ei hard og kald påkjenning,
og det verste var at ein aldri visste om det vart noko betaling for innsatsen
dei kalde vintervekene ute ved havgapet. I mange år kom dei heim
fattigare enn då dei drog ut.
Men kanskje neste vinter eller vår, med eit anna
notlag og ein annan notbas kunne gje dei «nothundane» lut å
ta med heim (d.v.s. ein del av fangsten).
Sildesalting på Furenes
Ludvik Furnes bygde opp store sjøbuer på
Furenes for mottak av sild og salting for eksport. Det heile starta i 1915
og varte i nokre år framover.
Store båtar kom for å hente silda i tønner
når den var ferdig til utskiping. og eksporten gjekk for det meste
til Tyskland. Vi minnast at fleire båtar var så store og stakk
så djupt at dei ikkje kom under land. Lastinga føregjekk då
ute på vika og tønnene vart frakta på store flåtar
o.l.
Det var helst vaksne som fekk seg arbeid på Furenes
i sildetida, men ein og annan tenåring fekk seg jobb med, og dermed
litt lommepengar. Løna var ca. 1 kr. timen. Det var uvant og tungt
arbeid for ungguten, så då tønna var full av sild og
skulle kulast bort, gjekk det av og til galt og tønna med silda
for andre veger. Ludvik Furnes sa aldri noko om det, han hjelpte heller
til for å rette opp skaden.
Nokre damer var og med i gjengen, men dei var for det
meste med på saltearbeidet. På den tid måtte silda kverkast
før ho kunne eksporterast. Kverkesaks vart då brukt. Store
dungar med kverk samla seg, men dette vart gjerne overteke av arbeidsfolket
og nytta til husdyra, som kyr og sauer. Etter omattlegging av silda måtte
den lakast på ny. Skifting av lake var ein sers viktig operasjon
som kravde sine fagfolk. Då som no var det kvalitet som var avgjerande
for omsetning og god samhandel med oppkjøparane.
Det var ein kraftig stimulans at tiltak som sildesalting
på Furenes kom i gang desse åra. Det var lite med fortjeneste/inntekt
i Brandangersundet elles i denne perioden, så ein 100-lapp var store
pengar.
Nedgangstider kom, og Ludvik Furnes måtte innstille
drifta, og store tap fylgde i kjølvatnet.
Ludvik Furnes
Eit namn kjem vi ikkje utanom når vi skal skrive
om bygdene ved Brandangersundet. Namnet er Ludvik Furnes. Han levde frå
1883 til 1966, og han sette mange spor etter seg i heimbygda si. Mange
såg han som eit reint oppkomme av energi og tiltakshug, av godt humør
og arbeidslyst.
Ludvik vart fødd på Furenes. Han måtte
ta over farsgarden i ung alder. Garden stelte han godt, men det var langt
frå einaste levevegen hans. Han var mellom anna på fraktefart
langs kysten. Men skikkeleg fart i det han stelte med vart det då
han kring 1915 bygde opp store buer og kaiar på Furenes. Han fekk
heile folket i arbeid med sildesalting. Livet på Furenes vart som
eit eventyr.
Utanlandske båtar på 3-4000 tonn kom til Furenes
for å henta sildelaster. Furnesen sjølv måtte ut i open
sjø for å losa båtane inn Fensfjorden, forbi Sande og
inn Brandangersundet. Og «sogningen» klarte seg. Vi veit ikkje
om framandkarane måtte læra seg sognemål, eller om Furnesen
etter kvart plukka opp nokre utanlandske gloser. Handel vart det i alle
høve.
Men sildeeventyret tok slutt. Ludvik Furnes fann likevel
eit anna gull i havet, og det var reka. Professor Hjort hadde funne mykje
reke langs kysten, og Ludvik fann ut at her var noko som kunne gje råstoff
til ny handel og nye arbeidsplassar.
Det var to karar med dampbåt frå Haugesund
som først trålte etter reker i vår kommune. Desse tok
hamn på Furenes, og det var då den initiativrike Furnes,en
fekk lysten på dette fiske. Han spurde om å få vere med
ein dag, men svaret var nei. Dei såg vel kva som lyste i augo på
karen som stod på land. Furnes,en gjekk heim, men han hadde ein plan
klar i løpet av natta. Han tok robåten, rodde og segla, og
då Haugesundskarane var vel i gang med tråling i Mjømneosen,
så var Ludvik i farvatnet. Han fulgte godt med, og noterte seg trålefart.
Utstyret, notmasker, trålpose og skovlane vart
sjekka i mørke kvelden etter at karane hadde lagt seg til ro.
Han skaffa seg dampbåt, han konstruerte seg sine
eigne nøter. Mange driv rekefiske den dag i dag. Men Ludvik Furnes
vart den som sette det heile i sving, og han fekk tilnamnet «Rekekongen».
Rekefiske er ikkje noko enkelt fiske, ein kan ikkje fiske
eller tråle kor som helst i ein fjord eller ved kysten. Det er på
stader med glatt, fin sandbotn med tilstrekkeleg trålelengde ein
kan ta reka. Trålelengde er strekning å tråle på
utan knausar og rask på botnen.
Så var det heile i gong. Båt vart rigga til,
nøter rekvirert, montert på kaien, og ein strekte vaiere nordover
sundet på Furenes-vika. Gamle komfyren vart tatt ut av kjellaren,
sett på dekk, og fyringsved og kål vart lasta om bord. Dette
var kokeriet.
Etter at Ludvik Furnes fekk sans for dette fiske, utvikla
næringa seg storslagent på Furnes og elles i ytre Gulen.
Så kom gutane til. Så snart dei var konfirmerte
var det å lære, notbøting, montering, notere seg mé
i fjella, nes og holmar. Dei vart fagfolk på området.
I 18-20 års alderen fekk dei sine eigne båtar,
fôr oppetter og nedetter, men mest oppetter kysten. Til Trøndelag,
Nordlandskysten, Troms og Finnmark. Det var «Start», «Sleipner
, «Kapp , «Delfin» og «Sjøgutt» med
dei tre vi kjenner så godt: Håkon, Einar, Leif, Bjarne Furnes
og Ludvig og Gerhard Bøe.
Rekefisket var noko som opptok Ludvik Furnes heilt og
fullt. Han reiste heilt opp til Finnmark, og i tillegg til fisket dreiv
han laksehandel med samer og finner. Han var mellom anna innom Russland
på handelsferd.
Havfiske hadde han og fått tid til i tidlegare år.
To rekefabrikkar, ein i Bjørnør på Trøndelagskysten
og ein i Vadsø kom til med hans initiativ.
Dei som fekk høyra Ludvik Furnes fortelja om ferdene
sine, fekk mykje å minnast. Han var ute for mange farlege situasjonar,
men han kom alltid heim att.
Jacob Sæternes hadde og sin reketrålar i desse
åra, og Henrik Glosvik kom til med «Solblid». Hans Tredal,
tidlegare storbonde, starta reketråling nokre år med. Men desse
drog ikkje så langt til vanleg.
I mange fjordbotnar ligg nok kostbare reidskaper, tapt
ved forsøk på god fangst. Men slik er no ein gong fiske.
Rekebåtane frå Furenes lyser opp når
dei velrigga kjem forbi. Det skuldast godt vedlikehald og at interessa
for båt og motor er stor. Om du dreg til Måløy, Flora
eller Sogndal, ein Furenesbåt vil du finne ved kaia. Og dei er populære
når dei kjem til lands med nykokte reker, og måker kring seg.
Når krigen kom var det ikkje så enkelt å
fiske reker på kysten og i fjordane. Men etter at det første
urolege krigsåret byrja fiskinga igjen. Ei rik utvikling kom med
påbygging av båtane, forlenging, og nye styrehus med bysser.
Seinare kom ekkoloddet og radaren og så dieselmotoren. Stim og gass
til koking, trålevinsj og blokk vart dreven med motoren.
Krigstida 1940-45 vart ei spanande tid for Ludvik Furnes.
Han kunne ikkje drive fiske som før, avdi kysten var farleg med
miner og vrakerestar. Han byrja då med sagbruk, trelasthandel og
båtbyggeri. På Fureneset vart det i desse åra påbygd,
ombygd og forlengd mange båtar, dei fleste frå 40-60 fot lange.
Men eit nybygg vart det og, på heile 70 fot. Denne skuta fekk navnet
«Sjøleik», og vart seld som fiskebåt til ein frå
Trøndelagskysten.
Skipstømmermann og leiar for båtbyggeriet
var Ragnvald Kalheim, som seinare etablerte seg i Djupevika på Lid.
Ved sida av båtbyggeriet, som dei faglærte
stelte med, nytta Furnesen tida til etablering av kassefabrikk og oppkjøp
av tang, som under krigen var ettertrakta til stormøllene i Osterfjorden.
Etter krigen skaffa han seg ny båt, og var igjen
budd på å ha havet som leveveg. Men diverre svikta synet. Skulla
han setja seg ned og mysa ut ovet havet ? Nei, Ludvik Furnes, som no var
nære på 70 år, plukka fram pågangsmotet sitt att,
og starta med reinsking av reker. Det laga seg straks 10-15 arbeidsplassar
for kvinner i bygda. Men Ludvik Furnes sjølv var den første
som stilte opp om morgonen og den siste som gjekk om kvelden. Det hadde
tidlegare ikkje vore avsetnad på reinska reker, men Furnesen fekk
i stand prøvesending til Sverige, og seinare vart det eksport. Han
vart støtta av firma i Bergen, og store kvanta reker gjekk til eksport
frå den vesle bygda i Gulen.
Ludvik Furnes hadde aldri tid til å ofra seg for
politikken. Men han hadde ei hjartesak, og det var veg fram til bygda.
Den vegen fekk han diverre ikkje oppleva sjølv. Like før
han døydde, sa han til dei som stod ved senga: «Gje aldri
opp, stå på!» Og det var noko av hans eige motto for
det rike livet han levde.
Mange av dei som hadde første reis med Furenesbåtane,
finn du no i handelsflåten, i marinen, i Veritas, ja attpå
til i USA og Canada. Dei fekk med seg ei fin tid på fjordane og norskekysten
med reketråling. Ei tid med godt samhald, mykje arbeid, men allikevel
meiningsfullt. Det er ikkje lenger det gode fiske på fjordane, og
båtane ligg mykje i ro. Dei ventar og, kan hende på betre tider.
Fortøyningsboltar på holmar og skjer finn
vi den dag i dag. Dei fortel si soge om den gongen Furenes var eit handelssenter.
Minner frå heimstaden Furenes
Eg vaks opp i Fureneset der far min var handelsmann. Minna
frå barne- og ungdomstida er naturleg nok prega av den heimen eg
vaks opp i. På den tida var familiane meir samansveisa enn dei er
i dag. Det foreldra stellte med, angjekk barna på ein heilt annan
måte enn det ville ha gjort i vår tid. Det at far min var handelsmann,
var i praksis det same som at heile familien var ein handelsfamilie. Ungane
måtte ta del i livet på butikken frå dei var i stand
til å knyta sine eigne skoreimer.
Eg fekk rutebåttidene, mjølkeprisane og brødprisane
inn med morsmjølka. Minna frå Fureneset vert nok sterkt prega
av at eg opplevde verda frå innsida av disken, om ein kan bruka eit
slikt uttrykk.
Rutebåten var vår kontakt med omverda. Vegen
kom først etter at eg var flytta heimanfrå. Ulet som varsla
at båten var i anmarsj, vart og signalet til guten om å ta
flaggermusløkta og gje seg i veg til kaien. Der møtte vi
dei kjende andleta om bord,og dei ombord såg med glimt i augene på
oss gutar som sprang føtene av oss for å ta trossa mest mogelegt
elegant, utan å få ho «i fleisen».
På kaien var det ikkje berre gutungar. Heile bygda
var på beina, sjølv om dampen kom seint på kvelden.
Der stod dei i strikkejakkene sine, kallane gjerne litt sidrumpa, og følgde
med i alt som vart lasta og lossa. Og ikkje minst: Kven som reiste og kven
som kom. Stundom kom det byfolk på vitjing, med merkelege klede og
ei annleis framferd. Men det var berre spanande og slik det skulle vera,
tykte vi.
Eg minnest dei svære raude brødkassane frå
Hestdal på Litlebergen. Dei vart lossa med omtanke, for brøda
var noko vi stunda etter. Vi ungane hadde jobb med å finna fram brødposar
til dei som skulle ha brød med seg heim att om kveldane. Og eg minnest
enno den velsigna gode lukta. Det undrar meg at brødet kunne lukta
så omnsferskt etter fleire timars transport. Og så dei skillingsbollane.
Dei var digre som tallerkenar. Den gongen spara dei ikkje på mjølet.
Men dampen romma mykje meir enn brødkassar. Frå
det godhjarta lasterommet vart det lossa mjølsekker, salt, parafin,
kaffi og mais til hønsene. Og det kom i land tobakk til mannfolka,
sysaker til kvinnfolka, kloggar og støvlar og mykje, mykje meir.
Og på butikken måtte alt stablast på
plass. Vi hang det under taket og vi stuva det inn i krokane. Og vi måtte
ha litt av eit minne for å hugsa kor alt var stabla vekk. Men sjølv
om vi stort sett hugsa kor den minste ting var å finna, så
hende det likevel at det dukka opp overraskingar når vi ein og annan
gong hadde storopprydning. Vi må nok seia at det vart ein god del
meir svinn i butikkane enn det er i dag, med oversiktlege reolar og hyller,
og med færre vareslag å halda styr på.
På eit vis var butikken som eit lite torg, der vi
ungane sat på sidelina og følgde med folkelivet. Og det var
mange som slang innom. Når eg tenkjer på det no, var folk meir
ulike den gongen. Dei var kvar for seg meir originale, folk fekk utvikla
sin eigen stil utan påverknad frå korkje TV eller radio. Og
det var ikkje grå kvardagsmenneske som stod framfor disken. Når
eg no ser attende, kunne ein reint sosialt dela dei opp i fire kategoriar:
Fiskarar/gardbrukarar, kårfolk, arbeidsfolk og til slutt folk som
levde på fattigkassa.
Eg har mange såre minne om dei som levde på
fattigkassa. Dei hadde store problem med å få den månadlege
stønaden til å rekkja i hop, og det var som oftast mange munnar
å metta. Handelsmannen måtte stundom plukka vekk varer som
var lagt fram på disken når ikkje tilskotet frå kommunen
strakk til. Det var ikkje trivelegt å sjå slikt, korkje for
ungane bak disken, eller for dei ungane som måtte gå den tunge
gangen til handelsmannen utan å ha noko å betala maten med.
Elles opplevde vi butikken som eit knutepunkt for bytehandel.
Folk kom til handelsmannen med smør, egg, gamalost, spann, ambarar,
fisk, sild, tresko, ull, filler, og skinn. Det var mange gonger livlege
ordskifte før prisane vart fastsett. Og stundom hende det at folk
tok varene sine med seg att, og slong døra att etter seg i storsinne.
I Brandangersundet var heimeindustri med produkta kiper
og gavlar svært dominerande. Frå dette distriktet vart folket
på kysten frå Haugesund i sør til Måløy
i nord forsynt. Reketrålaren Delfin vart kvar vår lasta for
vidaresalg
til handelsmenn på Strilelandet, Øygarden, Sund og Austevoll.
Utanfor butikken levde bygda sitt eige liv. I byrjinga
av veka gjekk rekebåtane ut på feltet tidleg om morgonen, og
dei kom att i slutten på veka. Andre båtar kom og för,
alle hadde sine ærend dei skulle utføra. Vår båt
vart kalla «Bukken» på folkemunne, enno om han heitte
«Rolf». Det var ein tendens til at båtane fekk «utnamn»,
og dei namna var ikkje alltid smigrande. Namn som «Bukken»,
«Geita», «Brya» og «Råtestokken»
var å finna på dei båtane som eigde heime i Brandangersundet,
sjølv om eigarane hadde gode namn på dei.
Det vart eit svare liv då fisket etter brisling
og småsild (mussa) var på sitt beste. Då kunne det vera
30-40 notlag i Brandangersundet på ein gong. Om det var mest kav
på sjøen eller på land skal vera usagt. Det var i alle
høve eit eventyrleg liv. Når eg no ser att Brandangersundet
er mykje av eventyrglansen forsvunne. Eg er byrja å dra på
åra, eg har ikkje barneaugo å sjå livet med. Men det
er i alle høve sikkert at livet i sundet er mykje stillare enn det
var. Og folk er blitt meir like kvarandre, originalane er vekke.
Likevel er eg knytt til Brandangersundet med solide røter.
Den oppveksten eg hadde har gjeve meg noko ingen kan ta i frå meg.
Det er godt å ha rike minne om den staden ein vaks opp. |