Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

      
Soga om Brekkebunaden
Forfattar: Synnøve Bøe
Publiseringsdato: 10.06.2003

I 1925 var Klara Semb i Brekke og heldt leikskeid. Då skulle jentene prøva å laga seg ein bunad som dei kunne ha å dansa i. 

Dei samla inn gamle bunadsdelar, slike som liv, skjorter, og brystdukar, og så den gamle stakken og trøya frå Asheim. På grunnlag av dette laga dei så ein bunad. 

Soga om Brekkebunaden tok til i 1840. 

Då gifte Ragnhild Johs.dtr. Oppedal seg med Johs. Guttormsen Oppedal. I høve bryllaupet hadde ho tre stakkar, ein blå som ho brukte bryllaupsafta, ein raud til bryllaupsdagen og ein grøn som ho brukte andre dagen. Alle stakkane hadde same grindvovne bord nede, men på den blå var brukt blå tråd i staden for grøn. 

I skifte etter Ragnhild vart stakkane delte på døtrene, og Marta som var gift til Asheim fekk den grøne stakken og ei raud trøya,og desse tok dei godt vare på. 

I 1925 var Klara Semb i Brekke og heldt leikskeid. Då skulle jentene prøva å laga seg ein bunad som dei kunne ha å dansa i. 

Dei samla inn gamle bunadsdelar, slike som liv, skjorter, og brystdukar, og så den gamle stakken og trøya frå Asheim. På grunnlag av dette laga dei så ein bunad. Dei vart einige om at bunaden skulle sjå slik ut: 

Grøn stakk med raud kvarding nede og rosebord ovanom den, raudt liv med grøn kvarding, snøreliv med maljar og sylvsnorer slik som på Sognebunaden. Brystduk tok dei ikkje i bruk då, den kom seinare i bruk att. Til forklede brukte dei så ymse. Nokre hadde heimevovne ullforklede, svarte eller mørkeblå med striper i fleire fargar, alminneleg brukte til kvardags då. Somme hadde silkeforklede som hadde vore brureforklede til mor deira. Skjorta var kvit med kvit sognesaum eller svartsaum. Til belte sydde dei roseband i dragsaum, eller det kunne vera eit gamalt forkleband dei kunne kopiera og bruka til belte. Så skulle dei ha roggeband i håret. Trøya var det ingen som sydde seg då. I den tid var det lite pengar hjå folk, og det galdt om å få bunaden billegast mogeleg, og trøya hadde dei ikkje bruk for til å dansa i. Klara Semb skaffa tøyet frå Oslo og så sydde dei sjølve. 

Historisk museum i Bergen hadde i 1952 ei utstilling av gamle bunadsting som var samla inn i Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Der såg eg for første gong den gamle stakken og trøya og vart svært oppglødd for dei. Eg fekk hug til å sy meg ein slik bunad når det vart høve til det. No hadde eg skaffa meg Sognebunad like etter krigen og sydd svarthue til den, så eg laut vente med ny bunad inntil vidare. Eg var klår over at det måtte verta ein ny Brekkebunad, den første dei laga heldt ikkje mål. Me måtte attende til den opphavelege, til dei gamle kjeldene. 

Om somaren gjekk eg difor ikring og snakka med folk, fekk sjå gamle brystdukar og fekk låne ein til å sy meg ein ny etter. Ein gamal brystduk i smøyg fekk eg. Det var vanskeleg å skaffa høveleg tråd til dragsaumen på stakken, og til forkledet måtte eg få farga grøn tråd som høvde, i samråd med Marta Asheim som då var byrja å vera etter eit gamalt forklede som Berta Asheim hadde. Dette forkledet er det me brukar til bunaden no. Stoff til sjølve bunaden måtte eg venta lenge på før eg fann noko som eg var fornøgd med. I 1958 var endeleg bunaden ferdig med trøye til. Eg var såleis den første som sydde trøye til. 
 
 
 
 
 

Husfliden i Bergen hadde sydd ein modell av trøya som var utstilt i 1952, og etter deira mønster sydde eg trøya. 
Sidan synte eg fram bunaden i Brekke, og det var fleire som vart interesserte, for dei tykte det var ein fargerik bunad av høg kvalitet og med fin prydsaum. Dei gjekk i gang med å sy seg slik bunad. Seinare er fleire komne til. Gullbelte er no vanleg brukt. 

I dei siste åra er det mange jenter som får Brekkebunad til konfirmasjon, så ein får tru den er liv laga også i framtida. Me har også eigen mannsbunad i Brekke. Den er sydd etter ein bunad som Torkjell T. Asheim hadde. Den har svart stutt- trøye og knebrok, raud vest kanta med grøn fløyel, kvite mønsterstrikka sokkar og skjorte med fin kvitsaum. Bunaden har heile 68 sylvknappar. 
 
 

Denne informasjonen og bileta er henta frå: 
Brekke - Gard og grend. 
Utgjeven av Brekke Sogenemnd - 1985 
Foto : Ivar H. Haugland 



 

--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Historikk omkring Brekkebunaden 
Særoppgåve av Haldis Brekke

I gammal tid hadde så å seie kvar einaste bygd i Sogn sin eigen bunad. I grove trekk var den lik, men kvar bygd hadde ein og annan detalj som skilde seg litt ut frå dei andre. Brekkebunaden er imidlertid heilt ulik den noverande Sognebunaden. Det einaste som er likt er skurden på livet og skjorta. 

Brekke har alltid helde gammal tradisjon og skikkar i hevd. I fylgje Klara Semb, den kjende leikleiaren og arvtakar etter Hulda Garborg, er Brekke den bygda i Sogn som har helde lengst på dei gamle tradisjonane når det gjeld klesdrakt. 

Opphavet til den noverande Brekkebunaden er ein gammal stakk og trøye som Ragnhild Johannesdotter ytre Oppedal fekk sydd til sitt bryllaup då ho i 1840, 19 år gammal, gifta seg med fetteren sin, Johannes Guttormsen. Faren var kjend for sin rikdom og eigde fleire gardar. Ragnhild var einaste barn og jordajente, og på grunn av sin rikdom kunne ho i anledning bryllaupet sy seg tre stakkar. 

Kvelden før bryllaupet hadde ho blå, bryllaupsdagen raud og andre dagen grøn stakk. Det var same borda nede på alle stakkane, men på den blåe var det brukt blå tråd i staden for grøn. Stakkane blei delt på døtrene, og ei dotter, Marta Asheim, fekk den grøne stakken og ei raud trøye. Om det var fleire trøyer veit me ikkje. Denne Marta var gift med Lasse Monsson Asheim som var av rike folk; bestefaren eigde 12 gardar. Som dei rikfolk dei var, trong dei ikkje å slite ut klærne, men kunne ta vare på dei. Det er grunnen til at me i dag har den grøne stakken og den raude trøya som er grunnlaget for Brekkebunaden. 

Marta Asheim si sonedotter, Ragnhild Asheim Takle, eig no desse tinga. Den blå stakken fekk dottera Anna, som var gift på Kroken i Tredalen, men denne stakken er komt vekk, og den raude bryllaupsstakken veit me heller ingenting om. 
Opphavet til desse stakkane er bygt på muntleg tradisjon fortalt til Ragnhild av bestemora. Ho fekk fleire gonger fortalt dette, for at ho ikkje skulle gløyme det. 

Denne bunaden må ha vore i bruk kring 1840, men kor lenge veit me ikkje. Bunaden som var svært fargerik, kom ut av bruk i den pietistiske tida då klærne skulle være mørke og triste. 

I 1925 var Klara Semb i Brekke og held leikskeid. På den tid var det ingen som gjekk med den gamle Brekkedrakta, for då var det ein slags nasjonaldrakt som var i bruk. Klara Semb ville at jentene skulle skaffe seg ein bunad som dei kunne bruke når dei dansa folkevisedans, og det vart sett igang ein aksjon for å få rekonstruert den gamle bunaden som hadde tradisjon i bygda. Ho fekk dei til å samle inn ulike ting som var rundt om på gardane, bl.a. den gamle grøne stakken, forskjellige liv og andre bunadsdeler. Etterkvart kunne dei begynne å setje detaljane saman og tenkje på korleis Brekkebunaden såg ut den gong den var det mest brukte stasplagget i bygda her. Det kom inn fleire liv av ulik farge og med ulik kanting, f.eks. grøne brokade- eller damask liv med svarte fløyelskantar. På grunnlag av dette materiale vart dei einige om å velgje det fargerikaste, som var eit liv i raudt ullstoff med grøn kanting, og Klara Semb klypte mønster etter eit liv som skulle være mest typisk for Brekke. Stakken vart nøyaktig kopiert etter den gamle grøne, bortsett frå at den gamle stakken hadde eit innsatt stykke tøy i annan farge under forkleet, fordi tøyet var dyrt å farge, og forkleet skjulte likevel denne bota. Borden på den gamle stakken var dessutan vevd i båndgrind, medan dei no sydde samme borden i dragsaum. Den blei også brukt til belte. Opprinneleg var borden vevd av naturfarga, heimespunnen lin og raud og grøn ulltråd. 

Klara Semb skaffa til veie tøy, og ti av dei unge jentene sydde seg denne bunaden. Gamle skjorter i kvitsaum var der som dei kopiert, og til forkle brukte dei helst kjøpte svarte silkeforkler, eller gamle vevde stripete ullforkler som var brukt til kvardagsforkler. Dei var som regel mørkeblå med striper i forskjellege fargar. Til den gamle stakken var der ikkje noko forkle som dei visste hadde høyrt til akkurat den. Gamle brystdukar var det mange som hadde, og desse tok dei i bruk til bunaden. Dermed skulle utstyret være nokonlunde komplett. 

Seinare anskaffa nokre få til seg denne bunaden, men etter krigen kom Sognebunaden meir og meir i bruk til fortrengsel for Brekkebunaden. Denne var det no ingen fleire som anskaffa seg, kanskje også på grunn av at fargane kunne virke litt glorete. 

Marta M. Asheim sydde seg denne bunaden, og til den brukte ho eit gammalt brureforkle ho hadde arva etter mor si. I sin ungdom gjekk ho på industriskulen i Oslo og lærte å veve. Ho var svært interessert i bunaden, og brukte den ved ein anledning då ho var elev på skulen. Ei fru Schirmer , som visstnok var gift med ein museumsmann og godt inne på bunader, spurde henne då kvifor ho gjekk med eit brureforkle til bunaden. Fantest det ikkje gamle vevne forkle i bygda? 

Marta Asheim tok til å undersøkja, og det kom for dageen at ei gammal kone på Asheim, Berte Asheim, fødd på Oppedal, hadde eit vevd smetteforkle. Dette fekk Marta låne og veve etter, men ho skifta ut den opprinnelege mørkeblå bunnfargen med svart. Garnet spann ho sjølv og farga det med plantefargar. Ho vevde fleire av dette forkleet og selde til dei som hadde Brekkebunad- og også til Sognebunaden vart det brukt. 

I 1951 hadde Historisk Museum i Bergen innsamling av gamle bunaddelar frå Vestlandet. I den anledning vart det sett i gang ein innsamling i Brekke. Eit utvalg av det som kom inn vart sendt til Bergen og var med på den utstillinga museet hadde av det som kom inn. 

Marta M. Asheim skulle samle inn ting frå Asheim, men då ho skulle hente den gamle stakken, viste det seg at den var spretta opp og brukt som divanteppe. Det tøystykket som hadde vore framme under forkleet var vekk, og borden på stakken var teken av og brukt på ein ny Brekkebunad. 
Marta M. Asheim fekk sydd stakken i saman på beste måte og sendte den og trøya til utstillinga saman med fleire brystdukar. 

Husfliden i Bergen sydde ein modell av den gamle trøya og tanken var at dei ville bruke denne til den vanlege Sognebunaden. 

Mor mi, Synnøve Bøe, som på bunadsutstillinga i 1951 for fyrste gong såg den gamle trøya blei straks interessert, og fekk lyst å skaffe seg den. Ho hadde frå før Sognebunad, men fann ut at det var gale å bruke trøya til den. Dei to hadde igrunnen ingenting med kvarandre å gjere. 
I staden sydde ho då ein fullstendig Brekkebunad med trøye, og var såleis den fyrste som også sydde trøye til bunaden. Seinare var det to til som anskaffa seg den, men framleis er det berre desse tre som har trøye, så vidt eg veit. 

Synnøve Bøe var den fyrste som i dei siste åra på nytt tok oppatt Brekkebunaden og agiterte sterkt for at brekkingane skulle anskaffe seg denne bunaden istadenfor Sognebunaden. Det ser ut til at arbeidet har bore frukter, for i dei seinare år er det 8 stykker som har sett seg anledning til å sy den. Fargane er ikkje heilt dei same som blei brukt i 1925; dei har forsøkt å finne fargar som harmonerer bedre med kvarandre, slik ar resultatet i dag skulle være svært bra. 

Heimen- i Oslo har i den aller seinaste tid begynt å sy opp Brekkebunader. Materiale har dei fått tilsendt frå Brekke, bl.a. eit gammalt liv i raud ullsatin som no er komt for ein dag på Sætre. I den Brekkebunaden Heimen syr, brukar dei dette livet i motsetning til dei einsfarga liva i raudt ullstoff som elles er vorte brukt. 

Det er stadig aukande interesse for bygda sin gamle vakre bunad og det er å håpe at brekkefolket og utflytta brekkingar vil gå inn for å bruke denne tradisjonsrike drakten frå heimstaden sin. 

Dei enkelte delane: 

Livet - Skjorta - Stakken - Beltet - Forkleet - Brystduken - Trøya - Hovudplagget 

Livet 
Livet på min eigen bunad er sydd i raudt ullstoff med grøn kanting. På kantinga er det lagt to raude ulltrådar som er sydd fast med korssting i kvit lintråd. Dette er dei fargane som er brukt på den opprinnelege trøya, men ellers brukar dei også svart eller gul ulltråd på den grøne kantinga, sydd fast med kvite eller gule korssting. Dette livet fylgde altså ikkje med den gamle stakken, men er ein rekonstruksjon. Ein er ikkje heilt einige om detaljane, men ein bunad er ingen uniform. Hovedtrekka er like, men detaljane kan gjerne variere. Men ingen av dei gamle liv i Brekke har vore snøreliv som er det vanlege på Sognebunaden. 

Skjorta 
Skjorta er den same som vert brukt til Sognebunaden, og arm og halslinning kan syast enten i svartsaum eller i kvitsaum. Ein lang rekkje forskjellige mønster vert nytta. Mi eiga skjorte er sydd i svart smøyg, og mønsteret er teke etter ein gammal halskrage som etter tradisjonen vart brukt av konfirmanten Nilla Hallvardsdotter Wergeland, fødd i 1812. Samme bord er brukt på to skjorter som no finnst på Sogn Folkemuseum i Kaupanger. 
På mi skjorte er det dessutan eit stykke som heng ned frå halslinninga, ei sokalla -bløka. Bløka kan ein finne på foto av gamle skjorter, f.eks. i Hulda Garborgs bok: Norske klædebunad. I dag vert den ikkje så mykje brukt. 

Ellers har skjorta den vanlege fasong med lasker under armane, og over rynkene på overarmen er det sydd ein 
kvitsaumsbord. 

Stakken 
At den gamle blå stakken vart nytta kvelden før bryllaupet kunne tyde på at den var brukt som jentebunad. Me har også via muntleg tradisjon frå fleire hald bevis for at den blå stakken har vorte nytta av ugifte jenter. Blant anna nytta ei gammal ugift kvinne på Asheim, Marie Johannesdotter Asheim, fødd 1839 og død 1912, ein blå stakk. Til denne nytta ho ei blå trøye med sølvknappar og raude kantingar på armane og ei blå hue av ull som også var kanta med raudt. 
Denne hua er gjeve som gave til Sogns Folkemuseum. 

Den grøne stakken var muligens tiltenkt konene, sidan brura andre dagen hadde grøn stakk. Stakken på min eigen bunad er sydd i grønt ullstoff, med raud kanting. På den raude kantinga er lagt to grøne ulltrådar som er sydd fast med kvite korssting. Altså dei motsatte fargane av livet. 
Borda på stakken er sydd i dragsaum med raud, grøn, gul og svart ulltråd (spelsaugarn). I den opprinnelege borda var det berre brukt raudt og grønt, men på den som no blir brukt har ein også nytta gult og svart for å live den litt opp. 
Kantinga skal vere like breid som borda, og borda skal plasserast slik på stakken at mellomrommet mellom bord og kanting vert like breidt som desse to. Stakken er lagt i upressa folder og der er satt på ein linning som vert sydd fast til livet. Før var stakkane lause og vart hengt fast på ein valk som var sydd på livet. Framme på stakken er det eit glatt stykke der forkleet skal vere, og skjult under det, i venstre side, er opninga. 

Beltet 
Konene brukar gullbelte, medan jentene brukar den same dragesaumborda som er på stakken til belte. Til min eigen bunad har eg eit anna belte sydd i korssting med same motiv som eg har på brystduken. Motivet har vore brukt på eit gammalt forkleband som kjem frå Lavik i Sogn. 

Forkleet 
Det forkleet som no vert brukt er det som Marta M. Asheim vevde etter det gamle forkleet til Berta Asheim, som før nemnt. Det vert vevd av spelsaugarn i smettevev. Bunnfargen er svart med border i kvitt, raudt og grønt. 
Det har vore diskutert om forkleet berre skal rekke ned til borda på stakken eller om det skal skjule den. I fylgje Marta M. Asheim må forkleet på den gamle stakken ha skjult borda fordi det på denne ikkje var bord lenger fram enn til det innsette stykke under forkleet. Men om ein vil la forkleet skjule borda eller ikkje får verte ein smaks sak. Sjølv har eg forkleet over borda, medan mor mi hadde den skjult. Dette avheng også av lengda på stakken. 

Brystduken 
Ein kan finne på hundrevis av gamle brystdukar rundt om på gardane. Dei er sydd både i korssting, dragsaum, klostersaum og applikasjon, og det er nesten ikkje to like av alle saman. Den brystduken eg sjølv brukar er sydd etter ein gamal brystduk i Brekke, men fargane er bytta om. Eg har no sydd ein ny i dei opprinnelege fargane. 

Trøya 
Den gamle opprinnelege trøya var sydd i raudt vadmel kanta med grønt. På den grøne kanten var sydd fast to raude ulltrådar med kvite korssting.(som på det no brukte livet). Den trøya som i dag er i bruk er ein nøyaktig kopi av den gamle, sydd i same raude ullstoffet som livet. 

Hovudplagget 
I 1920-30 åra kom alltid dei gamle konene til kyrkje iført svarthue. Omtrent på kvar einaste gard er der svarthuer som framleis er i bruk. Tradisjonen var at brura andre bryllaupsdagen skulle ha på seg svarthue når ho serverte rømmegrauten. Første preikesundag etter at dei var gifte måtte dei nygifte konene komme til kyrkja iført svarthue, og dei sat då på manns-sida i kyrkja saman med mannen, ellers var det ei kvinne og ei manns side. 
Ved barnedåp måtte dei som bar bornet alltid ha svarthue, og denne skikken er framleis i bruk. Svarthue var til kyrkjebruk, ellers brukte dei til kvardags kvithue, for etter at dei var gift måtte konene aldri gå utan noko på hovudet. 
Svarthua er sydd av svart silke eller silkebrokade og blir også kalt kjølhue. Den kvite er i same fasong, men sydd av lerret. I motsetnad til bunaden har svarthua aldri vore ute av bruk. Framme langs kanten er det sett på blonde og knytteband, og for å få fasong på hua, er det bak sett i snorer med forskjellige duskar. Ein kan bruke både svarte, grøne, raude gule o.s.v. Ovanfor duskane er det forskellige farga perlar. 
Medan konene skulle bruke svarthue til bunaden, skulle jentene bruke roggeband. Roggebandet er vevd i grindvev, og dei fleste jentene lærde å veve slike band. 
Då Klara Semb i 1925 var i Brekke traff ho Sigrid Wergeland som då var 93 år gammal. Ho gjekk bestandig med roggeband og Klara Semb lærte av henne korleis jentene i Brekke skulle rogge håret sitt. Den gong klypte dei ikkje håret og kunne rogge det, men no brukar dei tøyrullar til å rogge rundt. Rogginga av håret føregjekk slik: Først vart håret delt med midtskill framme og samla i nakken; midten av bandet vart vikla rundt håret som så vart delt i to like store delar som igjen vart delt i to. Bandet vart vikla om dei to hårduskane vekselvis som eit slags åttetall til alt håret var dekka. Dei to endane kryssa så kvarandre midt bak der det hang ned to korte endar med to duskar i kvar ende av roggebandet. 
Til bunaden blir også brukt raudt underskjørt, svarte strømper og sko og på livet blit brukt sølv eller gullborer. 

Kjelder: Ludvig Engesæter: Brekke Herred I og II. 
Brev frå Marta M. Asheim og Ragnhild Asheim Takle. 
Muntleg tradisjon fortalt av Synnøve Bøe 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal