Prost Dahl til minne
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 18.08.2002
Mange eldsjeler har gjennom fleire år kjempa for å
børste støvet av dei mange minna som prost Niels Griis Alstrup
Dahl har lagt att etter seg i Gulen. I dag fekk folket overrekt minnesmerket
over «Eivindvigens anden skaper».
Minnestøtta over prost Niels Griis Alstrup Dahl.
Foto: Scandion.
Alle som har kjempa for å få reist eit minnesmerke
over prost Dahl har fått løn for strevet. Minnesmerket har
fått ein sentral plassering i bygda, like ved den erverdige Herresalen,
Dahl sin bustad, truleg bygd i 1819.
Etter opptak frå Magnor Midtun har Eivindvik ungdomslag,
Gulen sokneråd og Gulen kommune v/kulturkontoret, stått bak
oppføringa av minnesmerket som er utforma av kunstnar Elisabeth
Steen på naturstein som er funnen i distriktet.
Det er reist med innsamla midlar og tilskot frå
verksemder og organisasjonar i og utanfor Gulen kommune. Arbeidet med innsamling
av midlar, framleiting av stein og ferdiggjering av merket har teke omlag
tre år opplyser leiaren i minnesmerkekomiteen, Magnor Midtun.
Største sponsorar:
BKK, Statoil A/S, Wergeland Holding A/S, Sogn og Fjordane
Sparebanklag, Sparebanken Sogn og Fjordane Gulen, Svaneapoteket, Skien,
v/Aase Falnes, Gulen Hestetrygdelag, P.R.Sandal A/S, Eivindvik Ungdomslag,
Scandinavian Delopment A/S, Oslo, Gulen kyrkjelege fellesråd, Gulen
Pensjonistlag, Felleskjøpet Vest, Johny Birkeland Transport A/S,
Peter Olav Midthun, Wergeland Elektro, Gulen sokneråd.
Magnor Midtun les sjølvskreven prolog over prost
Dahl. Foto: Scandion.
Prost Niels Griis Alstrup Dahl - Eivindvigens anden
skaper.
Han var prost, gardbrukar og stortingsmann, og ved sida
av dette var han ein føregangsmann når det gjalt utskiftingssaker,
helsestell og undervisning. Han ordna fattigstellet, han bygde hus, og
alle desse utgiftene gjekk av eiga lommebok.
I diktet -Til Eivindvig, skreiv Henrik Wergeland om Dahl
-Byd, du sjel ! Naturen taber, Eivindvigens anden Skaber triner under sin
Tropæ..
Ordførar Trude Brosvik held tale ved minnestøtta.
Foto: Scandion.
Mennesket Dahl
Dahl vart fødd på garden Fet i Kvinnherad
14. mars 1778. Han vart student med Laud ved Bergens Katedralskole 1796,
og teologisk kandidat med samme karakter ved universitetet i København
oktober 1800.
24. februar 1804 vart han utnemnt til res. kap. i Eivindvik
Pestegjeld, og 18. desember 1807 til sokneprest her. Han var prost i Ytre
Sogn frå 1823 til 1847.
Dahl var gift med Hylleborg Hertzberg, fødd 21.9.1766.
Dei hadde ikkje born.
Niels Griis Alstrup Dahl døydde i Eivindvik 4.
august 1852. Kona Hylleborg døydde i Eivindvik 25. mars 1848.
Magnor Midtun har avduka minnesmerket og får overrekt
blomster av ordførar
Trude Brosvik. Foto: Scandion.
Kva slags menneske var Dahl ?
To av dei som kanskje kan gje eit svar på dette
spørsmålet er Magnor Midtun frå Eivindvik og Aud Randal
frå Mjømna.
Magnor Midtun har gjennom mange år samla mykje
stoff om Dahl, og i heftet -Eivindvik før og no, har han med fleire
sider.
Aud Randal har Niels Griis Alstrup Dahl som emne i hovedoppgåva
i historie.
Randal og Midtun er einige om at Dahl var ein uvanleg
velmeinande og dyktig person, men samtidig kanskje litt stiv og formell.
Når vi ser på alt Dahl dreiv med og fekk ordna med, så
er det ikkje tvil om at han hadde litt av ein arbeidskapasitet. Attåt
å vera prost, var han gardbrukar og stortingsmann, og på toppen
av det heile så engasjerte han seg sterkt på områder
som helsestell, undervisning og fattigstell.
Blomster frå ordføraren til Halvor L. Brosvik,
Gulen sokneråd og Kari Øvstedal, Eivindvik Ungdomslag. Foto:
Scandion.
Dahl brukte rundhånda frå eigne midlar og
inntekter. Han betalte skulepengane for mange, han ordna med og betalte
for underhaldet til dei fattige, han betalte for vaksiner. Trass i ei stor
årsinntekt, døydde Dahl som ein fattig mann i 1852.
Aud Randal fortel at ho har lese protokollen etter auksjonen
etter Dahl, der alt frå sokkar og skor til husdyr og reiskap vart
selde. Etter at alt var selt, mangla det 3.000 kroner på at gjelda
var dekka.
Men når ein ser på dei, ikkje-handfaste, verdiane
som Dahl skapte, slik som skule- og helsestell, så kjem nok reknestykket
på pluss-sida likevel.
Kunstnaren Elisabeth Steen som har utforma minnestøtta.
Foto: Scandion.
Gardbrukaren Dahl
Då Dahl vart prest i Eivindvik prestegjeld var
det dårlege tider i landet vårt med uår og vanskelege
kår. Prestegarden han flytta til var i dårleg stand, men Dahl
tok straks til med dyrkningsarbeid. Etterkvart fekk han arbeidd prestegarden
fram til eit mønsterbruk både når det gjalt jord og
bygningar.
Dåverande biskop, Neumann, var svært imponert
over arbeidet som Dahl hadde lagt ned, og etter ei reise i Sogn og Sunnfjord
i 1823 skreiv han: -Denne mark var, om ikke megen Anstrengelse kom til,
aldeles tabt for Agerbruket. Men Dahl har trodset naturen.
Folk kosa seg med mat og drikke utanfor prost Dahl sin
heim. Foto: Scandion.
Dahl hadde ei stor årsinntekt, men desse pengane
fekk føter å gå på i og med at han måtte
betala alle utgifter til nydyrking og bygningar sjølv. Eit av minnesmerka
som står igjen etter Dahl er den solide og vakre steinmuren som han
fekk bygt rundt prestegarden. Muringa vart utført av folk frå
Midtun til ei betaling av kr 1,- pr. dag. Sikkert inga dårleg betaling
den gangen. I tillegg til det vanlege jordbruket gjorde Dahl prøvar
med planteslag som ikkje var vanleg på våre kantar, t.d. -lucerne.
I ei teljing som vart utført i 1848 er oppgjeve
at det då budde 36 personar på prestegarden, og at buskapen
var 4 hestar, 39 kyr, 167 sauer og 68 geiter. At Dahl sette stor pris på
garden og gardsbruket ser vi av fylgjande uttale frå preikestolen:
-Lykkelig er den som har rigedomme, lykkelig den som
har en god hustru, men tifold lykkelig den som har en bakke som vender
mot syd, hvori man kan sette poteter.
Foto: Scandion.
Stortingsmannen Dahl
Dahl møtte på Stortinget som representant
for Nordre Bergenhus Amt i 1814, samt åra 1828, 1829 og 1830. På
Stortinget var Dahl ein klok, grundig og uredd debatant.
På det -Første overordentlige Storthing,
som vart halde i oktober 1814, var han ein klar motstandar av sambandet
med Sverige, og han var mellom dei 5 som stemte imot unionen. I debattane
som fylgde i denne saka kunne han vera skarp i kanten når det var
trong for det.
I biskop Neumann si dagbok frå denne tida står
det at det kom til Personligheder mellom Dahl og Wedel-Jarlberg, og presidenten
-satte dem begge irette.
I ein tale som Dahl heldt på Stortinget 20. oktober
1814 gjorde han det klart at han fann det vanskeleg og gjere eid både
til Noreg og Sverige. Han stolte tydlegvis meir på den vanlege innbyggar
enn han gjorde på ein del av embetsmennene som møtte på
Stortinget, for uti talen seier han: -Endnu er Ed, som allanden Tro og
Love, ikke bleven en lettsindig Børneleg blandt Noregs vel mindre
oplyste, men maaske mere ærlige Klippe- og Dale-beboere. Vi ved det
jo alle, at Nutidens Sværgen og Ædsafleggelse nu til en Konge,
nu til en anden, er fremmed for vore ærlige Landsmænd.
Magnor Midtun les sjølvskreven prolog over prost
Dahl. Foto: Scandion.
AVDUKING AV MINNESMERKE
Prolog av Magnor Midtun
I 1804 kom Dahl her som ung kapellan,
vart sokneprest i 1807,
neppe nokon ofra som Hylleborg og han
i kommunen der dei valde og bu.
Han vart fødd 1778 i Kvinnherad,
I Finnås, frå 1766, ho sine barnesko trakkar,
for at dei kom hit er kvar guling glad,
- skjebnen me hjarteleg takkar !
Audmjuke, i vakkert sommarver,
står me på denne store dagen,
føler at Hylleborg og Niels med oss er
her i den gamle prestehagen.
Ved kveld dei ofte svala sinn og kvilte hender
her under lauvrike tre i fuglesang
mens beitande dyr frå liene si helsing sender
med takksamt mæle og bjølleklang.
Etter arbeidsdagen stri og lang
dei, mellom blomar, roa kan nyte,
faldar hendene i sine fang,
- ikkje med nokon vil dei byte.
Gleda over det spirande aks,
lukkelege folk i arbeid og bøn,
at frøa dei sådde grodde og vaks,
var dei så god ei løn.
I prestegarden var det eit yrande liv,
mange skulle ha mat og husrom,
embets-og tenestefolk, kontoristar som reknar og skriv,
studentar, reisande og talrike gjestar som kom.
Hylleborg hadde nok hendene fulle,
men i mas, kav og jag,
fekk ho alt til å gå som det skulle,
året rundt, kvar einaste dag.
Den innsatsen ho i heimen gjorde
gav Niels høve til fritt
å ofra seg for det kjende og store,
skapande samfunnsarbeidet sitt.
Han øvde sitt kall med kløkt og styrke,
synte også praktisk dugleik stor,
både i tillitsverv og preste- og prosteyrke
sette han mange gode, djupe spor.
Han lærde bønder dyrka si jord,
fekk dei på moderne landbruk tent,
hans innsats for drift og jordskifte var så stor
at han over heile landet blei akta og kjent.
Den steinfulle prestegarden vart
til åker og eng med topp avling,
som eit mønsterbruk stod han snart,
med nye hus og solid steingjerde omkring.
Dahl bygde trapper og brygge,
over Takledalen laga han veg,
slik at folk lett og trygge,
til kyrkje kunne koma seg.
Jordmor fekk han tilsett i 1827, i Sygnefest.
Dei mange dårlege bustadhus han ille lika,
i sin iver etter betre helse for folk flest
reiste han difor mønsterhuset i Fonnevika.
Som velgjerar og lækjar var han høgt akta,
folk frå heile Ytre Sogn til han gjekk,
det er utruleg kva han kunne, og makta,
her dei hjelp og lækjeråd fekk.
Han kjempa hardt mot spillsjuka,
betra fattigstellet, underviste og informerte,
smittekjelder bort han luka,
- helsetenesta han revolusjonerte.
I hans vidsveimte prestegjeld
vart alle vaksinerte mot koppar,
dette farangen i 1833 borte frå Gulen held,
- omkring låg det strødd med døde
kroppar.
Mot rusdrykken også tappert han stridde,
redda mang ein gard og grunn,
frå alkoholen sine lenker ut han fridde
mange til ein livsførsel god og sunn.
Stundom syntest hans midlar harde,
men etter kvart dei fleste såg
at gode resultat som ville vare,
det i hans løysingar låg.
Folkeopplysning var enno eit felt
der han ofra mykje pengar og arbeid,
lærarkurs han for ungdomar heldt,
eller kosta seminaropphald på dei.
Han ordna med fastskular i fleire lokale,
på Undertun det i 1835 skulehus kom,
Dahl måtte sjølv betale,
for «skolekassen» den var tom.
I 1829 fekk blioteket i Gulen sin start
ved at Dahl 134 av sine eigne bøker ga
til institusjonen som møtestad vart
for folk som bokleg kunnskap ville ha.
Så mykje kunnskap og visdom
Dahl og hans hjelparar til folket ytte
at då Ivar Åsen i 1843 på målgransking
kom
over arbeidet og fruktene svært han skrytte.
For soge og tradisjon hadde Dahl stor sans,
reiste i prestegjeldet mykje omkring
og samla ord og segner som i folket fans
om bygda og gamle Gulating.
Han var stortingsmann i fleire bolkar,
hausten 1814 er han krass i diskusjonen,
mot kongefellesskap han folkeviljen tolkar
og røystar difor imot svenskeunionen.
Som fyrste ordførar han kommunen styrde
frå formannskapslova kom til han i 1848,
som sjølskriven leiar og folkehyrde,
av helsegrunnar trekkja seg måtte.
I dette året han tunge stunder møtte,
miste si kjære Hylleborg,
ho var han så god og trufast ei støtte,
saknet var sårt, stor var hans sorg.
I hans slitne kropp fann viljen framleis rom
for tungt arbeid og strie reiser på land og sjø,
men 4.8.1852 han til eit møte ikkje kom
- i stolen hans fann dei han død.
Her skreiv du, gode Dahl,
mang ei eldfull preike,
her i din eigen Herresal
hjelpte du sjuke og veike.
Her såg du folket mang ein gang,
ved jordeferd, bryllup og til høgmesse,
under malmfull klokkeklang
i den fagre kyrkja seg sesse.
Her du for samfunnssaker brann,
kjempa mot det du tykte var gale,
fram med dine tankar du ofte vann
både i skrift og i tale.
I området her ved kyrkja,
på denne tradisjonsrike samlingsstad,
både i helg og yrka
lærdom, hjelp og trøyst du folket ga.
Her kom du heim etter reiser harde,
fekk kvile din trøytte fot,
Hylleborg si søtte og kjensler vare
gav ny styrke, varme og mot.
I ein arbeidsdag tyngre enn for dei fleste,
motbør de ofte fekk
og med i strevet til folket sitt beste
alle dykkar innkomer gjekk.
Men her de og kunne frukter nyte
ved gleda over eit samfunn i framgang,
det vanka og heider og medaljer, lovord fekk flyte,
som i Wergeland sin vakre hyldningssang.
For alt det verdfulle de fekk gjort
me i hyllesten også vil ta del,
det var eit livsverk så stort,
det prega samfunnsånd og folkesjel.
Med varm takk og kjensler sterke
her me Niels og Hylleborg æra vil
med eit velfortent, solid minnesmerke,
- her skal dei for alltid høyre til.
Her ved deira jordiske borg
ærbødige omkring me går,
ved minna etter Niels og Hylleborg
i takksemd me varsamt trår.
Måtte deira ånd sveva og rå
ved merket framover i all tid,
folk i ettertanke til staden gå,
her finna ro, fred og harmoni.
I dag me i glede og stor respekt
avdukar steinen som gåve frå oss alle
til heile den komande Gulen-slekt,
ta godt imot - la teppet falle !
|