Dingen tønne - og trevarefabrikk i Dingja
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 10.02.2001
I 1912 flytte finsnikkaren Johannes Iverson Steine til
Dingja med maskiner og anna utstyr frå Årdal og snikkarfabrikken
han hadde der. Etter å ha kjøpt opp eigedom og rettar i Dingja
etter Behrens & Kahrs, tok han til med etableringa av det som snart
skulle verta Dingen tønne- og trevarefabrikk.
Ved elva han no sat med retten til, bygde han også
ein kraftstasjon, som i tillegg til å forsyne fabrikken med kraft,
gav alle som budde i Dingja elektrisk straum - lenge før nokon annan
i Gulen hadde slik herlegdom.
Trevarefabrikken leverte serleg dører og vindauge,
og etter den store Bergensbrannen i 1916 gjekk arbeidet på spreng.
Steine selde i 1918 til Peder Strand som utvida og moderniserte og dreiv
godt i mange år med inntil 18 mann i arbeid, til konkurranse frå
nye verksemder gjorde slutt på verksemda i Dingja i 1963. Fabrikken
gav då plass for landhandel og postkontor. Landhandelen er ei livsnerve
i Dingja den dag i dag og fabrikkbygningen elles har fått nye bruksområde
som forsamlingsstad, kafé, overnatting og serviceanlegg for farande
både til lands og til sjøs. |