Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

    
Med farleg last på alle hav
Forfatter: Konrad Brandsdal
Publiseringsdato: 17.08.2003
 
Konrad Brandsdal (86) voks opp i Brandsdal i Gulen. I denne livssoga fortel han om liv og slit på garden langt utanfor allfarveg, og ikkje minst - om innsatsen under 2. verdskrig. 

Brandsdal ligg langt frå sjøen og var svært isolert då eg budde der. Det var korkje veg, straum eller telefon. Bygda er kransa av nokså høge fjell med unntak mot sør. I vest går ei lang fjellkjede heilt frå midten av Svardalsvatnet nordover mot Neverdalsbrekka. Det høgaste punktet kalla me Veten. Varden der er bygd litt etter litt av folk som gjennom åra gjekk dit opp. 


Eit foto teke av fjellgarden Brandsdal. 
I bakgrunnen ser ein Svardal. 

Frå Veten er det eit umåteleg fint utsyn. Mot vest ser me langt ut i Nordsjøen, nordover ser ein langt forbi Sognesjøen. Mot nord ligg også Store-fjellet, og i aust Klokkeidfjellet og Storeheia. Mot sør er dalen open. Der ligg det lange Svardalsvatnet med Svardal for andre enden. Vassdraget endar i sjøen sør for Fivelsdal. 

Brandsdal hadde på sitt beste fem bruk i aktiv drift. Det var i 1920-30-åra. Lengst i sør budde Kristoffer og huslyden hans. Så kjem bruket til Johannes. Dernest hovudbølet, som er bruk nr. 1. Dette bruket har hatt ein trist lagnad. 

Etter det eg kan sjå i Bygdebok for Gulen var den beste tida for bruket då Ola Øyvindsson ("Øyvind-Ola") dreiv det. Det var i tida 1841-75. Etter den tid var det tvangsauksjon på tvangsauksjon. Det vart ikkje drive etter 1928 då Hans Larsen reiste frå det. Då var bygningane til nedfalls. Våningshuset var truleg 300 år gamalt. Det var ein Leivestad i Lindås som eigde bruket. Leivestad var gift med svigersystra til Larsen, som så fekk driva bruket. Til sist vart det selt til Johannes. 
Så kjem bruket til Jon, han var bror til Johannes. Kristoffer var gift med systra til Johannes. Desse fire bruka ligg kransa kring eit idyllisk lite vatn. 


Denne båten vart boren frå Vikane ved Eidsfjorden over fjellet til Svardalsvatnet i år 1929. 
Frå høgre ser ein Jon Neverdal, Ole Brandsdal, Osvald og Konrad Brandsdal. 

Livstilhøva i Brandsdalen 
Det femte bruket ligg lengst mot nord, litt for seg sjølv. Det var til å byrja med ein plass under bruk nr. 1 og vart til dagleg kalla "Manen". Denne plassen var det far og mor som dreiv - Ole Johan Brandsdal og Ingeborg Malene Klausdatter Brandsdal. 

Her vart eg fødd i 1917. Mor mi døydde i 1929, og halvsystra mi Sofie og mannen hennar flytta då til oss for å stella huset for far og meg. Eg var då 12 år gamal, einaste barnet i andre ekteskapet til far. To år etter døydde far, og eg var foreldrelaus i ein alder av 14 år. 

Jon og Sofie kjøpte plassen som bureisingsbruk. og han fekk namnet Sollid. Det var berre 14-15 mål innmark, og noko av det var ikke dyrka. Med tilleggsjord vart bruket utvida til om lag 40 mål innmark. I desse åra var det gode dyrkingstilskot frå staten. Som bureisar fekk Jon dobbelt opp og sette i gang med nydyrking etter beste evne. Også på dei andre bruka vart det dyrka mykje ny jord. Reiskapen var spade, grev, spett og slegge. Måtte ein stein sprengast var det å slå på boren med feisel i mange timar. 

Alt som skulle til gards i Brandsdalen måtte berast på ryggen. Næraste stad for rutebåt, post. telefon og butikk var Dalsøyra. Rutebåten kom to gonger i veka. Det var som ein pust frå den store verda å koma dit og handla. For å koma dit måtte me gå tre- fire kilometer opptrakka veg, der etter over fjorden i båt. Og det gjekk ikkje i all slags ver. Me i Brandsdal hadde nausterett i Vikane, og eigde to naust og to båtar saman. Etter handleturen måtte varene berast i kipe opp den bratte Vikebrekka, over fjellet og ned i Brandsdalen. 


Fisketur på vatnet, og fin fisk har dei fanga. 

Det er ei reise til Dalsøyra eg ikkje gløymer. Det kom etter kvart mange born til verda i Brandsdal, Då var det å koma seg til Dalsøyra etter jordmor. Ho hadde alltid veska si ståande ferdig. Når ho såg nokon fossrodde over fjorden sto ho klar på bryggja når båten la til. Så skulle ein ny borgar koma, og Gunnar og eg - som då var konfirmerte - skulle reisa. Dei meinte vel me unge var lette på foten. 

Det gjekk snøgt å koma fram, men det gjekk ikkje så fort attende. Me torde ikkje skunda på eit menneske som kunne vore mor vår og dertil var jordmor. 

Det enda med at ho kom for seint. Ungen var komen med hjelp av nabokonene. Eg fekk bra med kjeft, og det fekk visst Gunnar og. 

Ved måtte berast til gards på ryggen. Skogteigane låg hovudsak kring nordre enden av Svardalsvatnet. Far hadde ein teig i Merkesbotnen. Namnet kjem vel av at grensa til Svardal går der. Ved og anna materiale vart teke ut om vinteren og frakta over isen til nordenden av vatnet som me kalla Øyra. Så bar me det på ryggen opp til vatnet ved gardane, drog det over vatnet på isen og vidare på ryggen heim. Det same gjorde dei på dei andre bruka, med unntak av siste bereøkta. Far hadde også ein teig på nordsida av Malitjønna. Derfrå var det langdryg veg med vedbøra. 

Me tok også torv til oppvarming om vinteren. Veden var mest til opptenning. Til å koka brukte me lyng; rivelyng kallast det. Den var storvaksen i motsetnad til smålyng som me skar til beista. Også torva måtte på ryggen. 

Det var ingen furuskog kring gardane i Brandsdalen, men når me tok torv vitna stubbar og røter, ja tilmed lange stokkar, om at det hadde vore furuskog. Alt var friskt i veden. Stubbar sto det også over alt i marka. Det gjekk ei segn i min barndom om opphavet til namnet Brandsdal. Ein tjørebrennar dreiv på der for folk vart bufaste. Han kjende seg einsam, og ein dag fekk han sjå røyk frå andre enden av Svardalsvatnet. Han laga røyksignal og fekk svar på det. Difor vart namna Brandsdal og Svardal. 

Om hausten sette oppsitjarane på for mange dyr. Dei måtte vel det for å leva. Såleis vart det alltid knapt med for om våren. For å bøta på dette var det å fara opp etter liene og skjera smålyng. Dette gjekk føre seg heile vinteren så sant det var snøfritt. Om hausten drog dei i utmarka og slo alle grøne flekkar. Alt måtte på ryggen. Om våren vart all gjødsel boren ut i kipe på åker og eng. Høy, korn og poteter inn att på same vis om hausten. Var det så rart at ein ungdom i 1930-åra ville bort frå dette? Seinare letta Johannes noko på slitet med å kjøpa hest. Dei siste åra Jon på Sollid dreiv garden fekk han seg ein liten traktor. 

Til Bergen gjekk turen med Fylkesbaatane frå Dalsøyra. Som regel skulle båten innom gulafjordane og til Eivindvik. Der var det korrespondanse, og den kunne ta opp til ein time. Det var ofte tre båtar ved sida av kvarandre. Me kunne også gjera båtreisa kortare med å gå til Fivelsdal, men då måtte me gå halvannan time langs Svardalsvatnet. Då me fekk robåt i vatnet vart det lettare å koma seg den vegen. 

Sjølv om dalen var avsides og avstengd hadde me det godt. Eg kan ikkje hugsa at eg svalt. Maten var stort sett den same kvar dag: poteter og spekesild, saltfisk, tørrfisk og nubbesild. Konene laga grove brød og gjærkaker. Somme tider laga mor natronkaker, men dei lika eg ikkje. Ein sjeldan gong kom far med eit langebrød frå Dalsøyra, og då vart det fest. 

Me borna leika saman på beste måte. Innimellom måtte me hjelpa til med arbeidet. Dei vaksne gjekk til kvarandre, helst sundag ettermiddag. Då vart det kaffi og skiver eller pannekaker på bordet, og praten gjekk om laust og fast. Kom det uventa framande vart det sett fram rommekolle med ost og sukker til. Eg var sers glad når nokon kom på vitjing, for då var det noko godt å smaka etter dei var farne. 

Gunnar, son til Johannes, og eg var på same alder, og me gjekk på skule i Vikane. I vår tid var skulen i bestestova hans Jakob Larsson. Skulehuset, som står framleis, vart teke i bruk året etter me vart konfirmerte. Både hjå Johannes og Kristoffer var det mange born, og etter kvart som åra gjekk vart det fleire og fleire som traska den tre-fire kilometer lange vegen til Vikane. Om vinteren var det ofte slik at vaksne måtte vera med og brøyta gangveg for oss. Rauk det opp til snøstorm om dagen måtte dei vaksne koma inn på Vikebrekka og hjelpa oss heim. 

Ein gong Johannes var på Dalsøyra og handla, vart det eit svært snøfall medan han var borte. På veg over fjellet bar han ei kipe full av matvarer, og i handa hadde han ei 5-liters oljekanne. Halvveges over fjellet vart det så tungt at han måtte grava oljekanna ned i ei snøfonn ved ein stor stein. Likevel sleit han hardt for å koma seg heim. 

Det sosiale samkvem med folk utanom Brandsdal var turane til Dalsøyra og ein og annan sundag til kyrkje i Eivindvik. Ingen reiste nokon stad utan ærend. 

Etter at Gunnar og eg var konfirmerte kom hugen til å sjå seg om utafor dalen. På Dalsøyra var det ungdomslag. Dei hadde møte sundag ettermiddag i skulehuset på Lihaug. Det var ikkje så ofte me fekk reisa dit. Om vinteren var det ruskut, og foreldre og førsette var vel redde for oss og båten. 

Både Gunnar og eg vart med i godtemplarlosjen "Me vil". Losjen var skipa på Dalsøyra i 1934, og det var Benjamin Bjørklund som var drivkrafta for skipinga. Han hadde mange interesser, mellom dei var fråhaldssak og fredssak. Osvald, son til Kristoffer, vart med oss i losjen då han vart gamal nok. At eg var med i losjen på Dalsøyra, og seinare i Fana og Florø, har eg aldri angra på. Det gav meg stor moralsk støtte etter eg kom ut i verda. 

Løna arbeid var det smått med då eg var ung, serleg i Brandsdal. Litt vegarbeid kunne det slumpa til. Elles dreiv mannfolka litt med å skyta ut brunnar og husgrunnar. Dette var vinterarbeid, for då var det lite å gjera heime på garden. Dei overlet til kona å stella ungar og dyr. Å tena ein femtilapp ekstra var til stor hjelp. 

Når matvarer skulle kjøpast tok dei med seg ein ambar heimelaga smør, frå 2 til 5 kilo. Prisen kunne ymsa frå kr. 1,20 til 2,00. Når ein då skulle kjøpa mat til ein stor huslyd vart ein alltid litt i skuld til handelsmannen. Dette auka på til hausten. Då vart det sendt ein gris eller okse til byen. Når så posttilvisinga kom var det å gå rett til handelsmannen med pengane. Det var difor ikkje så ofte ein gardbrukar på den tida hadde pengar liggande. 

Ut for å tene pengar 
Desse vintrane hadde me rike innsig av storsild. Men fisket gjekk for det meste føre seg med landnot, og det var ikkje alle notlag som var heldige. Eg var med eit lag frå Hausevik året etter konfirmasjonen. Den vinteren vart det ikkje eitt øre i forteneste. Neste vinter var eg heldigare og sat att med kr. 32,50. 

Tre somrar var eg gardsdreng i Dalsbygda. Det var ikkje mykje å tena, men krava var heller ikkje så store. Mellom desse tilfeldige arbeida hjelpte eg Jon på garden, Men etter kvart fekk eg gardsarbeidet langt opp i halsen - det var berre slit utan at eg tykte eg fekk noko att for det. 

I 1933 vart det sett i gang vegarbeid Brandsdal - Vikane, og det var ein utveg til å skaffa seg nokre kroner. Mykje av vegarbeidet den gongen var naudsarbeid. Eg trur dagløna var om lag 4 kroner. Men karane dreiv på akkord og kunne då pressa løna opp med ein 50-øring. Vegen til Brandsdal var ikkje naudarbeid, eg trur det var ei ekstraløyving frå staten til gardsvegar. Dagløna var i alle høve berre kr. 1,50. Så løyvde kommunen ei krone ekstra som sin del av kostnaden. 

Det var ingen som trudde at andre enn oppsitjarane i Brandsdal og Vikane ville arbeida på vegen. Dei hadde då eigenbate av han. Men då arbeidet kom i gang synte det seg at ungdom frå bygder og grender kringom søkte arbeid. Det vart berre 8 kroner dei reiste heim med kvar fjortande dag. 

Ein mann utafor Brandsdal - eg trur han var frå Grinde - eigde ein skogteig på vestsida av Svardalsvatnet. Teigen strekte seg frå vatnet og til toppen av fjellet. Her vaks det mest berre stor, fin bjørkeskog. Johannes og Kristoffer kjøpte teigen saman, og tok til å hogga famneved. Veden vart lagra ved stranda. Om våren, når han var godt turr (hadde fått "vårhæsa", som me sa), fløytte me han over vatnet. Det vart laga ein stor ring av tømmerstokkar som vart bundne saman. Rynje, kalla me det. Oppi denne vart veden kasta. Så sette me eit langt tau i rynja og rodde tauet til eit nes i vatnet som me rakk i. Der sette me tauet kring ei furu og hala og sleit. Når rynja var komen nesten opp under neset var det å hoppa i båten og ro over til eit nes på andre sida. Det var om å gjera at rynja var i sig heile tida. Slik gjekk det, nes for nes, til me var i Svardalen. Der sleppte me veden ned gjennom elva til Langevatnet. Der låg ei ny rynje som tok i mot veden. Slik gjekk det heilt til sjøen. Der vart veden teken opp og seld. Tømmeret vart saga til bord og plank. 


Konrad Brandsdal mønstra tidleg på i utanriksfart. Her med båten M/S "Troma" av Bergen år 1939.

Eg hadde ei stund hatt dragning til sjøen. Det var Hans i Vikane som sette meg på tanken. Når han kom heim etter tre-fire år ute fortalde han soger frå livet til sjøs som sette sansane til ein unggut i kok. 

Hausten 1936 kasta eg laus og reiste til Bergen for å søkja hyre, men der var ikkje noko å få. 

Eg vart snart pengelens og måtte bita i det sure eplet og ta meg ein drengepost på Rå i Fana. Husbonden var berre tre-fire år eldre enn meg, så me arbeidde godt saman. 

Men sjøen drog framleis, og etter eit år fekk eg plass på Fylkesfiskarskulen i Florø. Den vinteren var ei fin tid i eit fint skulemiljø. Men då eg kom til Bergen våren 1937 syntest det vera like vanskeleg å få hyre. Eg stempla på arbeidskontoret og rasa rundt på alle reiarkontor. Det hende eg vart kasta ut fordi eg gjekk inn trass i at det sto lapp på døra om "Ingen ledig hyre". Dei trudde sjølvsagt eg ikkje kunne lesa, og slike folk var dei lite tente med ombord. Endeleg fekk eg hyre på Mowinckels S/S "Rygja". Med denne båten bar det så over til Canada, og sidan gjekk ferda til mange land og hamner. Eg lika sjølivet godt, og det hadde vel vorte livsyrket om ikkje andre ting hadde kome i vegen. 


Eit glimt frå Rio de Janeiro der sukkertoppen og eit luftskip er sterke inntrykk. 
Byen var eit viktig knutepunkt for handelsflåten. 
Konrad Brandsdal var her under karnevalet i februar 1938. 

Norske skip på alle hav i krigsåra 1940—45 
1. september 1939 var eg om bord i M/S "Troma" av Bergen. Me var på veg frå Sør-Amerika til Bergen. Det hadde vore ein 
fin tur, og me var innom Tenerife for å bunkra. 

Radioen hadde ikkje særleg gode meldingar. Verda sto på kanten av stupet. Me om bord levde i den naive vona at det var råd å sleppa krigen. Alle trudde at Noreg ville koma til å stå utafor. 

Det var berre ein pessimist om bord, eller realist, og han fekk rett. Det braka laus, og om bord sa dei fleste seg opp. Eg var ein av dei. 

Nokre få dagar etter krigsutbrotet passerte me Biscayabukta der det var mengder av vrakgods og livbåtar. Det såg ut som om ein eller fleire båtar var søkkte. Me kryssa rundt for å sjå etter overlevande, men vonleg var dei berga for me kom fram. Båten vår hadde alt fått nøytralitetsmerke, men me kjende oss ikkje trygge. 

Me som hadde sagt oss opp gjekk i land i Bergen. Eg tenkte å slå meg til ro heime, men fann meg ikkje til rette. Etter ein månad mønstra eg ut med M/S "Taranger". Me var 13 mann som reiste ned til Rotterdam for å gå ombord. No gjekk det seks år før og sette foten på norsk jord att. Det vart konvoifart over Atlanteren med krigsmateriell. Fly og ubåtar gjekk stadig til åtak. Båtar gjekk ned. Sjølve åtaka var ei stor påkjenning, men også vissa om at ubåtane var der under havflata var ei stor påkjenning som sleit på helsa. 

Om morgonen 9. april 1940 var me nett komne ut frå Det karibiske hav og skulle til Rotterdam og Antwerpen. Det kom som eit sjokk at Noreg var invadert. Mannskapet vart samansveist - fredsvener og militærnektarar så vel som karar med andre syn. 
Eg for min del hadde nekta militærtenesta og hadde søkt sivilarbeid, men eg er redd for militærnektaren i meg "hoppa" overbord i denne stunda. Han har aldri synt seg meir. 

Det var semje om å gå til engelsk hamn. Nøytralitetsmerka vart måla over og flagget teke ned. Det gav ikkje lenger vern. Etter ei vekes tid kom ein stor engelsk hjelpekryssar mot oss. Me fekk ordre om å stogga, og kanonene vart retta mot oss. Etter å ha sjekka alle data gav kryssaren ordre om den nye kursen vår. Etter ei vekes tid nådde me att ein liten konvoi og hengde oss på etter ordre. 28. april ankra me opp på hamna i Falmouth, som var konvoihamn. 

Ammunisjon til kanonstillinga på akterdekket. Det var lite til forsvar mot ubåtane. Konrad Brandsdal til høgre. 

Med livbåt i Atlanteren etter torpedering

Også «Taranger» vart torpedert. Jon Rustung Hegland har fortalt om hendinga i sine bøker om Nortraships flåte, og eg trur det er best å ta med eit utdrag av den offisielle rapporten som styrmennene skreiv etter forliset. Den dekkjer hendinga mykje betre enn om det vert skrive med mine ord: 

"M/S «Taranger», kaptein Sverre Solberg, kom opp i en situasjon som kanskje kunne vært mestret om skipet hadde vært bestykket med en kanon akterut. Skipet avgikk Liverpool den 28. april alene i ballast for Vancouver. 

Britiske fly holdt øye med skipet og farvannet rundt det i de første dagene, og dette viste seg nødvendig. Den 30. april, da "Taranger" befant seg 8 grader W, signaliserte skipet til eskorteflyet at det så en ubåt i nordlig retning omtrent 10 n. mil av. Flyet reagerte straks, fant ubåten og slapp en serie bomber over den idet den styrtdykket. Femten minutter senere observerte flyet en oljeflekk på havet der ubåten hadde dykket, men det er nå på det rene at den ikke ble alvorlig skadd. 

"Taranger" fortsatte på vestlig kurs og var den 2. mai om kvelden nådd ut til 6107 N og 2020W. Det var overskyet. svak østlig vind og meget sjø. kl. 23,25 ble freden plutselig brudt av kanonild aktenfra og mitraljøsekuler slo inn i broen. Vakten slo straks alarm, motoren ble forsert til det ytterste, rormannen styrte siksak, og to røkflåter ble sluppet ut. Ubåten halte stadig nærmere, og røyken var til ingen nytte. 

Kanonilden ble mer intens, en granat detonerte i akterskipet om babord, en annen gikk gjennom byssen og sprang mot maskinskottet. Man så nå tydelig ubåten for full fart i overvannsstilling, og da kaptein Solberg ikke hadde annet å forsvare seg med enn to Hotchkiss maskingeværer, slo han stopp i maskinen kl. 23.45 og beordret mannskapet til båtene mens telegrafisten sendte ut nødsignal. Beskytningen fortsatte. Broen ble skutt ned, men babord båt kom fra borde med 16 mann. Ved styrbord båt ble kaptein Solberg drept og tre mann såret, den ene slik at han ikke var istand til å fire seg ned i båten, men måtte hoppe i sjøen, der båten fisket ham opp. Ubåten styrte nå opp mellom de to livbåtene og sendte først en torpedo inn i midtskipet om babord, deretter en til. "Taranger" brakk midtskips og gikk ned kl. 00.20. Ubåten - U 95, sjef Scheiber - forsøkte ikke å borde skipet for å sikre seg konfidensielle dokumenter, men forsvant i mørket. 

I land var nødsignalet fra "Taranger" oppfattet. Jageren "Echo" ble straks beordret til unnsetning og nådde den oppgitte posisjon vel fire timer senere. I åtte timer søkte den rundt uten å se spor etter "Taranger" og måtte til slutt sette kurs for Island på grunn av bunkers-beholdningen. Feilen var nok den at posisjonsgruppen i nødsignalet var blitt oppfattet 2530 W istedetfor 2020 W. Ved daggry satte livbåtene seil og kurs for Island, men kom fra hverandre i løpet av dagen, Den ene ble observert av korvetten "Begonia" kl. 04.00 den 4. mai, overført til jageren "Wolverine" og landsatt i Reykjavik den 10. Den andre båten ble tatt opp av M/S "Sigurfard" og landsatt i Akranes den 5. mai." 

Til dette som Rustung Hegland fortel skal eg få leggja til at me fekk montert kanonplattform akterut då me var i Vancouver og gjekk med den i mange månader utan at me fekk sett på kanon. Difor fekk ubåten overtaket på oss. 

Eg var mellom dei som vart tekne opp av "Sigurfard". Me vart svært godt mottekne om bord. Mannskapet lånte oss tørre klede så langt det rakk. Dette var ein fiskebåt. Eg gløymer ikkje når kokken snudde silda i steikepanna medan han vrengde sokkane sine av seg for å gje meg noko tørt på føtene. Sild har aldri smakt så godt som den dagen. 

Etter ei tid var det ut med ny båt.. 

Å gå med flybensin som last gjennom ubåtflokkane var ei nerveslitande oppleving. Eg var med M/T "Grena" nokre turar med slik last. I ein konvoi såg eg ein gong eit ammunisjonsskip som sprang i lufta etter eit flyåtak. Krigsskipseskorten og alle båtane sette opp ein svær sperreeld mot flya. Dermed hagla det med granatsplintar og deler på båtane. Det var ei av dei fælslege opplevingane me måtte gjennom. 

Når me kom til England etter turar over Atlanteren var det eit syrgjeleg syn som møtte oss i form av ruinar etter bombingane. 
Eg fekk godt kjennskap til korleis ein engelsk familie levde under krigen, då eg hadde hybel i utkanten av Liverpool. Eg budde hjå ei enkje med to vaksne born, son og dotter. Eg vart teken vare på som var eg heime, Mat var strengt rasjonert, men eg hadde inntrykk av at eg fekk av deira rasjonar og. 

Ein gong eg kom til Liverpool skulle eg opp på kontoret til sjømannsforbundet. Staden dei hadde vore var bomha, og eg fann dei i ein svær sal ein annan stad. Folka i Sjømannsforbundet sat ved to pultar midt på golvet. I eitt hjørne var konsulatet, i eit anna Nortraship. 

8. mai 1945, då freden kom til Noreg, gjekk eg i New York og venta på å verta innlagd på sjukehus. Eg fekk eit stygt slag i ryggen under torpedering og måtte opererast for å få vølt skaden. 

Eg hadde ei tante og ein onkel i Minneapolis - Jakobine og Kristian Birknes - og fekk høve til å vitja dei. Onkel var frå Byrknes, og medan eg var der vart eg beden heim til mange norske. Eg hadde uniform med "Norway" på ermet, og eg vart støtt tilsnakka på gata; "Hello, du norske". 

Onkel vart pensjonert frå arbeidet på jernbana før krigen, no hadde han teke eit lett arbeid på ein fabrikk for krigsutstyr. Ville eg vera med dit skulle eg få sjå ein vaskeekte indianar. Han tok meg inn i ein kjempestor sal. Der var indianaren, men der var og nesten hundre unge jenter. Då eg kom inn døra plystra dei i kor. Det var ikkje greitt - gutane deira låg ved fronten i Europa. 

Livet til sjøs var ikke så romantisk som ein unggut hadde tenkt seg. Det var mange harde tørnar, og overtid betalt med ei krone timen sjølv midt på natta. På ein tur med "Rygja" over Atlanteren skulle eg løysa av på brua kl. 12. Det var storm. Eg sto i akterkant av midtskipsbygningen og venta på at det skulle verta "slått glass". Det var ein open gang attmed rekka som eg måtte gjennom. Under eit lite opphald mellom brottsjøane sprang eg til. Med det same eg kom til forkanten la skuta seg over og havet kom inn. Eg vart teken med og førd akterover, og då skuta letta og sjøen raste ut låg eg kring ein pollert på akterdekket. 
Eg kom til lugaren og fekk skifta og gjekk på vakt. Men eg vart teken av vakt seinare fordi og fekk slik svær verk i handa, og måtte liggja til sengs i mange dagar. Det synte seg seinare at det var eit brot. 

Men havet kunne liggja blankt som ein spegel, og i tropane kunne det vera retteleg fint. Ein som ikkje vara seg mot sola måtte sova på magen ei heil veke. Styrmannen smurde brannsalve på og sa: "Ja, der ser du, no kan du ha det så godt!" Det var inga kjære mor der i garden. 

Møtet med Rio de Janeiro var ei stor oppleving. Eg fekk tømmermannen med meg på "Sukkertoppen". Dit gjekk det ei taubane, delt i to trekk. Ein fin tur. 

Med "Rygja" gjekk me rundt heile Sør-Amerika. Frå Magellansundet og nordover er kysten om lag som norskekysten. På denne reisa hadde eg ei interessant oppleving. Det synte seg at losen var ein utvandra nordmann. Den tida han var om bord var det moro å stå til rors. Han fortalde mykje om landet og folket. Mellom anna fortalde han om indianarane som budde på Eldlandet og på fastlandet. Styresmaktene tykte synd i dei og samla dei i eit reservat og bygde små hus til dei. Men så gjorde dei den feilen at dei fekk dei til å vaska seg, og då døydde svært mange av lungebrann. Me passerte eit indianarsamfunn, og dei kom ut i kanoar. Gamlekarane om bord hjå oss hadde laga til spann som dei festa til plankestubbar og kasta ut til dei. 

Eg og dei andre unggutane om bord hadde rett som det var språkvanskar i land. Den norske uttalen av "jam" (syltetøy) skjøna dei ikkje. Så var det å peika. I Montevideo skulle me på kino og spurde oss føre på engelsk. Men der snakka dei berre spansk. Så sa kameraten min på norsk at han tykte det var merkeleg at mannen ikkje skjøna kva kino var. Men då skjøna mannen det! 

I Osaka i Japan hadde eg vore på land og stilte meg i drosjekø for å koma attende til båten. Men drosjesjåføren skjøna meg ikkje og viste meg ut av bilen. Ein engelskmann tok meg med i drosjen til hotellet der han budde, og der klara dei opp med sjåføren, som tok meg med på leiting fleire stader i hamna. Ungguten frå Noreg vart glad då han til sist oppdaga det kjære norske flagget. 

På turen til Japan den gongen hadde me litt av ei dramatisk oppleving. Me gjekk ut frå Seattle første juledag med skrapjarn i rommet. Etter nokre dagar fekk me storm frå akter. Båten var vanskeleg i sjøen med denne lasta. Me høyrde store lokomotivakslingar og maskindeler skramla i rommet. Til sist fann kapteinen ut det var best å snu og !eggja seg på veret. Slik låg me tre-fire døger. Då spakna det litt, men bylgjene gjekk like høge. Kapteinen gav ordre om å snu. Eg sto ved roret. 

Operasjonen ville føra til at me i nokre minuttar ville koma til å liggja på tvers av vind og dønning. Og desse minuttane var mest liv eller død for oss. I rommet raste maskindelene hit og dit. Samla det seg for mykje på ei side ville båten få slagside og ikkje koma opp att. Kapteinen beit tennene saman og heldt i brukanten så knokane kvitna. Eg var ikkje høg i hatten eg heller. 
Endeleg seig ho inn på kurs og eg kunne letta på roret. Då eg kom akter etter avløysing spurde karane om me var vortne spinnande galne oppe på brua. Dei hadde teke fram livbelta i tilfelle forlis. 

Me var tre døger etter skjemaet, så kapteinen gjorde nok denne manøveren under tidspress. Mange år seinare sa ein kaptein til meg at det er nyttelaust å koma i hamn mange døger for seint og fortelja at du har lege på veret, Då får du høyra at skal du driva med slikt får du finna deg ein annan båt. 


Eit gedigent tre som står i nærleiken av Seattle i USA. På søndagstur. Konrad Brandsdal nummer to frå høgre. 

Mange eventyrlege opplevingar i USA 

Eg skal ta med ei hending til, for den har med Gulen å gjera. Ein fin sundags morgon kom me inn til Everett nord for Seattle. 
Me var fire karar som gjekk i land. Byen var merkeleg still og utan folk i gatene. Me gjekk difor inn på ein kafe og fekk oss 
kaffi og smultringar. Dei amerikanske smultringane er så gode at det finst ikkje maken. 

Det var eit norsk-amerikansk ektepar som eigde kafeen. Me fekk då veta at Sønner av Norge hadde ei stemne langt inne i ein skog. Der var nesten heile byen samla. 

Kafe- eigarane fekk tak i ein kjenning som køyrde oss dit mot betaling. Etter ti minuttar på stemnestaden var det mange som ville ta seg av oss og syta for at me kom attende til båten om kvelden. Me fekk det særs hyggeleg der. 

Om kvelden var det tilstelling i klubbhuset, og då vart me kalla fram på scena for å presentera oss. Eg sa eg var frå Gulen. 
Etterpå kom ei litt eldre dame bort til meg og sa ho var frå Nordgulen. Ho heitte Lovise. Eg fekk adressa hennar i Seattle, der eg ved eit seinare høve vitja henne. Ho var enkje, men då mannen levde, budde dei i Alaska. Ho hadde ein god ven som tok oss med på ein lang tur til Tacoma. Der vitja me ein som var frå Grinde. Han dreiv ein skomakarverkstad. Kona hans var frå Bergen og snakka feilfritt bergensk. 

Eg må hoppa over mange år for å koma til poenget. Våren 1945 då eg venta på å koma inn på sjukehus, gjekk eg ein dag inn i ein butikk i Brooklyn. Eigaren var norsk. Ein mann som sto like ved fylgde nøye med i samtalen. Han fylgde etter då eg gjekk ut. Utafor spurde han meg: "Du snakkar ein slags Vestlands-dialekt, kor er du frå?" Eg sa det, og det synte seg at han var frå Nordgulen. Så vart det kafe og smultringar. Etter ei stund sa eg at dette var eit merkeleg treff. Og eg fortalde om dama i Seattle. "Kva heiter ho?" spurde han. Eg sa det. "Men det er då systra mi du snakkar om." sa han. 

Mannen heitte Iver Thorsen og var med i leiinga for Sønner av Norge i Brokklyn. Eg hadde god kontakt med han resten av den tida eg var i land i USA. Då eg reiste heim til Noreg hadde eg med ein stor sjøsekk med klede til familien hans. På Skoltegrunnskaien vart eg teken mot av bror til Thorsen, Andreas Nordgulen. 

La oss ta ein snartur attende til Everett. Mannen som tok meg attende til båten frå stemna i skogen den kvelden heitte Jens Jensen og var frå Fredrikstad. Då me kom attende møtte han på kaien og tok oss med på turar til mange norske familiar. Eg hadde kontakt med han nokre år etter krigen. Ein amerikanar eg har kontakt med i Everett no kan fortelja at son til Jensen monterte kjøkenet til mor hans. Verda er ikkje så stor. 

Midt i november 1945 kom eg heim med Stavangerfjord. Fram til 1950 arbeidde eg med den administrative avviklinga av den avdelinga eg hadde høyrt til, og elles ymse anna. Me skulle få marinen over på det dei kalla fredsfot. Eg fekk så stilling i tolletaten, der eg slutta av helsegrunnar då eg var 64 år. Krigen hadde sett sine merke. 

Etterskrift 

Brandsdal ligg som før mellom fjella. Men det er inga gardsdrift og det er tvilsamt om det vil verta noko. Dei gamle karane som er nemnde i førstninga er alle døde. Skal det verta vidare drift må fleire gardar slåast saman og drivast med moderne reiskap. 

For tida (1985) er det berre ei av døtrene til Johannes som bur fast i Brandsdalen. Dalen er vorte eit ferieparadis for utflytte søner og døtre av bygda. Min fødestad er på framande hender som feriestad. 

Då eg reiste til Brandsdal etter krigen tok eg turar langs stiar i skog og mark. Eg helsa på steinar der me kvilde med vedbørene eller mjølsekken frå Vikane. Alt er mest som før. Det einaste moderne er at det i 1950-åra kom elektrisk straum og telefon. 

Det er litt trist å tenkja på at alt det desse strevsame menneska fekk dyrka opp og vyrdsla no gror over med lauvskog. Slik er diverre utviklinga for mange gardar på Vestlandet. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal