Glavær i ytre Gulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 31.05.2004
Glavær - var frå gamalt av stasjon for jektene
som sigla på fjordane og kysten heilt opp til Nordland. I Glavær
var det god hamn i all slags ver. Enno er det merke etter festeboltane
på nes og berg på hamna der. Denne historia er fortalt til
Ingolf Austgulen av Håkon Søreide og står å lese
i heftet "Mjømna og øyane (2002)
GLAVÆR I YTRE GULEN - GODT KJEND FRÅ JEKTETIDA
- DER DEl GJENNOM UMINNELEGE TIDER HAR SØKT HAMN OG VENTA PÅ
GOD BØR OG HØVELEG VER.
På 1800-talet var det både handel og brennevinsutsal,
tilmed overnattingsplass i Glaværa.
Den gamle gjestgjevarstaden og skjenkestova er proppfull
av lokalhistorie.
Staden fekk handelsløyve heilt tilbake i 1760.
Men først og fremst var Glavær ein stad der jektene låg
og venta på bør den gong vinden var drivkraft for båtane.
Den vesle øya Glavær ligg strategisk plassert mellom Hille
og Hisarøy ved innseglinga til Sognefjorden. Glavær har og
andre minne knytt til seg. Det er ein gammal tingstad. og mange av dei
første heradstyremøta i Gulen og Solund som då var
ein kommune, gjekk føre seg i stova på gjestgjevarstaden frå
1837, då lokaldemokratiet vart innført her i landet. Glavær
har og tradisjonar som landhandel frå førre hundreåret,
Sognejekter på Bergen hamn omkring 1920. Jekta
til Lasse Søreide "Alværa" ligg ytterst i rekkja.
Fraktefart med sognejekt
Håkon Søreide var seks år då
foreldra hans flytta frå Søreide til Kyrkjeøy i Rutledal.
Det var i 1919. Faren, Lasse, eigde sognejekta “Alværa”, ei prektig
skute som gjekk i fraktfart mellom Sogn og Bergen. Han eigde og jakta “Vega”
som han brukte i sildesalting på Nordland. Denne jakta var ei av
dei første med motor; ein 22 hk Bolinder.
Ein annan kar, Johan Søreide i Sygnefest, hadde
jakta “Brødr. Klævoll”. Det fylgde stor spenning med fraktfarten
den gongen. Dei fleste skutene hadde berre segl, og ein god tur var avhengig
av god bør. Lasta var av ulikt slag. Somme tider var det ved, andre
gonger var det kol, eller det som baud seg.
Sjøen var ein viktig arbeidsplass
Kollastene var noko av det minst trivelege. Lossinga
gjekk med handspel. Skyflinga i romet var heller ikkje noko arbeid for
late menn.
- Det hende me vart liggande i Glavær i Ytre Gulen
fleire dagar, opp til ei veke. Der kunne det vera sju-åtte jekter
på same tid som alle venta på rette vinden. Dei som skulle
inn Sognefjorden venta på nord- eller vestavinden, og dei som skulle
til Sunnfjord eller Nordfjord måtta ha sunnavind i segla.
Glaværa - som me seier - var frå gamalt av
stasjon for jektene som sigla på fjordane og kysten heilt opp til
Nordland. I Glavær var det god hamn i all slags ver. Enno er det
merke etter festeboltane på nes og berg på hamna der. I førre
århundret var det både handel og brennevinsutsal, tilmed overnattingsplass
i Glavær.
Tidtrøyta i ventetida kunne vera så mangt.
Dei fleste hadde garn med og drog fin fisk tidleg på morgonen. Ofte
vart det større fangst enn ein vann eta opp under landlega. Me nytta
ventetida vel, og Knut i Glaværa som budde der på den tid hadde
i alle høve godt selskap i oss. Sognejektene møttest ofte
på byturane eller i Glavær. Det var skutenamn som “Ortna”,
“Brekka”, “lvina” og “Dronninga”.
Ikkje lett å ankre
Noko som verkeleg var ein styrkeprøve for ein
ungdom på 15-16 år var ankring i vindstilla. Straumen var ofte
sterk, og me kunne vera eit godt stykke frå land. Det var særs
viktig å kunne skjøna seg på veret, å rekna seg
til framdrift og avdrift, og å kjenna botntilhøva. Oppgåva
var så å få jagelina i land slik at fortøying
kunne ta til. Den om lag 120 favnars jagelina låg alltid klar og
hekkbåten på plass. Både båten og tauet måtte
vera av lettaste slaget. Den som rodde lina i land måtte vera sterk
og uthaldande. Tauet måtte ikkje verta vårt i sjøen,
for då vart det så tungt å ro. Men, musklane vaks i takt
med slitet. så ein greidde seg bra etter kvart.
Dei freske jekteskipparane hadde sine kraftuttrykk - og
sine meiningar om det meste. Gav dei ordren “La ankeret gå” vart
det gjerne på sognemålet: “La meisi ratla, kar !“ Kar var typisk
sogneord for “mann”. Elles seiest det at sognejekt - reiarane rekna ut
at det var best å sigla på dagtid, og grunnegav det om lag
slik: “Å sigla om notti, kar, da gaor ikkje, for dao gaor da so mykje
mat!”, fortel Søreide.
Nye tider
Sognejektene vart borte etter kvart. Før siste
krig var det mange av desse prektige skutene i opplag og landsett i fjørene
langs Sognefjorden. Nokre av dei fekk seinare motor. I krigsåra kom
dei jektene som var att vel med, for dei tok store laster. I Gulen hadde
dei lenge ei sognejekt som heitte ‘Tresvik”. Eigar var Tansø på
Losnegård. “Fresvik” var i fart til langt ut i 60-åra. |