Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

    

                  
Historisk sus over Austgulstølen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 09.03.2005

Les om stølslivet, kvardagen, samlingar, turisthytta, pensjonisttreff - og du vil få eit godt inntrykk av korleis livet var på Austgulstølen. Her var arbeid frå morgon til kveld, men og tid til leik og moro på setervollen. Gardene på Vestlandet er ikkje store, og avkastninga fra jorda vart ofte for snau for den bølingen ein måtte ha for å oppretthalde livet. Stølane vart eit viktig attåtareal, - og stølsdrifta vart slik ein naturlig del av virket til gardbrukarane i vest. 


Flyfoto av Austgulen 

Dei fleste gardane/bygdene i Gulen har hatt stølsdrift i lange tider, dei første var i bruk alt frå 17-hundretalet etter dei markeringane som er funne i stølshusa. Stølane høyrer fjellet til, og ein finn dei gjerne plassert ved fjellbekker, elv eller ved fjellvatn. Stølsdrifta gjekk føre seg frå Jonsok-tider til ut i september månad, og det var sjølsagt den viktigaste perioden i året for bøndene. Bygdelivet hadde eit naturleg sentrum på stølen. 

Tankane til både unge og eldre krinsa omkring plassen oppe på fjellet, livet og arbeidet der. Og dei rikaste minna gjekk ofte attende til opplevingar og hendingar under opphald på stølen. Festlivet på stølen er ein sak for seg, om det har den folkelege tradisjonen mykje å fortelje. 


Austgulstølen 

For bøndene i Austgulen har stølsdrifta vore av stor verdi. Området omkring Austgulstølen hadde gode beitemarker, og dei produkta som kom frå traktene i Austgulfjorden var av aller beste sort. I Bergen opplevde kjøpmennene at det vart spurt etter smøret herfra, den gule smørfargen var eit særsyn og smaken var fortreffelig. 

Vegen opp til Austgulstølen er ein -himmeltur. Stien er bratt, og øverst i den smale dalen er det mura opp i alt ti svingar for å få den farbar for folk og fe. Desse prektige svingane vart mura opp ein gong på 18-hundretalet av svenske rallare. For å halde stølsvegen opp dalen og svingane øverst i gjelet framkomeleg, var det fellesdugnad ein dag eller to om våren, før buskapen skulle til fjells. Med andre ord, mykje slit og strev er lagt ned av våre forfedre for å få til og ta vare på denne himmelstegen i alle dei åra stølsdrifta pågjekk. 

Ein annan veg som førde til Austgulstølen var opp Austdalen og vidare bak Vardefjellet, men det tok mange ekstratimar å nytte den. 

Bølingen (alle mjølkekyrne) vart tekne opp til stølen på ein dag, og det kunne vere omkring hundre dyr som på rad og rekke sakte baska seg oppetter stølsvegen. Ein får tru at dyra hugsa kva som venta der oppe i fjellet, store beitemarker med godt gras og frisk fjelluft, - for oppover bar det med dei. 

Ein kan jo tenkje seg at det må ha vore eit prektig syn for dei som sat heime på gardane nedanfor å sjå dette toget av folk og fe oppetter fjellsida. 
Verre var det når ungdyra skulle til støls. Då var det ikkje berre å fylgje, - nei både grimetau og andre midlar måtte til. Det vart -hal i og dra, kalvane er kjende for å stritta imot når dei skal flytta på seg til noko som er ukjent. 

Austgulstølen har store fine stølsvollar, og framfor dei ligg to fjellvatn. Alle bøndene i Austgulen hadde kvar si seterbu. Det var tolv i alt. Dei frå Øvre Austgulen hadde sine beiter sydvestover – mot Steinsdalen og mot Kløvtveitvatnet, og brukte gjerne båt over vatnet når dei skulle møte buskapen for å mjølke. 

Gardbrukarane i Nedre Austgulen hadde dyra på beita nord og aust for stølen. Det måtte ei jente til i kvart sel for å syte for mjølking og stell av dyra. Mange av jentene vart henta inn utanfrå, like frå Sunnhordland i sør til Nordfjord i nord. Desse jentene skapte stor spenning i bygda, ikkje minst for gutane som skulle overta garden og stølsdrifta i framtida. Kanskje fann dei eit godt -kjerringemne- der oppe på fjellet? Overskot av kvinnfolk i bygda var ikkje nett til å verta feit av. 

Kvardagslivet på stølen 
Mange av jentene som tok på seg stølsarbeidet var unge, enkelte var nett konfirmerte. Lita erfaring frå stølsliv kunne dei ha, men med god hjelp frå meir rutinerte medsøstre gjekk det vanlegvis bra. Kvar av dei hadde ansvar for sju til ti kyr. Buskapen beita langt borte frå stølen, og vegen til mjølkeplassane kunne være både tung og lang. Som regel la dei i veg mot mjølkeplassane allereide klokka 5.30 om morgonen, kveldsmjølkinga gjekk føre seg omkring 17.30. 

Berta Austgulen, ei av stølsjentene fortel:
- Var det fint ver, kom dei (kyrne) som regel til ein av dei næraste mjølkeplassane når me kalla på dei. Var det ruskever, vart det mykje leiting og gange før vi fann dei inne i skogen ein eller annan plass. For å få kyrne til å stå i ro når me mjølka, laut me ha med salt og bein. 

Det var storfebein frå Slaktehuset i Bergen, og det var tørka fiskebein. Etter at beina vart banka skikkeleg med øksehammaren, var det visst svært godt å knaska på. 

Var vegen til mjølkeplassen tung, vart ikkje turen attende til stølen lettare. Nedlasta med mjølk i -bytne- streva jentene seg attende. Etter kvar tur i fjellet måtte mjølka separerast. Av skummamjølka koka dei prim, kvar veke skulle det kjernast smør- og det skulle lagast gamalost. Den måtte vera av skikkeleg kvalitet, rett farge og modning var viktig om det skulle bli salsvare. Rømmegraut måtte ein kunne lage, graut der fettet skaut naturleg, og rømmekoller i både små og store askar. Det kom alltid farande folk som gjerne skulle bydast slik sæterkost før dei gjekk vidare. Alle produkta måtte oppbevarast i passande temperatur for å halde seg friske, og dei naturlege oppkommene og bekkane utanfor selet høvde godt til det bruket. 

Alt som vart tilverka på stølen, kom bonden og henta med hest og kløv først i veka. Smøret vart levert til smørlagstasjonen på Oppdalsøyra, samstundes som at varekjøp vart gjort til familien og jenta på stølen. 

Ein dag i veka måtte stølsjenta heim på garden i Austgulen, det var innlagt i avtalen når ein hyra seg som stølsjente. Då hadde ho gjerne med seg eit mjølkespann og litt prim i hendene, noko som vart sett umåteleg stor pris på - mjølk hadde dei ikkje på gardane andre dager i veka i sommartida. Men nokon fridag gav ikkje gardsbesøket jentene, dei måtte vera med ute på bøen og elles ta del i det husarbeidet som skulle gjerast. Det var litt av ein arbeidsdag når ein tenkjer på at dei før ferda mot bygda hadde vært oppe i otta for å mjølke, og at same jobben venta når dei kom attende til stølen på fjellet i kveldinga. 

Stølsela var heller små, innselet (stova) romma ikkje meir enn seng, ein stol/krakk eller to. Ein liten kjøkkenkrok med hyller, ein ovn og ein kraftig benk der separatoren var plassert. Hylleplass til gamalost og rømmekoller o.l. vart nytta fullt ut. Golvet i innselet var alltid reinskura, - ingen fekk trø inn her med sko på føtene. Madrassa i senga vart fylt med vassgras / ålegras - som dei skar/slo av nede ved fjellvatna, - og det vart sagt at dette graset var betre å liggje på enn sengehalmen som vart brukt i bygda. 

Berta Austgulen fortel vidare : 
-Me hadde noko som me kalla for jenteasken. Då samlast stølsjentene, ein gong hjå kvar, til ei hyggestund. Då hadde me ein stor rømmekolle som me sette midt på golvet, og så sat me tett i tett rundt. 

Reinhaldet elles var det og nøye med. Slurv kunne gje mjølkeprodukta dårleg kvalitet, og mjølkestampar og kjelar vart gjerne skura med fin sand både titt og ofte. Til den operasjonen tok ein i bruk både hard hand og fot. 
Utrommet til selet vart gjerne kalla skotet. I skotet stod trebinner og kar, i tillegg til anna utstyr og nødvendig fyringsved. 

Det er ikkje tvil om at stølsarbeidet var krevjande og tungt. Dei hadde verken tilkobla straum eller aggregat, her var det kvinneleg handemakt som måtte til, frå morgon til kveld. 

Samlingar på stølen 
Stølshelga var den viktigaste samlinga på stølen sommarstid. Då samlast alle som kunne komme seg på stølen, unge som gamle. Kor skrøpelig helsa enn var, til fjells skulle dei denne helga. For stølsjentene vart førebuingane naturleg nok krevjande. Gardsfolket tok gjerne med seg slektningar, slik at det vart mykje folk som skulle trakterast med god seterkost; både rømmekolle, mylse og rømmegraut med flatbrød - og spekekjøt vart forventa. Ein annan viktig samlingsdag var buferdsdagen, dagen på hausten då alle dyra skulle takast heim frå stølsbeitene. 

Ungdom frå Brandangersundet på stølstur 
Austgulstølen var svært populær frå 30-talet til først på 50-talet. Det var den største stølen i Gulen-området,og alle knøysene (kjælenavn på stølsjentene i ytre Sogn) gjorde nok sitt til at unggutane la i veg til fjells for å ha det moro. Det kom stadig båtar med ungdomar heilt frå Lindås, Austrheim, Solund og frå øyane i eigen kommune. 

Det laga seg ikkje alltid slik at ein kom seg opp på stølen samme dag som ein la til i Austgulen lørdagskvelden. Då vart det til å ta nattelege i nyslege høy i løene til gardbrukarane i nedre Austgulen, og ta beina fatt tidleg på morgonen. Når ein først hadde kravla seg opp etter fjellsida, vart ein som regel motteken med god seterkost, rømmekolle og andre godsaker. Ein og annan kunne traktere munnspel eller trekkspel, - og sjølvsagt hadde dei og grammofon. Mange kan fortelje om dans på setervollen og annan leik, søvn vart det vel heller smått med. 

For ungdomen vart Austgulstølen ein mytisk stad, ein vakker plass langt borte frå folk der romantikken, om ein var heldig, kunne få utfolde seg. Og tek ein bygdebøkene frå Gulen, Masfjorden og Brekke for seg, finn ein eit utruleg samrøre mellom folk i desse distrikta. Stølane har truleg vore ein viktig koblingsplass og ein sterkt medverkande årsak til mange ekteskap som vart inngått i siste hundreåret. 

Austgulstølen turisthytte 
Etter kvart auka trafikken til Austgulstølen såpass mykje at dei tre sønene til Hans og Pernille Austgulen, Harald (27), Sverre (22) og Alfred (19), bestemte seg for å føre opp ei hytte på stølen. Og dei var karar for å gjennomføre ideen sin. Alle materialane, bjelkar, sperr, kledning,golvbord, vindauge og dørar vart bore opp på skuldrane til dei tre brørne. Berre i øvste gjelet forbi svingane brukte dei løypestreng. Drakrafta i løypestrengen var steinblokkar som vart festa til løypestrengen nedover, og med det trakk materialane oppover. 

Det vart ei gild hytte med mange rom, tjue sengeplassar og godt utstyrt ellers. I 1937 vart den prektige hytta innvigd. Det vart skipa til fest med dans åpningshelga. Og til fjells bar det med hundrevis som ville vera med på hendinga. Både prest, klokkar, lensmann og lækjar kom frå Eivindvik. Ut på kvelden kom brørne Bernt og Ingvald Austgulen innom, fann seg kvar si -lett på foten- jente og framførte ekte sognespringar med alle turane på rad og rekkje. Dette meistra dei godt, og dei fekk stor applaus frå den store festlyden. Dei tre brørne som hadde stått for oppføringa av turisthytta, fekk seg mangt eit godord. 

Den kjende presten Øystein Hovden var på den tida i Gulen. Han vart så overvelda av innsatsen til desse gutane og den prektige turisthytta på Austgulstølen at han straks etter arrangerte stemne på stølen for soknebarna sine. Og nok ein gong vart det folksomt på stølen, det kom reisefylgje både frå Gulen, Brekke og Masfjorden. 

Og med hytta tok stølstrafikken seg opp enda meir. Bergen Turlag la opp mange turar til stølen. Folk kom med rutebåten til Austgulen om sommaren, men i påskehelga gjekk dei reisande i land på Oppdalsøyra. Derifrå bar det på ski opp Alvedalen forbi Kløvtveitvatnet og fram til setra. Mang ein bergensar fekk prøve styrken sin i seine kveldstimar oppetter mot stølen etter båtturen frå Bergen (båtreisa tok om lag seks timar). 

Alfred Austgulen f. 21/4 - 1918, var den yngste av brørne som bygde turisthytta. Han reiste frå Austgulen etter krigen, og skapte sitt eige entreprenørfirma i Bergen. 
Vi siterer her eit avsnitt Alfred skreiv i boka -Pensjonistar frå Gulen fortel (1985) 

- Ei påskehelg på ski på Austgulstølen, det må helst opplevast. Eg har vanskeleg for å fortelja det rettvist. Dette eineståande fine skiterrenget høver både for øvde skiløparar og dei som er mindre flinke. Hytta på Austgulstølen var full av påsketuristar frå Bergen, og vi ungdomane hadde mange fine opplevingar og minne frå fine skiturar i vakkert terreng. 


Ein vinterdag i fjellheimen 
Bilete er teke i lia nordaust for Austgulstølen med utsikt nedover Steinsdalen. 
Foto: Trond Kvamsdal 
 
 

Pensjonisttreff med helikopter på Austgulstølen 

Ein laurdag i juli 1995 - vart det arrangert pensjonisttreff på Austgulstølen. Tilstelninga vart skipa til særskilt med tanke på at dei som hadde vore aktive på stølen i gamle dagar, skulle få gjenoppleva noko av stemninga frå den gongen. Men, mange andre ville og vera med. I alt tok 115, med smått og stort, del i den vellukka stølshelga som baud på kultur, setervandring og god, gamaldags stølskost attåt. 

Det er ikkje til å undre seg over at pensjonistane var spente. Seks om gongen vart plasserte i helikopteret (foto), og til himmels bar det. 
Eldstemann var 85 år og hadde ikkje vore på stølen på tretti år. Dei som ikkje vart frakta i helikopter, tok stølsvegen til fots. 

Oppe på stølen hadde dugnadsgjengen vore i sving dei siste dagane for å førebu den store dagen. 

Stølsvollen var rydda, stølsdøra var hekta av (slik stølsgjentene brukte å gjere det til stølshelga) og -Rjomasken var klar. 
Garn vart sett ut i vatna, og steikt fjellaure med rømme og poteter venta. Det var duka for beste -Husker du? stemninga. 

Liv Kvamsdal opna med å lesa dikt om stølen i gamle dagar, av Magnhild Rivedal. Dei fekk sjå eit rollespel om eit kjærastepar som møttest på stølen. To jenter kledd som budeier, framførte songen om hendinga til Odd Bremnes sine trekkspeltonar. Samstundes kom to karar med kubjeller stadig nærare. 

Dei 12 initiativ-takarane til stølshelga fekk mykje ros for det festlege opplegget. Primus motor, Lars Kvamsdal, fekk ei prektig tretine frå grendalaget som takk. Fem timar tok besøket, - der fortida vart rulla opp framfor augene til pensjonistane før det bar attende – med helikopter. 

Ein stor dag kunne leggjast i minneboka. 

Stølsliv i gamle dagar 
Tekst: Magnhild Rivedal 

Det longe er slutt på stølslivet her, 
og mange budeier, dei burte no er. 
Men fjellet sitt ekko, og minne sit att, 
som sylvklår musikk, og ein dyrebar skatt. 

Ja, livet på stølen, med fjell-luft og dyr, 
med sauer og geiter, og kalvar og kyr. 
Det skapte ein dragnad, og nærkontakt, 
med fjellet sin fred, og den skapande makt. 



BUDEIER FORTEL 

Berta Austgulen 
Stølsjente i over 15 år på Austgulstølen

Når det nærma seg Jonsok vart kyrne urolege, - ville til fjells ! Det låg ofte ei stor snøfonn ovanfor svingane på stølsvegen men så snart det var mogleg å kome forbi der, og at bøndene hadde gjort fellesdugnaden, fått farbar veg oppover, så drog ein til støls både folk og fe. 

Me hadde på førehand vore på stølen å vaska selet og fått alle kjerald reingjort med -sprakelåg-, eit framifrå medel å bruke. 

På dei gardane som det var heimeverande døtre, var det sjølvsagt at dei måtte vere stølsjente. Slik var det hjå oss, og - sikkert hjå dei andre og. Me fekk mat og klær - og noko meir hadde vi ikkje bruk for. Men det var bønder i Austgulen som måtte ha leigehjelp, sjølsagt. 

Første gongen eg var stølsjente var det året eg fylte 17 år. Eg hadde ikkje så veldig lyst, men det vart nå slik, og heldigvis har eg alltid vore glad i dyr. Det var likevel alvorleg og ta ansvaret for at avdrotten vart stelt skikkeleg, - det var det dei skulle leve av på garden i den tida. 

Det meste eg hadde var 9 mjølkekyr, elles gjekk det på 7 til 8. Det var bra med mjølk den første tida på stølen, så då kunne børa vere tung. Det minka utover sommaren, for dei fleste kyrne skulle kalve når det leid ut på hausten. 

Var det fint ver kom kyrne som regel til ein av dei næraste mjølkeplassane når vi kalla på dei. Når vi kom heim til stølen, fått separert og vaska opp, så måtte vi få oss mat. For å sleppe å koke middagsmat o.l. skipa vi gjerne kokelag på tre jenter saman. Råstoffet held vi sjøl, mat vi kvar for seg hadde fått oppover frå bygda. Det var spekemat, flesk og kjøt, tørka sild og fisk. Mjøl bruka vi mykje av, for det gjekk for det meste på kaker i ei eller anna form den tida vi var der oppe. 

Ein gong i veka var det ysting. Me samla mjølka i store trekar, stampar som vi kalla dei. Så tømde vi den sure mjølka opp i ein stor blankpussa koparkjel. Så skulle dette ha eit godt oppkok. Me tok gjerne av litt ost tidlegare i prosessen, ostkjuke, som vi hadde på rømmekolla,- veldig godt. Vi auste så av all mysa, og osten som då låg på botnen, hadde vi opp i små runde treaskar med hol i botnen og eit tøystykke over. Slik stod det 2 - 3 dagar til osten var fast og fin. Då kvelva vi den over på ei fjøl og passa på at den held seg fin og turr. 

Ein laut vere svært påpasseleg skulle ein få ein god gamalost. Når det viste seg gule litt lodne flekker, var det god gjæring i osten. Når det lei ut på sommaren, samla me mysa etter ystinga - og koking av surprim tok til. Fyrte under kjelen tidleg på morgonen og held på til langt på kvelden. Mysa skulle kokast inn til den byrja å bli litt fyldig. Det gjekk kolossalt mykje ved til denne prosessen. 

Etter alt dette strevet samlast vi nokre jenter om kvelden hjå den som kokte primen og hadde det veldig koseleg. Saup-prim vart det koka fleire gonger om sommaren også, og det gjekk snarare å koke den. 

Eg kan ikkje minnast at det var noko uvennskap eller konflikt mellom jentene. Berre hyggelege minner frå alle dei åra eg var på Austgulstølen. 

Vi hadde noko som vi kalla -jenteasken. Då samlast stølsjentene, ein gong hjå kvar, til hyggestund. Vi hadde då ei stor rømmekolle, som vi sette midt på golvet,- og så sat vi tett i tett rundt. Me sat alltid på golvet i slike treff, så det måtte vere kvitskura golv til kvar tid. Ingen fekk gå inn i innselet med sko på. 

Heimreisa var først i september - etter som det passa. Då kom dei heimanfrå, gjerne onsdagskvelden, og torsdagsmorgonen gjekk dei heimatt med buskapen. Laurdag kom dei att og henta oss. Det var litt vemodig å reise frå stølen, men godt og. 

Astrid Nipen (g. Austgulen) 
Gode minner frå Austgulstølen 

Eg kom som ung til Austgulfjorden for å ta jobben som stølsjente hjå Hans S. Austgulen. Måtte ut å tene pengar,- og då eg likte å stelle med dyr, serleg når dei var ute om sommaren - så slo eg til. 

Å dra til Bergen, byen var heller ikkje freistande medan krigen raste på det verste. Mi søster, Anna, hadde vore stølsjente på Hauge, nabogarden til Austgulen året før, og skulle ta ein ny sesong hos ein bonde i Austgulen. Vi drog såleis saman innover sommaren 1944. At vi var saman ga ein trygg følelse, for eg var berre 20 år. 

Eg følte eit stort ansvar - ville eg makte å gjere bonden nøgd med alle dei gjeremål eg skulle utføre, og med dei produkta eg skulle levere frå meg. Smøret skulle vere saupfritt, den fine fargen sytte dei gode fjellbeita for, men likevel så stod mykje på spel. Vi var alltid spent på om husbonden var nøgd med arbeidet,- litt -vellete- gjorde alltid godt. 

Lang veg til mjølkeplassane var det. Ein dag fann vi dyra i Bettene eller i Vetle Austdalen, ja til og med på Vardefjellet kunne dei vere. Salt og bein i sekken var obligatorisk - noko kyrne sette umåteleg stor pris på. Desse lange mjølketurane to gonger i døgnet var tunge, mange liter mjølk frå omlag 10 mjølkekyr på ryggen tappa krefter. I all slags ver måtte vi fram, men slik var det. Ingen å bebreide eller klage til,- vi hadde teke jobben på oss og ville vise alle at dette var vi god for. 

Når ein kom attende til selet, var det å separere. Mjølka skulle nyttast til så mykje; smør, gamalost, prim, mylse, rømmekolle og til rømmegraut av og til. Kjerning av smøret gjekk for seg ein dag i veka, vart kløvja heim til Austgulen saman med andre ting som skulle same vegen. 

At eg hadde ei søster i selet innanfor elva på stølen, var kjekt,- og vi støtta kvarandre når det var noko ekstra. Den dagen vi var heime på garden,- var noko for seg. Først i fjellet å mjølke tidleg på morgonen,- og etter innsats heime på garden - ta motbakkane oppover til stølen,- hente fram bytne for å dra på ny tur i fjella å mjølke - det satt i kroppen og den natta var senga ekstra god. 

Det var aldri noko vondt mellom oss jentene på Austgulstølen. Fantastisk at det gode samhaldet held heile sommaren igjennom, og godt er det å minnast dette. Jentene såg fram til laurdagskvelden, med morosame innsalg og besøka på turisthytta av og til. 

Turen til Austgulen som stølsjente, førde med seg at eg fann min festarmann der inne,- fekk namnet Austgulen med på kjøpet. Bondekone vart eg ikkje og slapp stelle med dyr på godt og vondt. 

Vi busette oss i Bergen,- men har stor fin hytte i Austgulen og god kontakt med folket i bygda. 

Helga Kløvtveit (g. Løkenfloen) 
Minner frå tida som stølsjente 

Eg byrja som stølsjente i 1936 då eg var 16 år. Arne Kvamsdal spurde om eg kunne ta sommarjobb hjå dei - og eg takka ja. Eg vaks opp på gard, var vant med å arbeide med dyr, så eg tenkte at dette skulle eg makte. Buskapen var på 5 mjølkekyr og nokre ungdyr. 

Det var mange gonger slitsamt,- måtte stå grytidleg opp om morgonen, ofte i regn og tåke ut i marka for å mjølke. Når det var dårleg ver hadde dyra sine faste plassar dei søkte til, og det var som regel langt frå sætra. Å mjølke ute i dårleg ver var ei sur oppleving,- så det var ekstra godt å komme heim i selet, fyre i ovnen og få turre klede på seg. 

Så skulle det separerast, ta vare på fløyte som skulle bli til rømme og vidare til smør som vart kjerna ein gong i veka. Gamalost måtte lagast når vi hadde samla nok surmjølk, ved sida av koking av prim, mylse og anna. 

Jentene hadde som regel ein dag heime på garden. Då hadde vi med mjølkespann og fekk ymse med oss opp igjen. 

Sommaren gjekk fort,- vi var 12 jenter på Austgulstølen, og mange var på same alder. I fritida fann vi alltid på eit eller anna. Eg har mange fine minner frå samlingane våre på sætervollen eller i eit av sela. 
Eg hadde ikkje noko imot å kunne ta fleire somrar på stølen,- som det og vart høve til etter nokre år. 

Reiste til Bergen og jobba på eit pensjonat,- men så kom krigen og eg tenkte det var best å kome seg ut av byen. Drog heim 1. april 1940 og det var i -grevens tid. 

Ein ny jobb måtte eg ha, og var så heldig at Ingolf Myren i Austgulen spurde om eg kunne bli stølsjente hjå dei. Dette var midt i blinken for meg,- i ei tid med krig og alt så usikkert. Eg var klar over at det ville bli tyngre jobb denne gongen, med 8 mjølkekyr og ein del ungdyr. Men pytt, pytt - dette skulle eg greie. 

Turen til fjells med dyra frå Austgulen var ei fin oppleving. Utruleg at dei firbeinte kom seg opp stien og dei bratte svingane. Så var det å ordne opp i selet, vaske tak og veggar, og legge vassgras i senga. Det vart koseleg i selet når vi fekk alt på plass og pynta opp med det vi hadde. 

Kvardagen byrja med dei faste gjeremål, - opp tidleg om morgonen, hente fram bytne, bein og salt som dyra var så glade i, også vart dei rolegare under mjølkinga. Turen heim med all mjølka var ganske tung. Men eg visste kva eg gjekk til når eg -hyra meg,- og eg ville gjere jobben skikkeleg for familien Myren som eg sette stor pris på. 

I helgane var det ofte folksamt,- då kom der ungdomar frå bygda og frå andre stader lenger ute ved kysten. Og vi jentene var veldig spent på kven som kom. Turisthytta var i god drift, og der var dans i helgane med god musikk. Då var det stas og dansen gjekk til den lyse morgen. Mange fine stunder hadde vi saman, ungdomane ute på sætervollen,- med kaffe, kaker og rømmekolle. Prateglade gutar og blide budeier. 

Så kom tida då det skulle vere stølshelg, og nærast alt som kunne krype og gå kom opp frå bygda. 
Vi jentene sette opp store asker med rømmekoller, og så måtte det kokast rømmegraut. Vertskapet var som regel alltid nøgde når dei etter samlinga sette kursen heimover til bygda. Synest og at eg må nevne at vi hadde båt til disposisjon på sætervatnet, og kunne fiske med både snøre og med garn. 
Mange middager med god fjellaure vart det i løpet av sommaren. Bærturar var det og til og med, spann fulle med fine molter plukka rundt Storura. 

Det var fine dagar,- med kjekke opplevingar. Når det lakka mot hausten så kunne det iblant verte litt skummelt, vi hadde berre små parafinlampar som ikkje gav så mykje lys akkurat. Lengta nok heim når september månad kom. 

Dagen kom då kløvhesten stod der og lessinga byrja. Det er litt av eit oppbrot når både tobeinte og firbeinte skulle heimover. 

Ein fin sommar på Austgulstølen i 1940,- og eg melde meg på igjen som stølsjente året etter hjå Myren i Austgulen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal