Dyktige jordmødre på Mjømna
Forfatter: A.F
Publiseringsdato: 30.10.2002
Emma Iversen f. Rasmussen
Jordmor Emma Iversen f. Rasmusen 5/1-1898 var frå
Vaksdal. Etter å ha hjelpt bror sin på garden hans, reiste
ho til Bergen der ho tok utdanninga si som barnepleierske og sidan jordmorskulen.
Ho var jordmor i Lavik distriktet nokre år. Så søkte
ho stillinga som jordmor til Mjømna og kom her til 2. februar l929.
Overtok stillinga etter svigermor
Det viste seg seinare at jordmora ho søkte den
ledige stillinga etter, vart hennar svigermor, Marie Knutsdotter Kvist
frå Vik i Sogn som var med dei første jordmødre her
i distriktet til 1929. Marie var gift med Gjert Iversen Mjømna som
var den første som dreiv handel her på Mjømna. Ho døde
i 1939.
Emma vart gift med sonen til Marie og Gjert, handelsmann,
postopnar og D/S ekspeditør Alf Iversen. Dei fekk 3 døtre.
Emma Iversen hadde heile ytre distriktet. med rekna Brandangersundet, men
vart ofte henta av folk lenger inne i fjordane.
Fødsler spør ikkje om tid, ver og stad
Det var ikkje alltid like enkelt å ta ut i allslags
ver for jordmora vinternatta i snøstorm og kuling. Fødslane
skjedde som oftast om natta. Den første tida som jordmor vart ho
henta i robåt. Emma i bakskoten i saueskinpels og karane rodde på
spreng for å komme tidsnok. Seinare vart det båt, med hus (lugar),
men sjø og uver var ikkje roligare for det. Det var ikkje enkelt
forbi Kittelsneset mot Fensfjorden i kuling. Så ho fekk mang ein
“blå bak”.
Det var ikkje bruer eller bilar i hennar tid. Før
ho reiste “på jobb” sa ho til oss barna at me måtte be for
ho at det måtte gå godt. Og det har det gjort. for ho hadde
ingen av konene som døydde i barsel.
Marie Knutsdotter Iversen f. Kvist
Ei natt rutebåten Værøy var på
veg frå Bergen ringte telefonen: “Er jordmora heime? Me har ei kone
om bord som treng jordmor. Er no på Fensfjorden på veg til
Mjømna”. Dette paret skulle til Solund på besøk, men
hamna på Mjømna. Det vart ein stor fin gut som vart fødd
her.
Ein gong kom eit ungt “splintepar” om natta og banka på
døra. Kona var sjuk og trengte sårt jordmorhjelp. Mor var
ikkje heime, var nett reist på ferie. Berre me barna og ei butikkhjelp
var heime, og kva kunne me gjera? Måtte på bygda etter hjelp,
medan me venta på “nabo jordmora”. Om morgon ringte me til mor at
me hadde ei barselkone i huset. Ho kom heim om kvelden.
Ein typisk skyssbåt i tidlegare år.
Ei natt skulle ho til Lid. Det var eit forrykande ver
så skyssbåten gjekk berre til Tunsberget. Derifrå måtte
ho gå over fjellet til Lid med jordmorkufferten i ei hand og lommelykta
i den andre. Men heldigvis gjekk det godt.
Fødestove i eigen heim
Frå 1951 tok Emma mot fødande kvinner i
heimen sin. Hadde då ei fødestove og det var veldig “populært”.
Så mang ein guling-suling vart fødde her. Det kunne vere opptil
2-3 fødande som var her og til dei reiste heim glade og fornøgde
med barnet sitt. Mange av konene kom til ho for undersøkelse i svangerskapet,
og ho kunne ofte sei om det vart gut eller jente.
Elles reiste mor rundt på ymse stader og vaksinerte
barna for “koppar”. helst om vår/sommaren. Av og til fekk me barna
vere med.
Mor (Emma) likte godt å strikke og brodere og var
med i kvinneforeiningane her.
Mor var glad og lett til sins og var godt likt av pasientane
sine og av folket her.
Aktiv til det siste
Mor døydde plutseleg av hjerneslag. Samme dagen
kom det ein kar for å hente ho til kona si som skulle føde.
Han fekk nesten sjokk, som me andre.
Emma Iversen var jordmor i distriktet her i 35 år,
frå 2/2-1929 til ho døde 28/7 - 1964.
---------------------------------------------------------
Kjelde: Denne historia er fortalt til Ingolf Austgulen
- og henta frå heftet MJØMNA OG ØYANE. (2002) |