Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
 

 

                            
Krigsminne
Forfatter: Gulen kommune
Publiseringsdato: 22.02.2001


Bildet viser anlegg i Rutledal.  Foto: Scandion.

På strendene langs med ytre delen av Sognefjorden etablerte tyskarane under 2. verdskrigen ei rekkje militære anlegg og støttepunkt. Ruinane etter fleire av desse er i dag synlege - mellom anna både i øvre og nedre del av Rutledalen og på Riseneset. 

På strendene langs med ytre delen av Sognefjorden i Gulen etablerte tyskarane under 2. verdskrigen ei rekkje militære anlegg og støttepunkt. Ruinane etter fleire av desse er i dag synlege - mellom anna både i øvre og nedre del av Rutledalen og på Riseneset. Anlegget og mannskapsstyrken på 14 mann i Rutledal stod klart i mai 1940. Kampoppdrag var i samarbeid med kanonbatteriet på Nesje i Hyllestad å sperre innlaupet til Sognefjorden. 

Det noko større anlegget på Riseneset bestod av ein styrke på 121 mann som rådde over 4 felt - kanonar og 2 luftvernkanonar i hovudforsvaret, 2 vognkanonar, 2 mitraljøser og 12 flammekastarar i nærforsvaret og eit luftvern med 2 Flak 38 luftvernkanonar. Anlegget stod ferdig i september 1942 og skulle kjempe mot sjømål på Sognesjøen, sperre innlaupet til Sognefjorden, kontrollere og verne skipsleia over Sognesjøen og gjennom Krakhellesundet, samt sikre eigne skip og konvoiar i området. 

I samband med etableringa av og forsyninga til desse anlegga, bygde tyskarane veg langsmed Sognefjorden. Den noverande vegen (Rv 57) frå Brekke til Rutledal er lagt oppå denne traséen, men på neset mellom Rutledal og Breidvika er eit stykkje av den opphavlege vegen framleis synleg og farbar som turveg. 

           
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal