Englandsfarere, handelsflåten og marinen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 07.09.2002
I året 1941 strammar det seg til på mange
felt i Norge. Arrestasjoner av motstandsfolk rundt om i landet aukar på.
Ein venta og vona på invasjonen som skulle kome frå England,
men vona om den vart mindre etter som tida gjekk. Sterke rykte gjekk om
innkalling av den norske ungdomen til pliktteneste for okkupasjonsmakta.
Ein kunne ikkje sjå bort frå at ein og kunne bli send til fronten
saman med dei tyske troppene.
På Byrknes gjekk der ein del ungdomar av «beste
kaliber», og desse kom saman for å drøfte situasjonen.
Nokre av dei hadde vikla seg inn i illegalt arbeid. Dei hadde hjelpt folk
på flukt vestover, og elles andre ting dei kunne bli straffa for.
Dei fleste av desse ungdomane var i 20 års-alderen.
No bestemmer dei seg, dei vil fare til Shetland! Motivasjonen
er klar, dei vil vere med å delta i motstanden der borte frå,
i von om at vi snarare kunne få ut hærmakta heime i Norge.
Trygve Birknes er berre 18 år på denne tida, men han har alt
sin eigen motorbåt, og er sjølv ein dyktig kar på sjøen.
Båten til Trygve vert gjort klar til overfarta. Utstyr til motor
og båt vert lasta ombord, og den 15. august 1941 går «Notmann»
SF 255 G ut frå Byrknes. Dei «smyg» seg forbi holmane
og set kursen for Shetland. Ombord er der i alt 10 ungdomar, og båteigaren
er truleg den yngste som til då legg ut på ein dreg slik «seilas».
Ut til det ukjende, fulle av optimisme og kampvilje. Nokre kom inn i den
norske marine, andre i handelsflåten. Dei fekk så visst prøve
både viljen og modet i tida som kom. To av ungdomane, Trygve Birknes
og Knut Edvardsen vart mannskap på den prektige jagaren «Svenner»
som den norske regjeringa i London hadde skaffa seg. Jagaren «Svenner»
var i første linje ved invasjonen på Normandie-stranden men
vart torpedert nær stranda og sokk på kort tid. Ombord i jagaren
var der 230 marinesoldater, og av desse kom der bort i alt 34, men dei
2 frå Byrknes redda livet.
Det lyser respekt av handlinga til dei som drog frå
Byrknes. Dei ofra sine beste ungdomsår, med tap av m.a. utdaning,
som andre i det vesentlege fekk med seg sjølv om det var krig. Nokre
av dei kom aldri heim att. Dei sette livet til i kampen for fedrelandet.
Etter fredslutninga i 1945 fekk dei fleste sine velfortente medaljer. Nokre
av dei frå Byrknes vart blant dei mest dekorerte i så ung alder.
M/B «Notmann» - SF 255 G - drog frå
Byrknes 15. august 1941 med 10 personar og kom til Lerwick 16. august.
Skipper og eigar av båten var Trygve Birknes.
Desse var med:
Trygve Birknes, Byrknes.
Knut Edvardsen, Byrknes.
Ragnvald Haugen, Byrknes.
Peder Sletten, Byrknes.
Håkon Karlsen, Byrknes.
Georg Lydersen, Byrknes.
Olav Wagtskjold, Bergen/Byrknes.
Sundt, Bergen.
Strand, Bergen.
Norli, Bergen.
Handelsflåten
Med over 1000 norske skip i alliert teneste.
Folket i kystsamfunna har alltid vore vestorienterte -
mot havet, fiskebankane, Shetland og Island. Den norske handelsflåten
har alltid hatt stor rekruttering av ungdomar frå Vestlandet.
Familiane til dei som var i utanriksfart vart sjølvsagt
svært ottefulle då krigen braut ut i 1939. Dei hadde søner
og ektemenn der ute... Etter at Norge vart okkupert i 1940, og heile den
norske handelsflåten gjekk i dei allierte si teneste vart det ei
fæl tid. Båtar vart torpedert utan varsel. Det var ingen ting
som heitte å ta omsyn til dei som var ombord. Det var dei norske
lastebåtane som frakta det meste av alt krigsmateriell som måtte
fram, og mest all frakt av olje og bensin frå USA over Atlanteren
til England vart ført på norske «kjøler».
Mange norske skip gjekk til botnen etter torpederingar. Ein del av sjøfolka
redda seg i livbåtar og på flåtar. Etter at desse var
komen til alliert havn igjen var det å mønstre på nye
båtar til nye oppdrag på dei store hav. Den norske handelsflåten
med sine over 1000 skip hadde den aller største betydning, og vart
utslagsgivende for at kampen vart vunnen.
Frå Gulen var det mange som var med på fleire
torpederingar og skipsforlis av andre årsaker, men som overlevde.
Etter mange år fekk dei kome heim i 1945. Tapet av sjøfolk
i handelsflåten var stort. Frå Gulen var det familier som misste
to av sine søner i denne farten. Desse var brørne: Adolf
og Harald Sande, 1941, og Gunnar og Adolf Byrknes, 1940-41.
Liste over dei som kom bort i den norske handelsflåten
frå Gulen og Brekke.
Krossvoll, Klaus Olsen, maskinist, Gulen. Født
17. desember 1918 i Gulen, s. av Ola Klausen Krossvoll, f. 1883 i Gulen,
d. 1920 s. st., og Sygni Sørensdatter f. Kjelby, f. 1888 s. st.
Middelskole. Var maskinist på svensk D / S «Rudolf»,
og omkom 3. desember 1939 då skipet sank etter eksplosjon forårsaket
av mine eller torpedo utenfor Englands kyst.
Byrknes, Gunnar Mikalsen, sjømann, Gulen. Fødd
11. mai 1918 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og
Amalie f. Søreide, f. 1884 i Fjaler. Var motormatm på M/S
«Norne» og sette livet til 1. august 1940 då skipet var
torpedert utanfor Pentland Firth. Broren Adolf mista livet på sjøen
1941.
Takle, Ivar, fyrbøter, Gulen. Født 19. september
1900 i Brekke, s. av Ola Nes. d. 1940 i Brekke, og Ingeborg f. Takle, f.
1872, d. i USA. Var fyrbøter på D/S «Diana» som
gjekk frå Milford Haven 26. september 1940 og forsvant på reise
til Plymouth. Vrakgods fra skipet dreiv i land 7. oktober 1940.
Villesvik, Jakob Amandus, lettmatros, Gulen. Født
7. februar 1918 i Gulen, s. av Nikolai Råke, f. 1897 i Solund, og
Matilde f. Villesvik, f. 1894 i Gulen. Var på D/ S «Samnanger»,
og omkom 21. desember 1940 då skipet blei torpedert av tysk u-båt
i Sør-Atlanterhavet, på reise frå Oban til Sierra Leone.
Sande, Adolf Leonard, tømmermann, Gulen. Født
28. september 1913 i Gulen, s. av Andreas Bertin Johansen Sande, f. 1884,
og Elina Josefine Hansdatter f. Kittelsvik, f. 1885, begge i Gulen. Begynte
som sjømann på fylkesbåtane i Sogn og Fjordane, og drog
i utenriksfart i 1938. Seilte i alliert fart til han falt overbord og druknet
26. februar 1941 under ein storm, då skipet var på vei fra
Bermuda til Europa. Broren Harald omkom same året.
Sande, Harald August, fyrbøter og donkeymann, Gulen.
Født 12. november 1909 i Gulen, s. av Andreas Bertin Johansen Sande,
f. 1884, og Elina Josefine Hansdatter f. Kittelsvik, f. 1885, begge i Gulen.
Var fleire år lemper og fyrbøter i lokalfart, og drog i utenriksfart
7. april 1940. Segla i alliert teneste, og omkom 13. mars 1941 då
D/S «Samlanes» blei minesprengt ved Lizard Head, Comwall. Broren
Adolf omkom same året.
Byrknes, Adolf, sjømann, Gulen. Født 2.
juni 1921 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og Amalie
f. Søreide, f 1884 i Fjaler. Var fiskar til han drog til sjøs
1939. Gjekk i alliert teneste. Sette livet til 2. mars 1941 då D/S
«Augvald» vart torpedert i Nord-Atlanteren. Broren
Gunnar mista livet på sjøen i 1940.
Midttun, Hjørleiv, radiotelegrafist, Fana. Født
13. juni 1907 i Gulen, s. av Otto J. Midttun. f. 1854 i Gulen, og Nikoline
f. Mølmesdal, f. Lavik. Gift 1938 på Nesttun med Ellina Forthun,
f. 1912 i Bergen. Folkehøgskole, radioskole. Var radiotelegrafist
på FL /K «Kosmos II», som då krigen braut ut, gjekk
til England og seinare seilte i alliert fart. Omkom 28. oktober 1942 då
skipet blei torpedert på vei fra New York til Clyde. Broren Johan
ble vart henretta i 1941.
Byrknes, Endre Bernhard Einebærholm, fyrbøtar,
Gulen. Fødd 26. januar 1918 i Gulen, s. til Kristoffer Einebærholm,
f. 1889 i Gulen, og Anna f. Birknes, f. 1894 s. st. Drog fil sjøs
1939, og var ute under heile krigen i handelsflåten. Var med på
tre torpederingar, to gonger 1940 og ein gong 1943. Miste livet 27. februar
1946 på D/S «Hodnaberg» då skipet gjekk ned utanfor
Hals ved danskekysten etter minesprenging. Gravlagd i Gulen.
Med norske skøyter og norske marinefarty i krigsoperasjoner.
Mange av dei som valgte å fare vestover - og dei
som måtte flykte på grunn av motstandsarbeid kom inn i den
norske marine. Skøytetrafikken mellom Shetland og Norge var - som
vi veit stor. Her var det bruk for karar som var dugande til sjøs.
Mange frå Byrknes var med her - også på marinefartya
fann dei sin plass i teneste for landet vårt. Den norske regjeringa
i London hadde etterkvart fått utbåtjagarar og større
krigsfarty med i den norske marine.
Torpedering, minesprenging og flyåtak sende mange
av desse skipa til havsens botn - og folket med. Vi veit at mange av dei
unge modige menn aldri kom heim. Dei fekk ei våt grav. Takk vere
dei vågale turane over Nordsjøen som desse var med på,
vart mange av deira landsmenn redda unna «herrefolket» sine
arrestasjonar og tortur. Ved sin innsats, mot og vilje var dei med på
å gi oss freden attende i 1945.
Navn på dei som sette livet til:
Sletten, Peder Reidar, dekksmann, Gulen. Fødd 27.
januar 1921 i Gulen, s. til Bertin Bergesen Sletten, f. 1889 i Lindås,
og Anna, f. Pedersen, f. 1887 i Gulen. Dreiv gardsarbeid og fiske og hjelpte
flyktningar å koma over til England. Måtte sjølv røma
til England 1941 og kom inn i den norske marine. Sette livet til 18. november
1942 då korvetten «Montbretia» krigsforliste i Atlanterhavet.
Byrknes, Arthur, fiskar, Gulen. Fødd 1. september
1917 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen,
f. 1890, båe i Gulen. Var med i kampane i Valdres 1940. Drog til
England 1941 og vart send i serleg ærend frå Scalloway på
Shetland til Noreg. Kom bort med skøyta «Sandøy»
på veg til Noreg i desember 1942. Båten vart truleg søkkt
av tyske fly utanfor Træna. Omtala saman med broren Georg i Bergens
Tidende i januar 1945.
Byrknes, Georg Norvald, fiskar, Gulen. Fødd 9.
oktober 1921 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen,
f. 1890, båe i Gulen.
Drog til England 1941 og gjorde teneste i Den norske
marinen der. Sette livet til 4. januar 1943 då minesveiparen «Bodø»
gjekk på ei mine utanfor Aberdeen etter tokt på norskekysten.
Omtala saman med broren Arthur i Bergens Tidende i januar 1945.
Birknes, Olav Leonard, sjømann, fisker Gulen. Født
7. desember 1906 s. st., s. av Karl Severin Endresen, f. 1871 i Gulen,
og Martha f. Torbjørnsdatter, f. 1870 i Bremnes. Var matros på
M/S «Uranus» av Bergen. Dro til Shetland på en motorskøyte
i mai 1941, tok med seg ein gestapist fra Bergen. Kom inn i Den norske
marine. Omkom 22. april 1943 på tilbakeveien til Shetland etter eit
tokt på norskekysten med motorskøyta «Gullborg». |