Senkinga av lastebåten «Ferndale»
i Krakhellesundet
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002
Det var ofte krigshandlingar i traktene ved Ytre Sognefjorden.
Her var det mange skipsleier som kryssa kvarandre og trafikken av båtar
på veg syd og nordover var tett. Engelske fly var rett som det var
på farten for å ta båtane, spesielt dei som frakta krigsmateriell.
I oktober 1944 fekk ein 10000 tonnar oppleva eit slikt angrep ovanfrå.
Skipet heitte «Ferndale» og var heimehøyrande
i Oslo. Etter angrepet måtte dei prøva å finna ein stad
å landsetja båten. Dei søkte inn i Krakhellesundet,
men landskapet her er lite egna for slikt.
Dei valde ein holme, Seglsteinen, i sundet. Medan båten
la seg til der, kom på ny tolv fly frå Air Force for å
fullføra «verket». Dei vart møtte av seks tyske
fly og det vart harde trefningar. Eit av dei engelske flya vart skote i
brann og styrta i fjellet på Losna, og flygaren omkom. «Ferndale»
var lasta med poteter frå Polen og var på veg nordover til
dei tyske festningsanlegga i Nord-Norge. Potetlasta i «Ferndale»
vart eit kriselager for folk i Solund og i traktene omkring. Om kveldane
tok folk seg utover til båten, og med lykt sorterte dei og henta
ut dei beste potetene, dei som ikkje var skada av sjøvatn. Andre
brukbare varer, som maling o.l, vart og henta opp etterkvart.
Framleis ligg det att store delar av skroget til denne
kolossen frå Oslo. Sportsdykkarar har hatt mange spanande turar ned
i båten for å granska det som var igjen der. For nokre år
sidan kom familien til flygaren som omkom i Losnefjellet til Eivindvik
for å sjå staden der krigen tok ein av deira kjære. Dei
etterlatte kom heilt frå Australia til Gulen for å minnast
den unge flygaren. |