Flyangrepet på rutebåten «Gula»
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002
Rutebåten «Gula» gjekk frå Bergen
14. november 1944 i rute B2 til Førdefjord og Dalsfjord. Ombord
var det omlag tretti passasjerar, to av dei born. Været var lettskya
og fint. Styrmann og los overtok vakta litt før klokka to. «Gula»
låg då rett syd for Mjåneset.
Då «Gula» la kursen mot Krakhellesundet,
kom det fly nordfra, rett mot skuta. Klokka var ti minuttar over to om
ettermiddagen. Det første flyet slapp nokre lyssignal og dukka ned
mot båten. Dei første skota traff i sjøen framfor skuta
så skumsprøyten stod. Dei prøvde og varsle med eit
kvitt laken mot flya, men det var fånyttes. Fraktebåten «Sardinen»
vart og angrepen av flya.
Flya gjekk på nytt til åtak. Til saman seks
gonger. Etter fjerde gongen var panikken i ferd med å bryte ut blant
passasjerane. Dei ville ut for å kome seg i livbåtane. Losen
stilte seg i utgangen for å hindra passasjerane i å storma
ut på dekk der det hagla med kuler. Livbåtane vart gjennomhola.
Snora til damskipsfløyta vart skoten av, slik at denne ikkje kunne
brukast. Med sakte fart tok skuta seg inn mot land ved Riseneset medan
dei mørke stålfuglane durte over dei. Skota hadde laga hol
i nokre bensinfat og tjæretønner som stod på bakken
og det oppstod brann. Nokre dyr strauk med i kuleregnet, blant anna ein
hest som stod på akterdekket.
For dei som ikkje kjende «Gula» kan det seiast
at ho var både kvalenes og frydens skip for folk som trengde henne.
Det er få skuter som er vorte så utskjelt og så elska
som «Gula». I 1910 såg ho dagens ljos. Meininga var å
klare kystruta Solund-Selje og det gjorde ho.
Ei «rullebøtte» av dimensjonar var
ho. Midtskipet stod som eit tårn til vers og folk sa at det skulle
vera for at skipparen skulle augna land over båretoppane. Snakk ikkje
stygt om «Gula» til ein gamal suling eller guling.
Salongen var halvegs oppe i «tårnet»
og var for «storingar». Denne tente også som offisersmesse.
Det var «staua» forut under bakken som var staden. Berre Vårherre
veit kor mange sildesteng som er drøfta der, og kor mykje andre
si tru og meining om saker og ting har måtte unngjelde. Men i damesalongen
sat kvinnfolka andektig, som seg hør og bør, langt vekke
fra kallane.
Attende til åtaket... Passasjerane på andre
klasse måtte reddast akteover, over brønnen. Like etter tok
det fyr på akterdekket, men der var det lettare å slokke. Dei
slo av koblingslokket til vassleidninga og vatnet spruta utover.
Forut var det verre. Brannen fekk ekstra god næring
av tjære og bensin som rann utover dekket. Haugar med postsekker
tok fyr og gjekk opp i røyk.
Kaptein Jens Olav Helmers som hadde frivakt, sprang opp
på brua og leia redningsarbeidet med å få skuta til lands.
Alle som deltok i dette lempa brennande fat og anna over bord. Dei tok
store sjansar då det heile tida var fare for eksplosjonar. Heldigvis
var det godt vær, elles er det ikkje gått å vita korleis
det hadde godt.
Det var ein tysk militærforlegning ved Riseneset,
og folka der gjorde ein fin innsats i slokningsarbeidet. «Gula»
låg langs fjellsida og dei fekk plankar i land som passasjerane kom
seg over på. To kvinner i salongen midtskips, mista livet. Ei var
i live då dei frakta henne på land, men døydde like
etter. Mange var hardt såra, ein styremann spesielt.
Til Riseneset kom lege Hallvard Natvik frå Eivindvik
i full fart med doktorbåten, tilhøyrande John Hellesund. Med
seg hadde dei sjukesyster Orlaug Svaberg. Frå Risneneset batteri
vart det rekvirert sanitetspersonell frå Nesje Fort på andre
sida av Sognefjorden. Sanitetsbrakka til dei tyske militære på
Riseneset batteri vart teken i bruk til behandling av dei såra. Om
bord i «Gula» var det ein del tyske marinegastar og mange av
desse fall i sjøen under redninga ved stranda på Riseneset.
Utpå kvelden var elden under kontroll og utruleg nok var dampmaskina
intakt, og dei kunne gå frå land for eiga maskin.
Skøyta «Havblink» frå Haveland,
eigd av Henrik Haveland, hadde ulike ruter for selskapet F.S.F., og ved
angrepet på «Gula» låg båten i Eivindvik
for tur innover Sognefjorden. Over telefonen kom det melding om angrepet,
og at dei måtte kome til unnsetning. Dei drog til Riseneset for «full
maskin», og etter at dei såra hadde fått førstehjelp,
vart dei tekne ombord i «Havblink» og kursen vart sett mot
sjukehuset i Høyanger.
Johan Haveland, son til Henrik, var på den tid 13
år. Han var ofte med på turane. Han likte å farte, og
opererte gjerne som kokk ombord. Johan Haveland gløymer aldri denne
turen med dei sterkt såra innover fjorden til Høyanger. Det
verste var synet av alt blodet som låg att i presseningane i rommet
der dei såra hadde lege.
Det var eit under at ikkje fleire gjekk med i dette kuleregnet
frå omlag 20 fly med slepp av fire bomber i tillegg, som heldigvis
ikkje traff. «Gula» var ikkje fortapt, - den kom seg inn til
Sognefest, og etter ei stund seig den på syd mot Bergen same kvelden.
Rett nok svaia maskina mistenkeleg på fundamenta og pumpene måtte
brukast heile vegen, men fram kom dei. |