Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

    
Flykrasj på Grindefjellet
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 08.09.2002

Ein høyrde tyske brummande transportfly over hustakene. Mange fly gjekk i trafikk frå Sola via Herdla og vidare nordover mot Trondheim. Tyskarane hadde og ein liten flyplass i drift på Voss. Ikkje mange veit at tyskarane i tillegg hadde slike planar for ei «slette» på Natland, i søre del av Bergen. Her vart det med nokre prøvelandinger i løpet av krigsåra. 

Ute av kurs 

Ein morgon skjedde det. Eit fly som var på veg nordover, kom ut av kurs i tåkehavet, gjekk for lågt og flaug rett i Grindefjellet. Sjur Dale har litt å fortelje om denne hendinga. I ni-tida om morgonen var Sjur og faren Peder på veg frå Dale til Lundvang, for å slakte ein gris. På vegen forbi Nerdal høyrde dei tydeleg flydur som plutseleg vart borte og like etter, eit drønn. Noko hadde hendt. 

Grensa mellom Masfjorden og Gulen går oppe i fjellet der flyet havarerte. Same dagen var ein masfjording på sauesanking i desse traktene. Han var den første som kom fram til flyvraket. Det var eit fælsleg syn som møtte han. Flykroppen var sønderknust og dei som var i flyet låg strødd utover, dei fleste forbrent. Flykapteinen låg mange meter framanfor flyet. Seks menneske gjekk med i flykrasjet. 

Om flyet hadde halde litt større høgde og gått nokre meter lengre aust, hadde det gått klar fjelltoppen. Slik hadde ein truleg berga både liv og fly. Men instrumenta var ikkje så gode den gongen. 

Redningsarbeidet 

Tyske militære vart varsla om flykrasjet. Ei gruppe tyske offiserar kom til Dalsøyra for å finne ut kvifor eit av det tredje riket sine fly var havarert og kven dei omkomne var. Seint ein kveld kom dei med rutebåten frå Bergen til Dalsøyra. Harald Nerdal, 15 år den gongen, tok jobben som «los» for tyskarane oppover til Grindefjellet. 

Lensmannen i Gulen, Jakob Eikenes, vart kalla inn for å hjelpe offiserane med registrering. Toralf Sande frå Eivindvik var med som støttespelar for lensmannen. Dei tyske hadde ikkje noko til overs for lensmann Eikenes, og han ville gjerne gardere seg i tilfelle bråk i ettertid. Det vart rekvirert folk til å bere dei omkomne ned i bygda og dei fleste karane måtte bli med. Det vart rigga til bårer med ryggtaumar og deretter bar det nedover til Virkesdalen. Dei omkomne tyskarane vart lagt i kister og plasserte på tunet til Olaf Virkesdal. 

Det var sterke inntrykk folk fekk med denne hendinga, men i krigsåra vart folk herda og følelseskalde overfor fienden. Dei norske var kjende med at landsmenn vart torturerte av tyskarane og at norske båtar vart bomba og torpederte utan varsel. 

Mange nordmenn vart henta og sende til fangenskap i Tyskland. Slike hendingar gjorde sitt til at folk fekk sterk uvilje ovanfor tyskarane. I tida etter flystyrten drog mange opp i Grindefjellet for å sjå ulukkesstaden. Då vart gjerne fjellturen kombinert med interesse for ei dramatisk krigshending. 

Den eine flottøren på flyet vart frakta til Tangedal i Masfjorden av nokre ungdomar. I dag er han ved Bjørn West museet i Matre. 

Bertin Lihaug og Wilhelm Lundvang stod for transporten av likkistene til og frå Virkesdal. Tyske marinefarty kom til Dalsøyra for å hente sine falne. Dei vart truleg førde til byen og plassert saman med andre falne på gravplassane der. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal