Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

      
Flyslepp i Virkesdal
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 15.09.2002

Ein tidleg morgon vinteren 1945 vakna folket i Dalsbygda opp til eit merkeleg syn, for utover bøane i Virkesdal låg det strødd store kvite fallskjermar. Det var engelske fly som i det dårlege veret hadde teke feil kurs og såleis fall det heile ned der det ikkje skulle. Midt i bygda med folk på alle kantar. 

Den eine containeren hamna gjennom løetaket til Ivar Virkesdal med stor skade og sjokk for dyra. Containerane var velfylte med proviant som kaffe, sjokolade, te og mykje anna godt. Store sterke karar bestemte seg snart for å gøyme det heile i skogen og utmarka. Alle var klar over kven sleppet skulle til, men det var utenkjeleg å få dette transportert vidare til dei det skulle til, - eit slikt forsøk ville ført til dødstraff. 

Lensmannen i Gulen på den tid, vart rekna som nazilensmann sidan han var tilsett av desse, men han viste også sine gode sider ved å være liberal. Lensmann Sørlie såg mellom fingrane på det som skjedde i Virkesdal og dyssa hendinga ned. Han var klar over at bygdefolket hadde gøymt unna (teke i forvaring) containere med alt det gode som der var. Dei ville nok ha det meste for seg sjølv i ei tid med mangel på mest alt. Til og med fallskjermstroppane kom vel med etter krigen, for det vart til hestetaumar av finaste slaget. 

Folket i Virkesdal venta i spenning - om det ville bli represalier etter den dristige handlinga dei var med på ved å overta «krigsmateriell» på ein slik måte. I og med at lensmann Sørlie tok parti for bygdefolket ved å ikkje sende rapport vidare til tyske 

   
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal