Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

              
Over havet til Shetland med krigstida's yngste båtsjef
Forfatter: Ragnvald Haugen
Publiseringsdato: 15.04.2006

Eg er fødd på Byrknesøy, ei øy som ligg ytterst på kysten mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Her bur rundt 400 menneske. Byrknesøy er ei perle som ligg godt omringa av holmar og skjer som vernar mot Nordsjøen. 

Vi fekk tidleg etter invasjonen besøk av tyske soldatar. Den norske kystvakta hadde ein stasjon her som soldatane kom for å overta. Det var vel for så vidt rolege karar som prøvde mykje å få kontakt med sivilbefolkninga, men som ikkje lukkast så godt. 

Vi var nokre ungdommar som fekk innkalling til noko som tyskarane kalla for arbeidsteneste. Det var det første kullet som var innkalla etter invasjonen. Eg var ein av dei. På innkallinga vi fekk stod det: Møt på Åndalsnes for vidare transport nordover. 

Det virka litt rart at vi skulle sendast så langt nordover. Vi begynte å lure på heile innkallinga, og kva hensikten var. Vi tenkte på Nord-Noreg og Finland, så vi begynte å planleggje flukt til Shetland. 

Martin E. Byrknes, som dreiv ein fabrikk som la ned krabbe i boks, hadde ein gavlbåt liggjande. Sonen Trygve var og interessert i å reise. Båten var 34 fot med ein 14 hk Rabbmotor som var i god stand. Han spurte om å få ta båten, og det var i orden. 

Det var ingen instrument for navigering om bord. Det første vi måtte få tak i var kompass. Vi hadde tatt peiling på ein kompass som stod i ei sjøbu. Den fekk vi tak i. Så fekk vi tak i Alf Utkilen som budde på sørsida av fjorden og fekk kompasset korrigert. 

Så langt hadde alt gått greit. Vi var ni som skulle reise. Trygve Birknes, Knut Edvardsen, Ragnvald Haugen, Peder Sletten, Georg Lydersen og Håkon Karlsen, alle frå Byrknesøy, Olav Wagtskjold, Strand, Nordli og så Sundt som blei den tiande. Men problemet var at det var ingen av oss frå Byrknes som var navigasjonskyndige. 

Gjert Napsøy og Konrad Danielsen hadde stukke ut kursen til Shetland, den var beint vest herfrå. 

Alt var no klart med båten. Dagen vi skulle reise var bestemt til den 14. august 1941. Olav Wagtskjold var reist til Bergen for å hente Strand og Nordli. Nordli var flynavigatør, så han skulle vere navigatør på turen. For ikkje å vekke for mykje oppsikt, kom dei frå Bergen til Mjømna, ei øy som ligg aust for Byrknesøy, og vart henta der i motorbåt. 

Knut og Trygve skulle ta "Notmann", som båten heitte, ut til fabrikken for å ta om bord olje og proviant som Martin hadde ordna med. Vi andre skulle gå ut blant ungdommen som vanleg, men vi skulle møtast på fabrikken klokka 11. Då vi kom til båten, var alt klart. Før vi tok laus, kom Martin med to sekkar kavring som vi skulle ha til matproviant. Han ønskte oss god reise. Men husk ein ting, sa han: - Blir de tatt av tyskarane, så har de stole båten. 

Så bar det til vestsida av Byrknesøy. Der skulle vi møte dei som kom frå Bergen, og dei kom til avtala tid. Men det skulle vise seg at det var éin mann meir enn avtala. Vi begynte å lure kva person det var. Etter at vi fekk dei om bord, trakk den nye mannen fram ein revolver, så då tenkte vi at det heile var over. 

Tyskarane var oppmerksame på det som føregjekk på Vestlandskysten med slik trafikk, så dei sende rundt nazistar for å spionere. Vi rekna med at det kunne vera ein slik ein vi hadde fått om bord. Men etter å ha fått snakka med Wagtskjold, kunne han gå god for at mannen var OK. 

Sjokk nummer to! 
Det var litt disig då vi gjekk, men då vi skulle krysse skipsleia, viste det seg at vi gjekk igjennom ein tysk konvoi. På styrbord side såg vi ein vaktbåt, og på babord eit stykke unna såg vi baugen på ein stor lastebåt. Men til all lukka blei vi ikkje oppdaga, så ferda kunne fortsette. 

Tåka hadde lege tjukk heilt innpå øyane utanfor Byrknes i fleire dagar, så vi hadde håpa at det også skulle fortsette. Men det viste seg at tåka var letta ein god del. Det er ikkje mørkt så lenge på denne tida av året, og med ein så liten motor gjekk det ikkje fort. Vi kursa mot Svalane, nokre øyar som ligg på nordsida av innseglinga til Sognefjorden. Då vi passerte dei, var vi ute i Nordsjøen. Men det var ikkje så lenge etter at dei var passert, at det så smått begynte å lysne. 

På Holmengrå fyr, som ligg på sørsida av fjorden, visste vi at det var ein god del tyskarar. Og med kikkertutstyret dei hadde, kunne vi lett bli oppdaga. Så motoren gjekk for fullt og vel så det for å komme oss så langt vest som mogeleg før det lysna. 
 

No bar det rett vest. Det var 15 minutt å køyre ut til skipsleia som går sør-nord. Den tåkebanken som vi håpa på, hadde trekt seg lenger vest. Så då det lysna skikkeleg av dag, såg vi Holmengrå fyr ganske godt. Vi var spente på korleis dette ville gå. I 12-tida på dagen kom vi oss ut i tåkebanken, og ingenting hadde skjedd. Så no kom optimismen tilbake etter at den hadde vore på lågmål i fleire timar. Vi fortsette mot vest. 

Då vi hadde gått 10 timar frå land, stoppa vi for å ta eit loddskudd. Det var på 70 famnar. Då skjønte vi at vi var komne over Norskerenna. Så bar det vidare mot vest. Tåka letta litt etter kvart, så sikten blei betre til lenger vest vi kom. Det var ein litt vestleg bris, så veret var fint. Om kvelden tok vi eit nytt loddskudd som viste mykje same djupna. Etter kartet som vi hadde, styrkte det oss i trua på at vi var på rett veg. 

Natta gjekk fint. Berre bråket frå Rappmotoren øydela stillheita. Neste morgon begynte vi å speide etter land. Det var disig, men disen letta då sola kom opp. Så, i 11-tida, fekk vi sjå land på babord. Vi styrde mot landet vi såg. Det viste seg å vere sydspissen på Shetland. Vi gjekk heilt oppunder land. Det norske flagget var alt komen til topps. Då kom det nokre engelske soldatar ut i ein gummibåt. Wagtskjold, som snakka bra engelsk, fekk vite at vi var for langt sør og at vi måtte gå langs land på nord for å koma til Lerwick. Så vi følgde landet nordetter, og etter to timars køyring var vi langs sida til vaktbåten som tok oss inn til Lerwick. 

Norske skøyter i hamn i Scalloway på Shetland. Slike fiskeskøyter var ei uvurderleg hjelp i kurértrafikken mellom norskekysten og Dei britiske øyane. "Shetlandsgjengen" brukte dei til å frakte hemmelege agentar, våpen og utstyr til motstandsgrupper og etterretningsstasjonar i Noreg. 

Vi var først til eit lite avhøyr. Så blei vi innlosjert på eit mottak. Der var mange norske frå før som var komne same vegen som oss. Det beste var at vi fekk slappe av etter turen. 

Vi var på Shetland i to dagar. Så blei vi sendt vidare til Buckie. Det viste seg at dagen vi kom til Shetland, var same dagen som vi skulle vore på Åndalsnes i arbeidsteneste. Turen til Buckie gjekk fint. 

Vi var tre båtar som gjekk i lag, med engelsk kjentmann i den første båten. Vi kom til Buckie dagen etter, og overnatta der til neste dag. 

Neste stopp var Aberdeen. Her blei det nytt avhøyr og ny overnatting. Neste morgon blei vi køyrde til jernbanestasjonen og sette på toget til London. Vi blei innkvartert på ein skule i London. Her blei det og nye avhøyr. Vi måtte fortelje alt vi visste om festningar og andre ting som var av interesse. Dei var interessert i alt. 

Vi blei her nokre dagar. Då vi blei slepte fri, bar det til County Hotel. Her blei gjengen splitta. Wagtskjold drog til Canada for å bli utdanna til flygar, Strand og Karlsen til Skottland i hæren. Det var fem av oss som blei plasserte i marinen. Den 1. september 1941 blei vi innrullert i Den norske marine. Den 4. september 1941 blei vi sendt på rekruttskulen Royal Arthur i Skeggness. Her var vi i sju veker. Så den 23. oktober 1941 var eg utlært krigar og sendt til NMLF (Den norske ML-flotilje) i Troon i Skottland kor eg vart plassert på ML-128, som sidan viste seg å bli min arbeidsplass i to år og sju månader. 

Etter å ha vore stasjonert i Troon, blei 4. ML-flotilje om hausten 1941 sendt til Weymouth ved Den engelske kanal. Eg hugsar godt den turen. Vi kom ut i ein storm. Heile Irskesjøen var i eit rokk. Vi kom oss til innseglinga til Cardiff kor vi fann ei bukt som vi ankra opp i, og fekk slappe av til det verste uveret var over. Så bar det vidare forbi Lands End til Weymouth. Her vart det utført patruljeteneste. Turane kunne vare opp til to døgn, og den tida måtte vi vere på vakt. Berre når det var mat å få, kunne vi gå under dekk. Stuerten kom av og til rundt med eit spann varm buljong, og det varma godt. 

Båtane var lite armerte til den tenesta dei utførte. Det var ei lita kanon på fordekket som var beregna for sjømål, og eit Colt maskingevær bak skorsteinen. Colten var god, så det var berre den som kunne brukast mot fly. Vi hadde og ein Hotchkis og ein Lewis Gun på kvar side av brua, men dei var så gamle og utslitne at fekk vi ut nokre skot, så sette magasinet seg fast. 

Utpå våren 1942 blei 4. ML-flotilje delt. Fire av båtane skulle ombyggjast til minelegging. Båtane fekk óg betre skyts. Dei fekk montert Oerlikon der colten stod, og ein dobbel Point Five på akterdekket. Der hadde eg min jobb som skyttar i lag med Knut Kristiansen. Colten blei óg montert. 

Eg vil ta med litt om første turen vi skulle leggje miner. Vi skulle leggje minene utanfor Cherbourg. Vi visste at franskekysten var historias mest bevokta kyst, med svære festningsanlegg langs heile kysten. Så mange av oss rekna med at det var den første og siste turen. 

Det var lang køyring, så vi starta turen tidleg på ettermiddagen. Ei stund etter at det vart mørkt, blei det slått ned på farta. Vi gjekk på sakte fart ei god stund før vi kom i posisjonen som vi skulle leggje minene. Plutseleg kom det ein kraftig lyskastar frå land. Den sveipa sakta langs havflata. Når strålen sveipa over båtane, var det som det var på lyse dagen. V venta berre på at kononane skulle setje i gang, men det skjedde ikkje noko. Tre slike sveip tok dei, men vi blei ikkje oppdaga, så lyskastarane blei sløkt. Etter å ha køyrd ennå ei stund, blei minene lagde og alt gjekk bra. Så utpå formiddagen var vi tilbake i Gosport etter den første mineturen. 

Når alt var klart med båtane, blei vi overført til Dover som blei vår stasjon resten av krigen. 

Kjelde: Boka "Den glemte flotilje" av Anders Petterøe. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal