Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

    
Illegalt arbeid
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 12.09.2002

Arstad/Brun gruppa i Bergen og forgreininga til Byrknesøy. 
Sigurd Årstad kom tidleg med i organisering av ei motstandsgruppe i Bergen. Alt i aprildagane 1940, mens han og ein del andre sjøfolk og militære sat internerte om bord i passasjerbåtane «Jupiter» og «Leda», som låg i Eidsvågbukta, la dei fundamentet til vidare kamp mot okkupasjonsmakta. 

Det utvikla seg - eit kontaktnett som rakk utover det store Vestland var snart etablert. Våren 1941 var det stor aktivitet med båtruter over til Shetland, og båtane hadde med tilbake både våpen og ammunisjon som vart lagt opp nordover kysten. Dei mest kjente på våre trakter som var med i denne gruppa var Reidar Kvinge (politimann og militærkaptein) og Jacob Njøten (salssjef i oljekompani). Frå Gulen-området var kontaktpersonen Harald Hundvin (skulelærar på Byrknes). Hundvin kom tidleg i faresonen for deltakelse i illegalt arbeid, og i juni månad 1941 gjorde han, saman med Arthur Byrknes, Paul Kråkenes og sin trulova Olava Einebærholm, eit forsøk på å kome seg til Shetland. 
Men farkosten, ein 21 fots åpen sjekte, greidde ikkje brasene, og etter dagar kom dei tilbake ved Utsira fyr som første landkjenning. 

Landinga på Karmøy var tett opp til ein tysk festning, men dei var heldig ingen vaktbåt stogga dei. Det var vel den lille båten som ingen trudde kunne komme inn frå det store hav. Etter at motoren var reparert kom dei attende med båten til Byrknes. Var spenninga stor før dei drog ut, så vart den så visst ikkje mindre no. Frå Bergen kom det på same tid to av Årstad / Brun-gruppa som måtte kome seg unna. Det var Reidar Kvinge og Bjarne Iversen. Iversen vart gøymd vekk ute i ein holme og Kvinge drog inn i Masfjorden og la seg i ei hytte der. Jakta etter båtar tok til for fullt, - eit godt forsøk på å få ei skøyte til å føre dei ettersøkte over til Shetland svikta, til stor skuffelse for dei ti som no låg og venta ute i Byrknesøyane. Desse måtte berre dra innover i fjordane og vente på nytt høve. Frå Jacob Njøten kom det no melding om at ein båt var skaffa i Værlandet, og at dei måtte kome seg dit. Om bord i båten som førde dei til Værlandet var det sytten personer, og det vart endå fleire som kom til, før dei la ut på havet frå Håsteinen utanfor Værlandet. 

Ein dag var alle flyktningane som skulle over til England samla. Nokre av dei som hadde prøvd seg før hadde søkt andre vegar, medan andre og nye var komne til. 

Avreisedagen kom med nordavind. Ut på kvelden stilna det og dei gjekk om bord. Dette var ein liten gavlbåt som heitte «Soløy» og høyrde til handelsmann Brosvik i Bulandet. Båten hadde overbygg framme med ein liten lugar. Bak styrehuset er gavlbåtane opne for å gje plass til nota. 
Her rigga dei til ein presenning mot sjøsprøyt og kulde. Om bord i «Soløy» var det 27 personar - begge kjønn. 

Ved avreise stod Sverre Brosvik (båteigaren) på Håsteinen og held ein tale til dei som var redde for denne turen over havet. Dei velkjende orda frå denne talen er: Dei som ikkje tør å reisa over havet med «Soløy» er ikkje verde å kome i kongens klær. Dei om bord i båten kalla desse avskjedsorda frå Brosvik for BERGPREIKA. 

Arthur Krossøy frå Austrheim førte båten. Han hadde god røynsle frå utanriksfart. Med den lasta han hadde no var det langt frå nokon fisketur han skulle på. Det vart langt frå nokon god tur vestover. Med rikeleg brennstoff og mange passasjerar om bord låg båten tungt i sjøen. 
Å få det heile til å fungera med så mange om bord var ikkje lett. Dei sat som sild i tønne og låg som sardin i boks. Sjøen slo inn over båten og presenninga bak, og då kom det nok ein del ulydar frå dei som sat der. 

Men føraren var roleg, han let seg ikkje merka med noko. Etter uttrykket i andletet hans var alt under kontroll. Blant passasjerane var det ein god del sjøsykje og manglande matlyst. Likevel rådde optimisme. Redsla for å verta tekne av tyskarane minka etterkvart. Det gjekk ei heil natt og ein heil dag fram til klokka 23 før dei kunne byrja å vona på landkjenning. Før midnatt såg dei land. Det vart gledeshyl blant den slitne gjengen i den vesle båten. 

Frå Værlandet vart det og sendt med ein stor fin laks som helsing til Kongen i London; - og den vart flybåren - så snart «Soløy» kom i hamn på Shetland. 

Liste over dei som var med «Soløy»: 

M/B «Soløy» - SF 90 A - drog frå Værlandet 2. august 1941 med 27 personar, av desse 6 kvinner, og kom til Baltasund 4. august. Skipper på overfarten var Arthur Krossøy, Byrknesøy. Ferda var organisert av dei som var med, med hjelp av Sverre Brosvik, Værlandet, og Årstad-Brungruppa i Bergen, som hadde finansiert ekspedisjonen. «Soløy» var 27 fot og halvopen, og var truleg den tyngst lasta av alle båtar som drog over Nordsjøen under krigen. Båten vart naglesprengd under overfarten og sokk ved kai i Lerwick natt til 5. august. 

Ein veit at desse personane var med: 

Fiskar og motormann Endre Birknes, f. Gulen i Sogn 1914 
Fiskar Arthur L. Byrknes, f. Gulen i Sogn 1917 
Student Per Hysing Dahl, f. Bergen 1920 
Forretningsmann Einar Engelsen jr., f. Bergen 1913 
Lærarinne Gertrud Halsøy, f. Askvoll 1900 
Sjukepleierske Gudrun Helle, f. Holmedal i Sunnfjord 1908 
Røde Kors søster Kaia Helle, f. Holmedal i Sunnfjord 1905 
Motormann Philip Hellevik, f. Bergen 1913 
Hushjelp Milla Holm, f. Byrknesøy i Sogn 1919 
Lærar Harald Hundvin, f. Lindås 1913 
Inga Ingvaldsen, f. Fedje 1921 
Telegrafist og sivilflygar Bjarne Iversen, f. Trondheim 1910 
Fiskar Paul Kråkenes, f. Solund i Sogn 1912 
Styrmann Arthur Krossøy, f. Austrheim 1909 
Politikonstabel John Reidar Kvinge, f. Bergen 1912 
Fiskar Sigfried Landø, f. Landøy 1913 
Fiskar Bernt Myrvåg, f. Myrvåg i Sunnfjord 1921 
Motormaskinist Magnus Otterstad, f. Masfjorden 1912 
Student Louis Pettersen, f. Fana 1919 
Student Birger Rasmussen, f. Drammen 1920 
Handelsgymnasiast Edvard Eckhoff Rieber-Mohn f. Bergen 1920 
Hushjelp Olava Einebærholm, f. Byrknesøy i Sogn 1921 
Fiskar Olaf Værøy, f. Værlandet 1920 
Stud.phil. Erling Welle-Strand, f. Bergen 1916 
Forretningsmann Per Westergård, f. Altona 1916. 

Kristian Stein - organisasjonen - ein av dei største i motstandsrørsla på Vestlandet. 

Kristian Stein var ekspeditør ved Bergen Postkontor då krigen braut ut. Han var ein høg sjarmerande kar - «eit godt menneske med eit reint sinn» - som det seinare vart skrive om han. Under felttoget i april 1940 var Kristian Stein ordonans for dei norske styrkane på Voss. Nokre månader seinare hadde denne mannen stabla på beina ein organisasjon på fleire hundre personer fordelt langs heile Vestlandskysten, og det var nær sagt ingen grenser for kva dei famna over. Organisering av Englandsfart, illegale aviser, våpentransport, våpenopplæring, spionasje, hemmelege radiosendere som formidla rapportar til England - til og med sanitetsgrupper var med i organisasjonen. Som postekspeditør i Bergen, stadig på reiser med rutebåtar på kysten og i fjordane, med hurtigruta Bergen-Kirkenes, så var han som «utplukka» til å organisere illegalt arbeid i og utanfor Bergen. 

Stein-organisasjonen starta med skøytetrafikk til Shetland alt i 1940, og i denne farten vart mange av hans kjende ute i distrikta trekkte inn. Det var for det meste handelsmenn, postekspeditører og båteigare. Eit samspel utvikla seg, dei som eigde båtane henta olje og proviant hjå handelsmannen som var registrert når ein overfart skulle skje. Dei satsa, tok store sjanser. Dei rekna med at det ikkje ville vare så lenge, før engelske marinestyrkar kom og gjorde oss fri. Det kom ingen invasjon, - men det kom noko som verre var. Stein-organisasjonen i Bergen sprekker. 

Ein av dei største illegale gruppene sprekker i slutten av september 1941. 

Ein med navn Marino Nilsen frå Ålesund hadde greidd å kome seg inn til nøkkelpersonane i organisasjonen, og der fått tak i nok opplysningar til at han som spion kan gå til Gestapo i Veiten og melde frå. Han vart oppdaga då han gjekk inn i bygget i Veiten, men det var for seint. Det var alt lagt opp til likvidering av Marino Nilsen men noko klikka, - den vart utført av ei anna gruppe i Ålesund året etter. Hans innsats for fienden til då, - var at eit utal nordmenn hadde fått dødsdom og andre sendt til tyske konsentrasjonsleirer. Kristian Stein og andre i leiinga av organisasjonen var klar over at det hasta med å kome seg vekk. Stein hadde fått kontakt med styrmannen på rutebåten «Lygra», Norvald Sætre frå Austrheim, som eigde ei prektig skøyte på 47 fot. Sætre forstod straks at situasjonen var prekær og gjorde skøyta straks klar for røminga. 
Veret var ikkje på flyktningane si side den dagen dei skulle dra ut til Bakkastraumen for å gå om bord. 

Dei venta litt, - ein utsettelse som skulle få kolosale konsekvenser. Kristian Stein og mange av hans medarbeidere vart arrestert 2. oktober 1941. Til og med kona til Stein, Borghild og deira dotter Svanhild vart henta inn til avhøyr hos Gestapo i Veiten. Under arrestasjonen heime i Bohrsgata hadde Svanhild greid å lure unna eit notat som faren hadde i ei jakkelomme, der Sætre sitt navn var notert. Det redda nok livet til Sætre, - og han nevner ofte dette hellet når ein kjem inn på hendingar under krigen. Kontoret som organisasjonen hadde brukt låg på Torvalm., og alt dagen etter arrestasjonane vart dette overteke av Gestapo. På kontoret fann dei lister over mange av dei som var med og som hadde fått utlevert registreringsmerke. Så var det berre for Gestapo å køyre rundt og hente inn til avhøyr og fengsling. 

Med denne arrestasjonsbylgja vart det fullt opp både i Veiten, Bergen Kretsfengsel og på Ulven fangeleir. Utfartsårer vart sperra i fleire veker, båtar og tog vart kontrollerte over alt. Gestapohuset i Veiten vart eit «Skrekkens hus». Oppover i etasjene sat dei verste av Gestaposjefane ein kjende til, fekk utført tortur av verste slaget. Dei arresterte vart etter harde tokter slengt ned i den mørke kjellaren, i nakne rom og med sementgulvet som liggeplass. Så sterke avhøyr og tortur enkelte fekk i Veiten gjorde at arrestanter fann einaste løysinga å hoppa ut frå 4de etasje, og med det gjere slutt på det. 
Stein-organisasjonen hadde alt nytta mange av sine kontakter nordover Vestlandet, og i kommunane Gulen, Solund, Hyllestad og Askvoll var der mange involverte. 

Sverre Furnes vart den første frå Gulen. 

Han hadde teke imot registreringsmerke, og lova å hjelpe til i situasjoner som kunne oppstå ved den ventande invasjonen. Furnes var motormann på kystruta Bergen-Kirkenes. Straks båten var komen til kai i Bergen 3. oktober 1941 hoppa Gestapo om bord, fann fram til lugaren og Furnes. Dei fann det dei var ute etter, og tok han med strake veien til Veiten. Etter avhøyra der vart han sterkt «sjokka» sendt i Bergen Kretsfengsel. Nokre veker der, så vart det Ulven fangeleir. Der måtte fangane etterkvart utføre diverse slavearbeid, som å bygge på veiene rundt Ulven og på strekninga Søfteland - Nesttun. Dei måtte traske og gå fram og attende kvar veg og det var hardt for mange av dei svakaste. Eit lite lyspunkt mens dei var på Ulven - det var visittane hjå fru Søfteland (kjend for sin innsats for Ulven-fangane). Ho greidde til og med å ordne treff heime i kjellaren sin, for fangar som fekk møte sine kjære der. 

Det varte ikkje så lenge før alle fangane frå Stein-organisasjonen vart sende austover og skipa avgårde til Tyskland. I konsentrasjonsleire i Tyskland vart Furnes verande i over 3 år - flytta frå leir til leir. At han med så dårleg helse frå før greidde å overleve i desse leirane er heilt ufatteleg. Vi har saksa litt frå ein rettargang som vart avvikla i Kiel ut på året 1943. Hans medfange Qscar Magnussen frå Bergen skriver om dette i boka si: «Jeg vil leve»: 

Sverre Furnes vart kalla fram i tiltaleboksen som førstemann den dagen. Om han kjende seg skyldig? Ja han gjorde då det. Navnet hans var funne i kartoteket til Stein-organisasjonen i Bergen, og han hadde motteke «merket». Det var riktig, men elles var han uskyldig som eit barn. 
Retten ville heller ikkje påstå noko anna. Men medlemskap i Stein-organisasjonen var alvorleg nok, og dei fann å måtte døme han til fem (5) års tukthus som straff. Furnes bukka fornøgd og gjekk tilbake på benken og sette seg. 

Fangelivet varte endå fleire år i dei fælaste leirane der nede. Mor og søsken visste ingen ting om han mens han var fange i Tyskland. Heilt på slutten, ikkje motstandskraft igjen, vekta 34 kg, - då vart han henta fram og båren ut på ein av dei kvite bussane og kom til Sverige. Eit lengre sjukeopphald der, - men han kom seg til og ein vakker dag steig han i land frå rutebåten på Furenes. Furnes byrja igjen med det han vart teken frå fire (4) år tidlegare, og etter ei tid hadde han skaffa seg «papira» og kunne reise ut igjen, no som maskinsjef. Det vart knallhardt. Etter nokre år måtte han ta seg verkstedarbeid på land. Så flytta han saman med kona til Furenes og bygde seg ny heim i Lauvika. 

Gestaposkøyta kjem til Furenes. Dei skal hente Ingvald Austgulen... 

Vi har sterke minner frå den oktoberdagen i 1941 då Gestaposkøyta klappa til kaien på Furenes - og fleire avskyelege personer sette kursen mot butikken. 

Eg vil prøve å formidle historia bak «nesten-arrestasjonen» slik vi i familien opplevde den. Kristian Steinorganisasjonen hadde fått overta ein båt (agentbåt) på 37 fot av handelsmannen Markus Nese i Arnafjord. Båten skulle gå til Shetland med ettersøkte i organisasjonen som no måtte kome seg unna. «Arnafjord» vart den siste båten som kom seg over til Shetland før organisasjonen sprakk og massearrestasjonene tok til. 

«Arnafjord» kom til Furenes ein fin haustdag i september 1941, og då Austgulen ikkje var heime, la dei seg til å vente. Eg som styrte butikken og kaianlegget vart ikkje godteken av dei tre personane ombord i denne båten. Ut på dagen kom far igjen og den hemmelege ekspedisjonen tok til. 

Det vart lasta ombord 3 fat solarolje og ein del proviant, og så sette dei kursen forbi neset og sydover. Vi som stod igjen på kaien uttalte våre håp om at turen over havet måtte lukkast. Kristian Stein var godt kjend i Brandangersundet - hans svigerfar kom frå Lid og familien Stein hadde hatt sine ferier der. For han så var det naturleg å trekke vår far inn i leveranse av olje til båtar som organisasjonen brukte. «Arnafjord» var den første og det vart den siste. For nokre veker etter at denne oljen var levert, så kom Gestaposkøyta til kaien på Furenes. Denne dagen var det også meg som styrte butikken. På land hoppa det uniformerte og nokre velkledde - andre personer som eg straks var klar over måtte vere Gestapo. I det same eg såg dei kome til butikken tenkte eg på 2 gevær som far hadde liggande i mellomgulvet på loftet - og at no fekk vi rassia etter våpen og radioapparat. Det var nok i eit anna oppdrag dei hadde lagt turen hit. Dei skulle hente far. Han var i Bergen ein tur, og dermed så vart det meg som måtte ta første avhøyret, og det vart inntil murveggen på lageret. Med Gestaposjefen tett inntil, med augene rett i meg - stilte han sine spørsmål. Ved sida av stod ein tysker med våpen i handa. Spørsmåla som vart stilte var for så vidt enkle, men svara eg gav visste eg kunne få uante konsekvensar, så eg måtte prøve å ikkje misse fatninga der eg stod. Stiv og skrekkslagen svarte eg på dei spørsmåla som kom. 
Kor budde min far i Bergen? Nei det visste eg ikkje, for det var vanskeleg å få hotell for tida. Han hadde vel telefonert heim? Nei det hadde han ikkje. Visste eg noko om ein kvit båt (agentbåt) «Arnafjord» som hadde vert her å henta olje? 
Nei - det var ukjent. Ingen slik båt hadde eg sett. 

Så ville han ha fram ekspedisjonspapira for rutebåtane, for der å finne ut om oljesendinga frå Bergen. Nei kart og følgebrev kasta vi etter kvart, for dei hadde ingen verdi for oss. 

Måtte konsentrere meg - for ikkje å sjå på skuffa der alle karta og følgebreva låg tre meter unna. Dei to framfor meg såg på kvarandre - eg tenkte kva vert det neste. Dei spurde etter andre vaksne personer i huset. Det måtte bli mor som sat oppe i stova saman med mine søsken. Mens dei var på veg opp, tok eg baktrappa i eit par byks, og fekk sagt frå at dei ingen ting visste om båtar og olje. Så ned igjen - for no måtte det handlast og det snart. 

Skuffa med ekspedisjonspapira vart henta ut, fram med eit par havregrynsekker, la karta på botnen og havregryn på toppen. Fekk min bror Malvin til å hjelpe til med dette litt vanskelege arbeidet ute på mjøllageret. Etter at skuffa var tømt, fekk vi sekkane godt plassert midt inne i varestabelen på lageret. 

Snart var Gestapo nede i butikken igjen, - tok telefonen - bestilte Statspolitiet i Bergen og bad om at alle hotell vart undersøkt for å finne Austgulen, kunne eg hindre dei noko med denne telefonen til Statspolitiet. Kunne eg få tak i far før Gestapo i Bergen kom på hotellet. Malvin vart sett som butikkvakt og eg sprang til naboen Håkon Furnes, kalla opp Dalsøyra og bad om prioritet for min telefon til Bergen, og det fekk eg, men far var desverre ute. Ein amputert melding vart lagt ned i resepsjonen med beskjed om at det hasta med å få den overlevert. Ved midnatt kom Gestapo til hotellet og avhøyra der tok til. Det gjekk bra - han hadde ikkje noko fellande bevis på seg og dei trekkte seg tilbake førebels. 
Salssjefen i oljekompaniet, Larsen, vart kontakta over telefon straks dei var gått frå hotellet, og han sette sine «disipler» på kontoret i «sving» midt på natta. Når Gestapo kom på selskapets kontor klokka sju om morgonen etter for ransaking, så var alle papira retta opp slik at ikkje noko unormalt kunne bevisast. «Katt og mus» leiken på Furenes hadde så langt lukkast. 

Etter telefonsamtalen Gestapo hadde frå Furenes til Statspolitiet i Bergen å dømme, så fekk eg inntrykk av at dei betrakta meg (16) som lite oppvakt, noko eg ikkje hadde vondt av å høyre nett då. Dette inntrykket heldt eg på å øydelegge dagen etter då sjefen kom å sa at han skulle ha utlevert 2 fat solarolje frå lageret. Det var restpartiet etter sendinga til «Amafjord» og som denne båten ikkje makta å ta med til havs. Det skulle vere plass til over tjue rømlingar på «Arnafjord» også. Oljefata skulle han sjølvsagt få men eg ville ha kvittering for utleveringa. Dei augene denne mannen då sette i meg gløymer eg aldri, og eg skulle berre visst kven den store mannen i den store frakken var. På kvitteringa noterte han med navnet Johan Paulsen - men hans rette navn var Hilmar Johan Bjørgan. Den verste av dei alle som hadde verva seg til teneste hos Gestapo i Bergen. 

Som tidligare polititenestemann i Bergen, og nå «nazifrelst» så var han godt rusta for «jobben» i Gestapo. Det var Hilmar Johan Bjørgan som var hovedmannen bak opprullinga i Telavåg i 1942. Han engasjerte seg på alle måtar for å ta knekken på Englandsfarten som der hadde utvikla seg på den tida. Som bokseljar, sportsmann og som ettersøkt av Gestapo prøvde han å kome seg inn blant folket i grendene der ute på Sotra. Han greidde det. Då agentane frå England som låg på loftet til Laurits Telle fekk overraska besøk, så var Bjørgan ein av dei mange frå Gestapo som var på tunet. Dei norske agentane Hvaal og Værum prøvde å skyte seg fri men det lukkast ikkje. Ein av Gestaposjefane frå Veiten SS-Surmbannfuhrer Behrens vart drept der, og dette skapte ein kraftig reaksjon frå Rikskommissér Terboven. Heile bygda Telavåg skulle brennast, alle skulle arresterast. Og til skrekk og advarsel så vart 18 fanger som sat inne for fluktforsøk o.l. henretta etter opprullinga i Telavåg. 
Som straff for det han fekk utført for Gestapo under krigen fekk Hilmar Johan Bjørgan 18 års tvangsarbeid. 

Kristian Stein (42) vart henretta i Tysk tukthus nær Hamburg før jul 1942. 
Markus Nese (70) eigar av «Arnafjord» vart arrestert og teken med på Gestaposkøyta i oktober 1941. Han vart sett fri året etter. 

Ingvald Austgulen vart ikkje arrestert. Dei involverte kom Gestapo i forkjøpet - og dermed var han redda. Frå Stein organsiasjonen vart over tohundre personer arrestert - dei fleste sendt i tyske konsentrasjonsleirer. Mange vart dømt til døden og henretta i Tyskland. Sytti av dei som var i Tyskland kom ikkje heim etter krigen. 

M/B «Arnafjord» drog frå Hernar 27. september 1941 med 20 personar, av dei fem kvinner, og kom til Lerwick 29. september. Desse personane var med: 

Oskar Dale, Framfjord 
Magnus Eikanger, Salhus 
Elise Eriksen, Bergen 
Jonas Fjellheim, Hernar
Sverre Fredheim, Sævareid 
Ivar Grimstad, Bergen 
Per Grimstad, Bergen 
Petter Emil Hopen, Bergen 
Løchen Steen Johannessen, Bergen 
Herman Løland, Bergen 
Einar Mundal, Fjærland 
Kate Nilsen, Bergen 
Otto Nordgren Bergen 
L. Norman, Bergen 
Rolf Nygaard, Bergen 
Louis Pedersen, Bergen 
Haakon Straume, Framfjord 
Oskar Olsen Sulen, Sulen 
Josef Sæbø, Bergen 
Gerd Week, Bergen. 

Siste reis for Kristian Stein-folk 
Det var den 27. september 1941 at «Arnafjord» stakk ut fra Hernar. Den hadde tidligere vært brukt som agentbåt for kjente vestnorske firma og var derfor så fin og full av glass at den lokale motstandskontakt på Hernar - Ole Olsen - fekk dekka til «vinduene» så båten betre kunne tåle sjøen. Den var på 48 fot og var utstyrt med ein 20 hk «Rubb». Ferda var organisert av Kristian Stein-organisasjonen som hadde skaffa båten i Ytre Sogn. Flyktningene som alle var fra Bergen drog med rutebåt til Hernar. I alt var det 20 personer ombord, derav fem kvinner. 

Overfarten var hard, og ei tid var det alvorlig fare for at båten skulle bli broten ned, men 29. september kom «Arnafjord» fram til sørspissen av Shetland. Den same 20-hesteren står om bord i båten framleis. No er farkosten 75 år, men er seilbar fremleis, sier den stolte båteigaren. 

Lensmannen som ikkje ville lystre .... 
Lensmann Jacob Eikenes pådreg seg vrede frå Statspolitiet i Høyanger. 

Straks det kom melding om at tyske marinebåtar hadde overteke Bergen - men endå ikkje sett kursen nordover Vestlandskysten, mobliserte lensmannen i Gulen vakter ute på nes og brygger i kommunen. Til alle telefonkablar, over sund og fjordar fekk han tilført vaktmannskap med våpen. Gevær henta dei i skyttarlag og hjå private som hadde slike. Det vart knapt med våpen til alle vaktene rundt om. Vaktene i Levresund måtte møte med haglgevær og den eine, ein ungdom frå Kjelby måtte på låven å hente ein høygaffel som erstatning. Der stod dei i nokre dagar og netter klar til å gripe inn om nokon fiende kom for å kutte kabelstrekket. 
Telefonnettet var svært viktig å verne om for å halde oppe kontakten nordover Vestlandet som endå ikkje var hærteke. 

Det varte ikkje lenge før dei tyske marinebåtane kom sigande nordover og etablerte seg på dei plassane som var peika ut. Rutledal var ein av desse, Sygnefest og Riseneset kom til seinare. Ein god del tyskere samla seg i Rutledal og lensmannsetaten fekk straks meir å gjere. Frå Byrknesøy drog etterkvart mange over til Shetland, og det var lensmannen sin plikt å etterforske slik røming. Det vart farlege situasjoner for dei som hadde hjelpt til - og for slektningane til dei som reiste, ikkje minst. Lensmann Eikenes var alltid våken for kva som var det beste for folket i kommunen,-og han redda sikkert mange frå å bli arrestert i dei åra han fekk vere lensmann under krigen. Tilslutt så ville ikkje Statspolitiet ha han i stillinga lenger. Dei var ikkje nøgde med måten han utførde ordrane på. Eikenes vart kalla til Høyanger der dei tyske hadde hovedkontoret sitt. 

Etter avhøyr der så vart han sendt til Bergen for vidare gransking. Han fekk reise med rutebåten frå Høyanger under kapteinens ansvar på reisa. 
Kapteinen som han kjende frå før gav han lov til ein kort visitt på land i Eivindvik, og der fekk han snakke med nokre av sine kjende mens båten låg ved kaia. Dei brukte den korte tida til å diskutere røming, - hadde ein plan som dei trudde skulle føre fram. Det var at Eikenes skulle lure seg over rekka ved Tunsberg i Ånnelandsundet der sundet er på det smalaste, og så skulle dei ha ein båt der for å fiske han opp. Dei kjende også til illegale grupper som kunne bringe han vidare over til Shetland. Eikenes avslo - risikoen for dei som no involverte seg talte han frå planen, og turen fortsette til Bergen. Der stod Gestapo klar - «putta» han i bilen og vidare til Veiten. Det vart fengsel, og det vart opphald i fleire konsentrasjonsleirer i Tyskland. 

Mens han sat der i leirane, så angra han sikkert på at han ikkje tok strabasane med opplegget «mann over bord» i Ånnelandsundet. Han kom heim - fekk stillinga som lensmann i Gulen etter fredsslutninga i mai 1945. 

Askgruppa i Sandefjord 

Johan Midttun frå Eivindvik i Gulen vart henretta for illegalt arbeidt alt i desember 1941. 

Midttun var ein av leiarane i Askgruppa og vart arrestert av Gestapo 15 mars 1941. Ein større rassia kom i Sandefjord og Larvik-området litt seinare i mai månad, og ved denne rassiaen vart det henta minst 25 personer. Dei gjekk til og med til middagsbordet i eit brullaup og plukka dei mistenkte med seg. Askgruppa opererte på ymse felt, men det var helst på radiofronten, rapporter til England og så hjelp til flyktningar vestover til England og austover grensa til Sverige. Det vart avsagt dødsdom over fleire av dei som var med i gruppa. Johan Midttun som var i leiinga fekk alt sin dødsdom 13. september 1941 og den vart fullbyrda 4. desember same året. Ein av dei fire som sat fengsla på Akershus før denne datoen,fekk blindtarmbetennelse og vart sendt opp på Ullevål sykehus. Dette var Skau Olsen og han greidde å få overtalt ei sjukesøster til å skaffe seg ein nøkkel og på den måten kom han seg ut av sjukehuset. Ei tid i dekning,så bar det over grensa til Sverige og vidare til England. 
Han var til då den første med dødsdom som hadde greidd å rømme. Han redda livet. 

Johan Midttun fylte 50 år mens han sat i fengsel på Akershus. 

Midttun, Johan, ingeniør, Sandefjord. Født 10. juli 1891 i Gulen, s. av Otto J. Midttun, f. 1854 i Gulen, og Nikoline f. Mølmesdal, f. i Lavik. 
Gift 1917 i Bergen med Sophie Charlotte, f. 1891. Teknisk skole, motorkurs. Dreiv spionasje- virksomhet og sendte opplysninger til norske styrker i England. Blei arrestert 15. mars 1941 og skoten på Akershus 4. desember s. å. Broren Hjørleiv omkom 1942. 

Andre frå Gulen som vart fengsla og sendt til konsentrasjonsleir i Tyskland 

Anton Kjellevold 
Harald Schelderup Kjellevold 

Brørne Kjellevold hadde stilling i Bergen Politikammer. Deltaking i illegalt arbeid innen politietaten var grunnen til at Gestapo greip inn og straffa med lengre opphald i konsentrasjonsleir i Tyskland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal