Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Senkinga av lastebåten «Inger 6» i Instefjord
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Lastebåtane som farta langs kysten brukte å gøyma seg bort i trange fjordar som låg nær kysten, når dei frykta angrep frå engelske fly eller ubåtar. Instefjord i Brekke er ein slik fjord godt skjerma med fjell på begge sider. I 1944 hadde to store lastebåtar tilhøyrande rederiet Jacob Kjøde i Bergen ankra opp inne med stranda på vestsida av Instefjord. 

Båtane var i tysk teneste med tysk mannskap og under tysk kommando. 

Ein ettermiddag kom der plutseleg ein sverm på 25-30 engelske fly frå syd, gjekk ned mot båtane og fyrte laus. Åtaket var vellykka, den eine båten «Inger 6» byrja å brenne og folket ombord måtte flykte. Kor mange som miste livet av dei tyske som var ombord veit ein ikkje, - men etter det som folket på gardane registrerte så var det ein del. Blodete klær fann ein oppe på stranda ei tid etter. Den andre lastebåten kom seg unna for eigen maskin etter angrepet. Endå mens det brann ombord i «Inger 6» var det to ungdomar frå Asheim som entra båten. 

Dei tok ein stor risk, men det gjekk godt. Mellom anna hadde dei med seg heim ein del lysrakettar, og desse vart for moro skyld sendt opp seinare om kveldane. Festninga ute på Nesje registrerte dette, og dei sende innover dei mest hurtiggåande båtane dei hadde. På den tida så opererte det norske styrkar oppe i fjella (Bjørn West) noko som dei tyske no var kjend med, og hadde stor frykt for. 

Denne opplevinga med det store uventa flyåtaket i Brekke skaka opp folket. At åtaket var omfattande fekk dei bevis for, - ved at dei seinare fann ein ueksplodert granat i ein åker på Haugland. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal