Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

     
Innlevering av radioapparat
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Avleveringsplikt er uten hensyn til eiendomsforholdet, den som besitter eller forføyer over apparatet. Medlemmer av Nasjonal Samling er unntatt fra avleveringsplikten, men de må forplikte seg til bare høre på den norske Rikskringkasting og de rikstyske sendinger. Slik erklæring må avgis til det norske politi. Apparatene må være pakket slik at de lett kan tas ut til kontroll ved avlevering. Det skal nemlig kontrolleres at batterier, rør etc. er tilstede. 

Frå den velkjende tyske rikskommissér Terboven kom det ordre om at alle radioapparat skulle leverast inn innan 1. august 1940. Lensmannen skulle ta imot, registrere og setje dei på eit godt forsegla lager. Folk skulle levera dei inn sjølve og dei vart truga med straff og bøter dersom dette ikkje vart gjort. Mange historier kan forteljast i samband med innlevering av apparat, og om den fantasi som vart henta fram for å sikre seg lytting frå England. Dei som hadde to apparat, leverte gjerne inn det ringaste eller eldste, og heldt fram med å bruka det andre. Ein tenkte ikkje over følgjene ved å løysa problemet på denne måten, og det vart mange, - så altfor mange - som vart hekta og fekk straff både med fengselsopphald og det som verre var. 

Ei spesiell historie frå Brekke må koma fram om dette med innleveringa. Under bærbusker på Takle sette deg seg - eit par karar, - gode naboar og vener, - og dei prata om det faktum at dei no måtte levera inn radioapparata og ikkje skulle få nyhende frå England. Desse karane var Ivar K. Botnen og Hans B. Takle. Ivar hadde tenkt ut ein plan. Kolbjørn Hjartholm, Sigvald Oppedal og skulemeistaren Nils Dale vart tekne med i planen. 

Lensmannen i Lavik og Brekke, Johannes Instefjord, var kjend som ein god nordmann, så dei rekna ikkje med å verte møtt med sterke avhøyr hjå han. Men så til planen... Dei som hadde radio i bygda skulle kome med sine apparat til oppsamlingsplassen i skulehuset på Takle, og så skulle to av karane føre dei med båt over Sognefjorden til Lavik. Ivar K. Botnen og Kolbjørn Hjartholm tok oppdraget med fraktinga. 

Denne turen over fjorden måtte passe inn med god vestavind, slik at dei hadde fin bør. Det var vanleg på den tid å nytte segl - påhengsmotoren var ikkje komen - og ein såg helst at ein slapp å ro i vinden som kan vera sterk nettopp i dette området. Ein høveleg dag vart bestemt, og dei håpa på vestavinden. Dei som skulle segla oselvaren, lasta ombord kartongar godt synleg i båten, og tok i veg. Berre dei involverte visste at kartongane ikkje inneheldt radioapparat, men stein. Apparata vart igjen på land godt sikra i tørt rom. 

Den uttenkte kollseglinga skulle skje nærast nordsida av Sognefjorden, utanfor Lavik. På eit avtalt tidspunkt skulle der kome ein motorbåt for å ta opp dei to som skulle liggja på båtkvelvet borte i fjorden. Sjølve kollseglinga gjekk etter opskrifta med god hjelp frå karane ombord. 

Kartongane for til «botnen». Sognefjorden er spesielt djup der, så verken lensmann eller den tyske marinen hadde noko som helst sjanse til å henta dei opp. Men redningsmannen i motorbåten var ikkje å sjå, og det såg heller mørkt ut der dei låg. Det utrulege hadde hendt, han som var utpeika til å vere redningsmann hadde ikkje notert seg nøyaktig dag og tidspunkt. Vel heimkomen frå ein annan båttur såg han at oselvaren var vekk - og han vakna «til gagns». Det vart full «skrue» på Sabben over fjorden til avtalt stad. I mellomtida hadde ei kone på garden Hellebø høyrt rop om hjelp, og oppdaga deretter at det var noko som flaut bort i fjorden. Dei som sat på båtkvelvet vart redda av folk som kom frå Hellebø før Nils Dale kom til med motorbåten. 

Radioapparata som angiveleg var gått til «botnen», vart registrert som tapt hjå lensmann Instefjord. Folk var sjølvsagt oppskaka over ulukka. 

På Takle vart nokre apparat henta fram frå gøymeplassen, og nyhende frå England fekk dei, men ikkje ut frå kvar si eiga stove. 

At ei slik hending, eit slikt utspekulert trekk kunne haldast hemmeleg i alle dei åra frå 1940 til 1945, er eineståande. Skulemeisteren Nils Dale vart likevel teken i samband med radiolytting og anna illegalt arbeid. Han vart sett i einecelle på Ulven 21. juli 1943 og sat til 7. september same året. På Ulven vart Nils Dale næraste vitne til at seks norske marinefolk og ein engelskmann var ført ut til henretting 30. juli 1943. Desse tilhøyrde ein norsk marinebåt som hadde søkt tilflukt i ei bortgøymd vik på øya Ospa i Solund. Henrettinga av desse var eit av dei verste brotsverk som vart utført av okkupasjonsmakta og Gestapo i vest. 

Etter freden i 1945 kom apparata tilbake til sine rette eigarar, - og dei fekk heidersplassen der dei tidlegare hadde gjort nytte for seg. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal