Tysk jagarflygar redda seg i fallskjerm
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 08.09.2002
Dei engelske flya var svært opptekne av festningsanlegga
i Ytre Sogn, Nesje, Rutledal og Riseneset. Ved eit av desse nærgåande
besøka gjekk dei tyske til motangrep med sine fly som vart tilkalla
frå Herdla og Sola flyplass. I kamp utanfor Nesje vart eit av dei
tyske flya så skada, at flygaren valgte å sette kursen tilbake
til Herdla. Så langt kom han ikkje.
På Mjømna høyrde folk at eit fly nærma
seg,- ujamn flydur, det kom lågt og utan styring, og dei vart klar
over at noko drastisk kom til å hende.
Flyet fall plutseleg med eit brak på vestsida av
fjellet på øya. Flygaren hadde kome seg ut og kom dalande
gjennom lufta i fallskjerm, var heldig med landingsplassen slik at han
overlevde samanstøyten, men var mykje såra. Harald Mjømen
saman med nokre andre kom til, og med ein stige som båre vart den
skada flygaren frakta til gards. Stygge beinbrot og store åpne sår
gjorde at dei sende bod på lege straks.
Butikken på Mjømna vart teken i bruk som
«operasjonstove», så snart legen Hallvard Natvik var
komen til. Etter spjelking og forbindingar vart flygaren sendt vidare til
Byrknes, til den tyske vakttroppen som var der. Vidare gjekk vel turen
til sjukehus i Bergen, og flygaren slapp sikkert å dra på flytokt
på lang tid. Gjert Iversen som fortel historia om flykrasjet på
Mjømna var denne dagen ute på sjøen for å trekke
sine hyseliner. Frå båten såg han alt som hende, og denne
opplevinga frå gutedagane står sterkt i minne. Plassen der
flyet fall ned vert nå kalla «Flyhågen». |