Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

                       
Då krigen kom
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Mobiliseringsordren kom alt 9. april 1940. Ungdomar som hadde gjennomført rekruttskule i Infanteriregimentet I.R.10 Sogn og Fjordane og I.R.9 for Hordaland skulle møte snarast på Voss. Der hadde dei norske militære framleis styringa. 

Voss hadde i lange tider vore samlingsplass for militær opplæring på Vestlandet. Rutebåten Kommandøren var rekvirert for transporten innover til Gudvangen som var utpekt som oppsamlingsplass. 
Lokalbåtane Værøy og Nesøy tok også del i denne transporten. Frå Solund gjekk det skøyter direkte med dei ungdomane som skulle møte der i frå. Med mørklagde båtar var det fare for kollisjon på veg innover Sognefjorden, og dette hende desverre mellom to båtar frå Solund i Nærøyfjorden. Dei høge fjella og den landskuggen dette skaper var årsak til kollisjonen, der M/S Maiblomsten frå Bulandet sokk. 

Å dra ut, bli kalla til militærteneste, og alt vite kva dei tyske stod for med hensyn til krigsutstyr og framferd mot dei som gjekk til forsvar, - var veldig tøft. Frå heimane vart gutane følgde til brygga, og farvelsenene var sterke. Tung stund for mor og far spesielt. Krig, - heilt ufatteleg, så ukjent for folket i vårt land. Det var vanskeleg å styre sine kjensler. Ville sonen kome heim att? Etter kvart vart det mange ombord i båtane, og på kvar stoggestad innover fjorden kom det nye til. Stemninga ombord var bra, - men etter som timane gjekk med lite søvn, og at ein nærma seg målet, så vart dei fleste meir tagale. Tyske fly var over dei, men dei gjekk ikkje til åtak. 

Frå Gudvangen skulle dei bli førde til Voss med bilar, men føret var slik at bilane ikkje kom seg opp Stalheimskleiva, og dermed så måtte dei traske i veg til fods. Ein strid tørn etter ei lang reise. 

Frå Stalheim vart rekruttane førde vidare i opne lastebilar fram til Bømoen på Voss. Mottakinga på Voss var dårleg organisert. Utlevering av militære effektar var utan skikkeleg styring, Militærfrakkar var der ikkje, heller ikkje hjelmar var der att. Frakkar var svært viktige for å halde kulda ute, og kulda fekk dei føle sterkt når dei kom endå lenger aust til Valdres. På Voss var der heller ikkje ordna med skikkeleg innkvartering, så dei måtte vandre fleire kilometer til Giljarhus same dagen. Der vart det registrering og utdeling av dødsmerke. Dagen etter var det vaktoppdrag på Voss. Dei tyske flya var alt byrja å bli nærgåande, - og mange av dei som hadde fått utlevert ammunisjon, sende geværkuler mot dei. Dette stogga befalet straks, for å skyte med slike våpen mot fly har ingen hensikt. Sjansen for treff er lik null... 

Kamphandlingar var alt i gang i Valdres, og soldatane måtte no gjere seg klar til avreise austover. Tog vart fylte og ferda gjekk til Gol. Vegen over til Valdres var sperra av snømassar, så det vart opne lastebilar igjen. Turen måtte gå nordover gjennom Hemsedal og så vidare til Valdres. 

På desse bilane sat dei samanstua og rista seg framover. Utkvilde soldater til å sende fram til fronten var det så visst ikkje. Men motiveringa og innsatsviljen mangla det ikkje på. Det varte ikkje lenge før dei måtte fram og møte fienden. Ole Midtun var ein av dei første, og han fortel om dette første møtet. Hans lag gjekk i stilling ved eit elveleie, det var bitande kulde. Gode frakkar hadde då gjort underverker der. Dei held stillinga nokre timar, - men så måtte dei få avløysing for frosten hadde teke så godt tak, at det var så vidt dei greidde å gå. 

Kompaniet der dei frå Ytre Sogn var med, fekk det knallhardt i dagane som kom. Matmangel og frost, utan søvn opp til 80 timar mens kampane raste var ei hard påkjenning. Naudrasjonane dei hadde fått utlevert måtte alt brukast etter nokre få dagar, og det var langt frå etter oppskrifta. 
Men nauda dreiv dei... 

Eit godt befal skaper tillit, har veldig stor betydning for soldatane i slike situasjoner som i Valdres. Kompanisjefen som hadde kommandoen over soldatane frå Sogn, Rieber Mohn frå Bergen, - var ein av dei beste. Han låg ved sida av soldatane mens dei kjempa, og han let ingen i stikken. 

Det vart harde treffningar. Gråbeinshølet i Valdres vart det verste. Der fall mange, m.a. Konrad Byrknes frå Byrknesøy, Edvin Færøy frå Losnegård og Halvard Trædal frå Ikjefjord. Ein av legane på sjukestova i N. Aurdal var Hallvard Natvik. Han hadde på det tidspunktet teke i mot stillinga som distriktslege i Gulen, men måtte gjere sin teneste i militære først. På sjukestova møtte han mange frå Gulen, som han fekk helse på seinare i Gulen. 

Dei norske kjempa innbitt, og dei fekk overtaket på fienden. Dei tok mange tyske til fange. Transporten av desse fangane nedover til Vestre Slidre var ei oppleving med sterke kjensler, av eit anna slag enn å ligge ute i skogen å kjempe. Dei tyske hadde langt betre kamputstyr, og handgranatane var det verste å møte. Handgranatane kom gjennom lufta utan at ein hadde sjanse til å registrere kor ein skulle sette inn motangrepet. 

Det vart nifse opplevingar i kampane der dei møtte fienden. Ein gong skulle nokre norske soldater forsere eit snødekt myrlende, og det oppsto skotveksling mellom dei norske og tyske frå kvar si sida av myra. Soldatane som kom i skotlinja la seg flat i snøen, og mens dei låg der storma dei tyske over og det vart mange spark både her og der av dei tyske støvlane. Ingen hefta seg med dei som låg der, - vart kanskje oppfatta som falne... 

Dei verste opplevingane var nok stormangrepa i bygningar som dei tyske hadde okkupert, m.a. Bagnsbergene gård. Under angrepet hadde dei norske sivile som var der lagt seg på golvet i eit kammers. Ei snøfonn utanfor veggen redda nok livet til mange av desse, for kulene vart sendt inn over snøfonna og gjekk dermed over dei som låg skrekkslagne innanfor. Angrepet kosta to norske soldater livet. Mange tyske soldater fall på Bagnsbergene gård. 

Dei norske soldatane vart ekstra motivert når dei såg at dei tyske styrkane tok unge og eldre og sende i forvegen ved framrykninga oppe i dalen ved Bagn. 

På andre frontavsnitt gjekk det ikkje så godt for dei norske styrkane. Og så kom kapitulasjonen. Ordren om å gje opp, la seg ta til fange. Ein del av dei norske soldatane kom seg unna, - nordover til Sognefjorden og vidare heim på ymse vis. Fangeleiren for dei norske var Hvalsmoen ved Hønefoss,- men først skulle dei til Fagernes. Der vart dei plassert på Fagernes Hotell. Framleis vart det for lite mat for dei fleste. Nokre soldatar hadde kome over ein del svisker frå ein sønderknust bygning, og dei fylte i patronveskene det dei kunne, men med så mykje svisker på ein tom mage gjekk det ille. Dei vart heilt utslegne, og det vart sikkert lenge før dei fekk lyst på svisker igjen. 

På Hvalsmoen ved Hønefoss var det leveleg med omsyn til maten og opphaldet elles. Ei oppleving der frå tek vi med. Ein dag kom der to jenter bort til gjerdet å snakka til dei som var innanfor. Etter litt prat kom det fram at deira familie kom frå Fallebø, og her møtte dei fleire Gulingar frå plassane nær Fallebø. Jentene følgde opp. Dei kom med mat, med klede og elles det fangane frå Gulen hadde lyst på. Eit treff - eit godt minne å ta med seg heim. På Hvalsmoen gjekk det rykter om at dei norske soldatane (fangane) skulle sendast nedover til Tyskland. Og medan dette ryktet varte så var det dei som stakk av. Mange tok riskar med å bruke elva som rann forbi leiren. Det var ein del tømmerstokkar som kom rekande den vegen og som vart brukt som redningsplanke! nedover. Så kom eit nytt rykte om at sendinga nedover til Tyskland var for befalet. Heller ikkje det var riktig. 

Så vart alle dei norske, soldater og befal, sende heimover. I flokkevis for dei heim til sine gardsbruk og fiskebåtar. Kvardagen tok til igjen, men med tysk styre både sentralt og etter kvart meir lokalt. 

Etter mobiliseringsordre møtte desse frå Gulen : 

Konrad Byrknes, Gunnar Byrknes, Adolf Byrknes, Arthur Byrknes, Arne Eilertsen Byrknes, Kristoffer Klungrehaug, Harry Bremnes, Harald Kversøy, Paul Kråkenes, Søren Unneland, Peder Sellevåg, Harald Fivelsdal, Hermann Merkesdal, Thoralf Merkesdal, Bjarne Halsvik, Hans Steine, Jørgen Høyvik, Jon Eide, Anders Høyvik, Harald Molde, Harald Schjelderup Kjellevold, Anton Kjellevold, Elling Lund, Baard Dale, Erling Nese, Harald Tveit, Lars Svaberg, Ole Midtun, Erling Korsvold, Bjarne Austgulen, Erling Austgulen, Alfred Austgulen, Olav Austgulen. Hans H. Brosvik, Leif Riise, Hans Riise, Hans Mongstad, Helge Strand, Asbjørn Nyhammer, Mons Losnegård, Ola Losnegård, Edvin Færøy. 

Etter mobiliseringsordre møtte desse frå Brekke : 

Med i kampane i Valdres : 
Torkel Asheim, Ivar J. Botnen, Ivar Breidvik, Endre Engesæter, Alv Haugland, Magnus Instefjord, Mons Instefjord, Torkel Instefjord, Henry Johannesen, Jørgen Nestun, Ivar Sandvik, Gunnar Sætre, Johannes M. Takle, Sverre J. Takle, Torkel Takle, Halvard Trædal, Henrik Tveit, Hans Wergeland, Ivar H. Ynnesdal. 

Desse fall i kampane i Valdres 

Byrknes, Konrad Kristofferson, fiskar, Gulen, fødd 7. mai 1915 i Byrknesøy, son til Kristoffer Kolbeinsen, f. 1889 i Byrknesøy, og Ingeborg f. Martinusen, f. 1884 i Fedje. Gift på Byrknesøy 1940 med Berly Ingvaldsdtr. Nordheim, f. 1917 i Gulen. 1 Barn. Fall som maskingeværskyttar under kampane i Bagn i Valdres 20. april 1940. Gravlagd ved Mjømna kyrkje. 

Færøy, Edvin, gardsarbeidar, Gulen. Fødd 30. juli 1917 i Gulen. Son til Andreas Færøy og Johanne, f. Juvik. Var gardsarbeidar og fiskar. Fall i kampane i Valdres 20. april 1940. Gravlagd på Rutle kyrkjegard i Gulen. 

Trædal, Halvard Benjamin, gardsarbeidar, Brekke. Fødd 14. april 1916 i Lavik, son til Johannes Torsteinson Trædal, f. 1888 s. st., og Ingeborg f. Oppedal, f. 1890 s. st. Kveldsskule, husflidskurs. Var med i krigen, og fall 26. april 1940 i Bagn i Valdres. Gravlagd på Oppedal kyrkjegard. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal