Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

               
Lensmannen som ikkje ville lystre
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 12.04.2006


 Jakob Eikenes

Straks det kom melding om at tyske marinebåtar hadde overteke Bergen - men endå ikkje sett kursen nordover Vestlandskysten, mobliserte lensmannen i Gulen, Jakob Eikenes, vakter ute på nes og brygger i kommunen. 

Til alle telefonkablar, over sund og fjordar, fekk han tilført vaktmannskap med våpen. Gevær henta dei i skyttarlag og hjå private som hadde slike. Det vart knapt med våpen til alle vaktene rundt om. 

Vaktene i Levresund måtte møte med haglgevær og den eine, ein ungdom frå Kjelby, måtte på låven for å hente ein høygaffel som erstatning. Der stod dei i nokre dagar og netter klar til å gripe inn om nokon fiende kom for å kutte kabelstrekket. Telefonnettet var svært viktig å verne om for å halde oppe kontakten nordover Vestlandet, som endå ikkje var hærteke. 

Det varte ikkje lenge før dei tyske marinebåtane kom sigande nordover og etablerte seg på dei plassane som var peika ut. Rutledal var ein av desse, Sygnefest og Riseneset kom til seinare. Ein god del tyskarar samla seg i Rutledal og lensmannsetaten fekk straks meir å gjere. Frå Byrknesøy drog etterkvart mange over til Shetland, og det var lensmannen sin plikt å etterforske slik røming. 

Det vart farlege situasjoner for dei som hadde hjelpt til - og for slektningane til dei som reiste, ikkje minst. Lensmann Eikenes var alltid våken for kva som var det beste for folket i kommunen, - og han redda sikkert mange frå å bli arrestert i dei åra han fekk vere lensmann under krigen. 

Tilslutt så ville ikkje Statspolitiet ha han i stillinga lenger. Dei var ikkje nøgde med måten han utførde ordrane på. Eikenes vart kalla til Høyanger der dei tyske hadde hovedkontoret sitt. 


Øverst t.v. på bilde, ved Tunsberg, er Ånnelandsundet på det smalaste. 
Her var det tenkt at Eikenes skulle hoppe overbord og bringast vidare over Nordsjøen til Shetland. 

Etter avhøyr der vart han sendt til Bergen for vidare gransking. Han fekk reise med rutebåten frå Høyanger under kapteinens ansvar på reisa. 

Kapteinen, som han kjende frå før, gav han lov til ein kort visitt på land i Eivindvik. Der fekk han snakke med nokre av sine kjende medan båten låg ved kaia. 

Dei brukte den korte tida til å diskutere røming , - hadde ein plan som dei trudde skulle føre fram. Det var at Eikenes skulle lure seg over rekka ved Tunsberg i Ånnelandsundet der sundet er på det smalaste, og så skulle dei ha ein båt der for å fiske han opp. 

Dei kjende også til illegale grupper som kunne bringe han vidare over til Shetland. 

Eikenes avslo - risikoen for dei som no involverte seg talte han frå planen, og turen fortsette til Bergen. Der stod Gestapo klar - "putta" han i bilen og vidare til Veiten. Det vart fengsel, og det vart opphald i fleire konsentrasjonsleirer i Tyskland. 

Jakob Eikenes f. 2. september 1904 vart arrestert 18.04.1943, overført til Bergen, overført Espeland, overført Grini 21.11.1943, overført Kiel 6.07.1944, overført Sachsenhausen der han sat til freden. 

Medan han sat der i leirane, så angra han sikkert på at han ikkje tok strabasane med opplegget "mann over bord" i Ånnelandsundet. Han kom heim - fekk stillinga som lensmann i Gulen etter fredsslutninga i mai 1945. Seinare var han lensmann i Luster ei tid, og deretter i Vågå i Gudbrandsdalen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal