Mine på kroken
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002
Då dei tyske militære hadde drege frå
Rutledal og Sygnefest i 1945, kunne ein ta til med normalt fiske igjen.
Harald Nikøy hadde saman med faren Tomas lagt ut liner frå
Losnelandet på nordsida av Sognefjorden og sydover mot Brosvik. På
formiddagen skulle dei ut med motorbåten og trekke linene, og var
spente på fangsten.
Dei var godt i gang, linespelet rulla inn lina som vanleg,
men plutseleg kom det eit rykk som fekk lina til å stå stram
bortover sjøen. Dei ana ikkje kva dette kunne vera, men dei skulle
snart få svaret. Opp av sjøen kom det ein stor rund gjenstand,
godt dekorert med tare og tang, med piggar som peika i alle retningar.
Dei forsto at det måtte vera ei hornmine, det ein rekna for det farlegaste
for alle som farta på sjøen i krigsåra. Linefiskarane
vart skrekkslagne. Faren reagerte spontant, henta fram kniven og kappa
over lina. Harald var like snar med å gi full fart vekk frå
mina.
Dei slapp med skrekken, og mina forsvann i djupet. Noko
erstatning for tapt fiskeutstyr var ein ikkje vane med og det tenkte dei
heller ikkje på.
Det viktigaste var at dei hadde redda livet. Dei manna
seg opp etter nokre dagar og henta inn lina frå det andre ankerfeste
der det var lagt ut blåse. Til all lukke hadde mina losna frå
«linerekka» og dei kunne skøyte den saman, for nytt
fiske på Sognefjorden. |