Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Peppermynteolje funne på rek i Mjømneosen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 15.09.2002

Alf Bogetvedt var handelsreisande og godt kjent i Gulen, og han fortel ei historie som hende under krigen. Det hadde seg slik at handelsmannen på Mjømna, Alf Iversen hadde fått inn ein ballong som var funnen på rek i Mjømneosen, og i denne var det peppermynteolje, 25 liter ekte vare. 

Det var vel eit tysk lasteskip som hadde misst denne overbord, eller kanskje den kom rekande inn frå havet. 

Etter å ha tenkt ei stund kom Iversen til at dette måtte vere noko for dei som produserte snus eller liknande, og han tok kontakt med Alf Bogetvedt som då var tilsett i firmaet P.Pedersen og Søn - tobbakksprodusent. Han tok turen til Bergen og møtte Bogetvedt i Kavligården der firmaet hadde sitt kontor. Dei var godt kjende frå tidlegare mens Bogetvedt hadde sine salgsturar på Gulen, men denne handelen var noko uvant for dei begge. Det vart handel mellom dei, Iversen fekk 50 kroner literen for den fine vara han kom med, og var vel nøgd med det. 

Ein kollega til Bogetvedt vart også kobla inn i denne handelen og opplegget vidare for produksjon. For å få litt startkapital selde dei fem liter til sitt firma som hadde fabrikken i Fredrikstad, og skaffa seg med det over tusen kroner. No hadde dei fått seg ein liten startkapital for å drive vidare. Men til snus skulle ein også ha råstoff - og det var ikkje noko lett oppgåve, for ingen visste kva som kunne vera brukande som erstatning for sjølve snusmassen. Tobakksblader som vart brukt til dette formål var ikkje å oppdrive - det var streng rasjonering på tobakk av alle slag. Her låg det sjølsagt muligheter hvis ein fekk til ein god snuserstatning. Dei kom fram til at kastanjenøtter måtte prøvast, og det vart straks sendt bestilling til Fredrikstad på eit passe kvanta. 

Tørre einebær ville også vere eit alternativ, og så kontakta Bogetvedt handelsmannen i Utvik i Nordfjord, Johan Raad og fekk han til å organisere plukking og tørking av einebær i stor stil. Kontakt vart oppretta med vinkongen Høye på Gyldenpris, og hos han fekk dei overta nokre kjempefat som vart kalla Oksehoder, og dei fekk kjøpe Wermuth ekstrakt med kraftig smak. Karane brukte også sin eigen kvote på «Polet» m.a. Aromatisk. Bitter og litt sprit. Kajennepepper vart kjøpt inn og. Ein stor trommel vart laga av ein blikkenslager, og snart var eltinga i gang og smaksprøver vart levert ut til snusbrukarar. Ikkje verst - godt brukbar snus var karakteren erstatninga fekk. 

Papirgrossisten Beyer kom med fine esker og etikettar og pakkinga kunne ta til. Kundekontakten med handelsmennene hadde dei frå før, så no var det berre å sende produktet utover i distriktet. Salget av «Juno» snuserstatning som dei kalla den, gjekk strykande. Gjekk som «varmt kveitebrød» på heile kysten frå Stavanger i syd til Molde i nord. 

Mens produksjonen gjekk for fullt, fekk dei import på einebær frå Italia også, og så vart det kjøpt inn nokre tonn med Karoma kaffeerstatning, som viste seg å vere godt brukbar. Etter at lageret av karoma og einebær minka og peppermynteoljen frå Mjømna heldt på å ta slutt, vart det trappa ned og «opplegget» tok slutt i 1944. Så langt hadde deira snuserstatning «Juno» hatt markedet åleine, men no kom J. L. Tiedemann Tobakksfabrikk med sin erstatning. Alf Bogetvedt og kona Gudrun har mange fine minner frå den tida dei jobba i snusmarkedet med peppermynteoljen frå Mjømna. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal