Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

             
Rassia etter radioapparat på Glenja
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 22.05.2006

Konstanse Glenjen fekk besøk av Gestapo i Høyanger for rassia etter radioapparat. Han som hadde anmeldt til dei tyske i Høyanger, hadde sjøl høyrt stemmen frå London ved eit besøk i heimen på Glenja. I Høyanger, der Gestapo hadde sitt hovudsete, la dei dei straks plan om ein tur til Glenja for rassia og arrestasjon. 

Gestaposkøyta kom til Eivindvik for å orientere seg om vegen til Glenja, og på Sandals-kaia fanga byggmeister Søren T. Lie opp dette. Han hoppa i motorbåten og sette full fart heim for å melde frå i telefonen til Nils Glenjen. Dei jobba i same faget og hadde hatt mange oppdrag saman tidlegare. Det var Konstanse Glenjen som tok telefonen, og ho handla raskt og effektivt. 

Radioen på loftet vart då lagt i ei kipe, godt tildekka, og båren utover til Langevatnen og gøymt der. Så kom den frykta båten innover fjorden og tok land ved bryggja på Glenja. Konstanse, som var åleine heime, fekk no ein vanskeleg situasjon å takle. Ho sende barna utover i marka, slik at dei ikkje skulle kome til å røpe noko mens Gestapo var i huset. Husundersøkinga tok til, dei for gjennom stover, loft, kammers og i skuffer og skap, men noko radio fann dei ikkje. Dei pressa på, fram med radioen som dei visste skulle vere i huset. 

Ho måtte innrømme at dei hadde hatt radio, men det var stesonen Alfred sin, og han var sendt til helseheimen etter ein smittsom sjukdom som han hadde pådrege seg. Legen, som hadde vore hos dei, hadde gjeve henne beskjed om at alt det Alfred hadde på rommet sitt måtte brennast. Med smittsome sjukdomar så var dette regelen her i landet. 

Radioapparatet vart lagt på bålet saman med alt det andre, sa Konstanse. 

Dei ville sjå brannstaden, og ho tok dei med seg til grua i kjellaren. Men der var inga aske - kor var den ? 
Ho var klar over at aska etter ei slik forbrenning ville vera beviset for dei, at ho ikkje snakka sant, og ho fekk fram den beste forklaringa ein kunne tenkje seg... - Aska var kasta i utedoen. 

Der stod dei - måtte berre godta forklaringa. Men dei ville snakke med mannen hennar, Nils, og ville ha adressa der han arbeidde. - Jau, han var på arbeid på ein plass som heitte Nordgulen, sa ho. 
- Er ikkje det ein plass oppe i Sunnfjord, spurde dei, - og ho nikka til det. 

Såleis fekk ikkje Nils besøk den dagen, og Konstanse kunne informere han om det som hadde hendt, og kva forklaring ho hadde gjeve. Radioapparatet fekk bli verande i hytta ved Langevatnet resten av krigen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal