Festningsanlegg i Riseneset
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 03.09.2002
I Riseneset ved Sygnefest vart det bygd tyske festningsanlegg.
For å sikre innløpet til Sognefjorden best mogleg, fann tyskarane
ut at denne staden var svært strategisk viktig. Her førte
dei opp kanoner, og skyts - og vart det såkalla Riseneset batteri.
Kanonstillingar, skyttargraver, underjordiske tunnellar
m.m kom opp etterkvart, både i Riseneset og Riseskora. Ein storslått
kommandosentral i ein gedigen bunkers vart plassert midt i det heile. Her
held sjefane, som hadde kommandoen, seg klare om det skulle kome angrep
frå engelske båtar og fly.
Det meste av festningsanlegget vart lagt på eigedomen
til Gunnar Thune. Han er no over 80 år, men fortel levande om krigsåra
og dei tyske som vanka der. Ikkje alle var så god å ha med
å gjere! Men der var og nokre som merka seg ut, som kunne skape tillit.
No (i 1994) er ein god del av anlegga godt skjulte av skogen. Brakkene
vart fjerna straks etter kapitulasjonen. Mange av dei hamna rundt om til
ymse bruk, som skyttarhus, naust, hytter og materialer til bustadhus. Tett
ved heimen til Thune står framleis ein stor kanonstilling som kan
samanliknast med ein landingsplass for helikopter.
Det Thune fortel om oppbygginga av festningsanlegget,
er skremmande. Lensmannsbetjent Olav Bøe kom ein dag til huslydane
i Riseneset og Riseskora. Oppdraget hans var å melde at dei fire
familiane måtte flytte frå heimane sine. Dei fekk tre dagar
på seg. Ingen hadde tilvising om kor dei skulle flytta. Det måtte
ein finne ut av sjølv. Olav Bøe sa etterpå at det var
det verste han hadde vore med på i si tid i politietaten. Så
rått...
Huslydane måtte i all hast pakke saman, og gjere
alle romma klare for dei tyske soldatane og sjefane som skulle bu der.
Kjende og slektningar vart kontakta. Alle fekk tak over hovudet. Tre familiar
hamna på Fallebø. Thune sin familie fekk der overta ei hytte
som ikkje var i bruk til vanleg.
Den var lita, men ei god hjelp i nauda. Den fjerde familien
fekk leige skulehuset, som då på grunn av få skuleborn,
ikkje var i bruk. Alle var hjelpsame ovenfor huslydane som måtte
flytte ut frå festningsområdet i Riseneset og Riseskora, seier
Thune.
Frå tida medan festninga vart oppført nemner
Thune nokre historier som vi tek med. Over heile anlegget var der mykje
stein, sprengning og betongarbeid. Så vart det mangel på fenghetter.
Dei tyske fekk ikkje tilsendt nok til å dekke behovet. Men arbeidarar
som kvar dag kom til Riseneset med skyssbåt frå Sygnefest og
Rutledal måtte sjølvsagt utføra noko arbeid. Dei bora
skytehol alle stader der det skulle sprengjast, så då fenghettene
kom til Riseneset, var det skyting til gagns. Det small alle stader, og
det var svært farleg å vera der. Til slutt måtte den
tyske kommandanten gripa inn, og be anleggsarbeidarane om å «jekke
seg ned». På Riseneset vart forøvrig ein unggut frå
Dalsøyra drepen i ei sprengingsulukke, fordi sikringa ikkje var
god nok. Dette hende omlag hundre meter frå heimen til Thune.
Langt frå alle dei tyske som var plassert på
Riseneset batteri, oppførde seg etter reglementet. Nokre hadde stole
inventar frå skulehuset i Rutledal, møblar som lærarinna
eigde. Då dette vart rapportert, måtte dei straks bringe møblane
attende. Dei fekk straff for overgrepet, etter det Thune registrerte. Dei
vart straks sende bort frå Riseneset og kom aldri att.
Som nemnt var det tyske blant vaktstyrken som ikkje alltid
var heilt på linje med Hitler og hans menn. Spesielt syntest nokre
av dei at straffa for «ting» dei norske gjorde, var for streng.
Dersom ein hadde unnlate å levere inn radioapparat og det vart oppdaga,
vart det fengselsstraff.
Dersom våpen ikkje var innlevert, var det endå
alvorlegare. Det var slik «toskeskap» som førte til
mange tragediar under krigen, og hadde såmen ingenting med dåd
å gjera.
Så vart det rassia på Fallebø. Thune
hadde eit haglgevær under senga i hytta. Då alle vart jaga
ut på bakken og rassiaen tok til i alle rom, var Thune sikker på
at han vart avslørt. Men ingenting hende. Karl Eide og broren Arne
Eikefjord som då var eigarar av den eine garden på Fallebø,
var nok båe i same stoda kva våpen angjekk. Der vart det heller
ikkje oppstyr og arrestasjon. Thune såg at ein av soldatane hadde
teke i geværet hans, handmerke på støvet synte godt,
og han skjøna ikkje kvifor det vart lagt tilbake igjen. Forklaringa
fekk han ved ein av dei første passkontrollane på Riseneset.
Folket som budde på Fallebø måtte passere festningsanlegget
(Riseneset batteri) når dei skulle til og frå. Ved kontrollposten
sa vakthavande frå til ei ung dame som skulle til Fallebø
at, «hels dei unge mennene der at det dei har liggjande må
fjernast så fort som mogeleg!». Fin redning for Thune, Eide
og Eikefjond. Det var den same tyskaren som hadde vore i stovene (under
sengene). Han var sjef for rassiatroppen, og tok si eiga fornuftige avgjend
for å spara gutane. |