Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Festningsanlegg i Rutledal
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 04.09.2002

Den største av dei tyske forlegningane, kom i Rutledal. Alt 10. mai 1940 kom tyske marinefarty nordover og svinga inn på Rutledalsvika. Der la dei seg til. Håkon Søreide hadde alt vore med på ymse frakteoppdrag etter at krigen braut ut, og han kjende alt til fiendens metoder, og undra seg på kva som no ville skje. Han tok begge minstebarna på ryggen, fekk med seg kona og drog til fjells, til Øynastølen. Men dei var alt oppdaga gjennom gode kikkerter på båtane. 

Tyske marinegastar sette etter dei mot sæterbua med gevær påsett bajonettar. Det var ikkje nett slike sæterturar familien var van med. No bar det heim igjen med det same, men det vart ikkje noko meir «styr" etter heimkomsten. Dei tyske kystmilitære hadde valgt ut Rutledal til festningsområde, til forsvar av den strategisk viktige Sognefjorden. 

Torpedobatteri vart snart oppført, først noko provisorisk men etterkvart nokså permanent - det fekk ein merke. På stranda mellom Rutledal og Breidvik «spratt» det opp kanonstillingar, bunkere, tunnellar og brakker tett i tett i skogen. Det vart eit festningsanlegg av stort «kaliber» slik at Sognefjorden kunne sikrast i alle retningar. Kaianlegg og vegar kom det også, og brakker til dei tyske mannskapa kom det opp både i Rutledal og oppe i dalen der vegen går over til Nordgulen og Haveland. Privathus vart rekvirert til bustad, skulehuset til administrative formål. 

Overalt var det tyskere. Hundrevis av norske arbeidarar kom og fekk seg arbeid og det seiest at dei tente godt. Dei fleste av desse var pendlarar som reiste heim i helgane. Entreprenørar kom, fekk kontrakter og sette arbeid igang. 

Både dei og mange av arbeidarane hadde lite kompetanse, men det såg ut som at det ikkje var så nøye. Berre betongblandinga var god nok til å stå imot granatane som kunne kome frå fjorden så var det ikkje så nøye med utsjånaden. Fylkesbåtane sin rutebåt «Gudvangen» vart brukt som losjiskip. Rutledal var i denne tida eit bombemål, men heldigvis så kom det ikkje åtak verken frå lufta eller sjøen. Eit tysk sjøfly som hadde vore i kamp lenger ute i Sognefjorden styrta i sjøen nær holmane vest av Rutledal. Flygaren hoppa ut i fallskjerm og vart teken opp av båtfolk som nett då låg og lossa ved bryggja i Rutledal. 

Flyet var eit Focker Wolfe 190 og vart liggande der på botnen i over tjue år. Dei militære mannskapa som var i Rutledal var for det meste voksne menn, noko som lokalbefolkninga synes var bra. Dei var kjende for å fare meir folkeleg fram der dei var. Nokre episoder kom det nok til, - det var helst mellom arbeidarane på anlegga og tyskarar som blanda seg inn i arbeidsoppdrag o.l. Mange av dei tyske soldatane ville gjerne ha kontakt med bygdefolket, men det var ikkje så enkelt. Likevel - der var ein tysker som greidde det. Han lærde seg norsk, vanka på kaia og i butikken, og det varte ikkje lenge før han var komen i god kontakt med mange. 

Navnet på denne oberwachtmeister var Maximillian Leopold Kautz 26 år. Hans overordna merka seg denne utviklinga - og fekk sendt han frå Rutledal til festningsanlegget på Fure i Sunnfjord. Der var det ikkje så tett befolka - og for han eit nytt område. Men han greidde seg - tok heile «kaka» der oppe i Sunnfjord då han fann seg ei jente der. 

Etter ei tid stakk han av med dama (24.2.43) og dei sette kursen mot Sverige. Dei fekk hjelp av mange nordmenn på ferda. Etter ei tid var dei komen til grensa og avhøyra der tok til. På grensestasjonen var politikonstabel Ivar Marås frå Bergen og hans jobb var å granske alle som kom over. 

Dei ville sjølvsagt ikkje ha spionar inn over seg. Hr. Kautz hadde forberedt si historie godt. Han oppga falskt norsk navn, - Harald og Helene Solberg, - var jøde og hadde jobba ei tid i Wien i Østerrike, men hadde dei seinare åra vore busett i Bergen. Han hadde hatt hyre med ein fraktebåt frå Gulen, eigd av ein med navnet Stevnebø, og fraktinga var fisk og sildeprodukter. Så vart han lastebileigar i Bergen, men tyskarane rekvirerte lastebilen og sende både han og bilen til anlegget i Rutledal. Historia til Solberg var ikkje mogleg å sjekke på grensestasjonen, - mistanken var stor men dei fikk dra vidare. Seinare veit vi at dei skifte navn fleire gonger under opphaldet i Sverige. 

Etter røminga frå Korssund (Fure) dukka det opp mange spekulasjoner, for båten «Brenning» som hadde skyssa dei innover i Førdefjorden kom ikkje tilbake. Folk rekna med at brørne Arthur og Einar Brendsdal hadde drege over Nordsjøen med det same, - for dei rekna vel med å bli arrestert etter å ha skyssa ein tysk dessertør. Det kom ingen frå Shetland etter krigen, - men båten «Brenning» vart funnen minst tjue år etter på botnen inne i Førdefjorden. Enda (1994) har ein ikkje svaret på kor det vart av desse ungdomane med båten «Brenning». Dei to i Sverige vart funnen under endå eit nytt navn, - men dei var ikkje viljuge til å fortelje. Foreldingsfristen 30 år for straffbare handlingar var no henta inn. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal