Sabotasjegruppe frå Shetland til Gulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002
Då krigshandlingane i Vossetraktene og Valdres tok
slutt og dei norske styrkane vart dimma og sende heim, oppstod det vanskelege
situasjonar for mange. Dei kom til Bergensområdet og distrikta rundt,
for å søkje flukt vestover, over Nordsjøen.
Dei ynskte å kome vekk frå dei tyske som tok
til å overta styringa på alle felt. Ein del av dei som ville
over Nordsjøen, hadde hatt stillingar innen militæret og var
klar over at dersom dei ikkje kom seg unna, kunne dei risikere fangenskap.
Dei som hadde vore med i kamphandlingar var registrert av dei tyske. Desse
hadde måtte skrive under på at dei på eit seinare tidspunkt,
ikkje ville gjere motstand, med eller utan våpen.
Bergen hadde ein sentral plass i overfarten. Medarbeidere
innen m.a. skipshandel, fiskeeksport, rutebåtselskap samt politikere,
politi og posttenestemenn kom med i grupper som organiserte fluktruter
og anna illegalt arbeid. Distrikta vest og nord for Bergen var båtrike.
Kommunane Radøy, Austrheim, Fedje, Lindås,
Masfjorden, Gulen og Solund hadde mange båteigarar som kom med og
det vart mange farefulle turar over Nordsjøen under krigen.
Handelsmenn i distriktet med bunkersanlegg, vart sterkt
involvert i desse turane. Dei som aller først vart knytta til turane
over Nordsjøen var kjende båteigarar i Austrheim og Fedje.
Hilmar Langøy, frå Austrheim, hadde ei lita skøyta
på 36 fot, med navnet Traust. Langøy og hans mannskap var
med på mykje dei første vekene, med denne skøyta, til
og frå Shetland. Hilmar Langøy overtok snart andre større
farty som så vart sett inn i denne illegale trafikken. Etterkvart
førde det med seg mange arrestasjonar, blant hans medhjelpere og
andre samansvorne.
Oskar Leirvåg og broren Olav var også svært
tidleg ute. Med gavlbåten Snål frå Mastrevik, drog dei
over Nordsjøen med ei marinegruppe som hadde hamna oppe i Røldal
og ein britisk visekonsul i Oslo, Mr. Campbell. For desse var redninga
kome seg over til Shetland. Mons Storemark frå Fedje, vart dregen
inn i Nordsjøfarten då han skulle losa ein båt for å
få ein annan utanlandsk, ettersøkt person, vestover. Han skulle
berre over havet og så returnere tilbake til Fedje. Men slik gjekk
det ikkje.
Ein dag i slutten av mai vart Mons Storemark innkalla
til konferanse hjå ein høg marineoffiser i Lerwick. Eit par
dagar seinare var han på veg austover som los ombord i ei dansk 70
fots skøyte. Hospits var namnet og ho hadde gavlbaten Snål
på slep. Ombord i danskeskøyta var den første sabortorgruppa
som vart send til Norge under krigen.
Det var ein gjeng kvalfangarar som hadde hatt eit lynkurs
i sabotasje i Skottland. Med på turen var også brørne
Oskar og Olav Leirvåg.
Ekspedisjonen skulle setjast i land ein stad i Masfjorden.
Derifra skulle sabotørane ta seg austover til Bergensbanen og Hardangerfjorden.
Eit våpendepot skulle og leggjast på land. Oskar Leirvåg
skulle i mellomtida levere Snål tilbake til eigarane. Dei kom inn
til Utvær i Solund 1. juni 1940 og drog vidare derifra til Haveland
i Gulen. Storemark hadde ordre om å setje sabotørane, elleve
mann i talet, iland på ein plass, der dei lett kunne kome til Sogne-
og Hardangerfjorden. Dei drog avstad kort etter, men måtte først
skaffe seg norske støvlar. Dei fleste kom om bord i Lerwick i vanlege
sko, somme jamvel i lakksko. Korkje dei eller dei som hadde sendt dei,
visste ennå særleg mykje om krigen. Danskeskøyta Hospitset,
ei prektig skute på 70 fot, låg ei tid på ei vik sør
for Haveland, kalla Vikelia. Ombord var sabotørane som hadde fått
sprengingsoppdrag på Vestlandet.
Folket på Haveland og Nese undra seg over denne
skuta som låg bortgøymd i vika utan teikn til liv. Men i maidagane
1940 hende det mykje, så dei slo seg til ro med det. Sabotørane
ombord i Hospitset hadde snudd om på dagsrytmen. Dei var på
dekk om natta for å trekke frisk luft og mosjonere, og låg
under dekk om dagen.
Det gjekk heller dårleg med denne aksjonen og utfallet
av ilandsettinga på Haveland, vart mislukka. Etter fleire forsøk
til fots, kom dei fleste tilbake til skøyta. Dei fleste av sabotørane
vart redda ved at Oskar Leirvåg tok initiativ til returreise vestover.
Han fekk overta båten Gneist av Ivar Duesund, i Masfjorden. Fekk
sabotørane frå Hospitset med seg og drog til Shetland 10.
juni. På denne turen tok han også med seg kona og dei tre borna.
Ein frå gruppa, Karsten Wang fra Sandar, rakk ikkje
å være med Gneist. Han og Ivar Duesund vart arrestert av Gestapo
og sett i fangeleir på Ulven. Den 22. oktober året etter vart
dei begge henretta der. Svært mange redda livet og slapp fangenskap
ved at båteigarar med dyktige sjøfolk tok desse dristige turane
over til Shetland. |