Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Senkinga av båten «Blåveis» ved Kidøy
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

«Blåveis» var ein båt på storleik med ein rutebåt. Den gjekk i tysk teneste, det vart snakka om at den frakta pengar som tyskarane skulle bruke på sine anlegg i Sogn og Fjordane. Folk i området kjente godt til «Blåveis», den hadde si faste rute i leia gjennom Gulen, og brukte svært ofte Nyhamar som liggeplass. 

Ein dag var «Blåveis» på veg gjennom Kippersundet ved Kidøy, då det plutseleg kom 15-20 engelske fly vestfrå, som gjekk til angrep på båten. I skulehuset på Hjartås (Hisarøy) sat ungane og arbeidde då dei fekk høyra kraftig flydur og skyting sydfrå. Den svært ansvarsmedvitne lærarinna. Marie Losnedal kommanderte alle ungane ned i kjellaren, som ho hadde gjort ved liknande høve. Gutane var ikkje særleg villige til å gå under jorda, dei stakk i staden opp i haugane for å sjå kva som hende. Frå orkesterplass fekk dei sjå heile angrepet. «Blåveis» vart skada, la seg snart over og seig opp i fjæra på sørvestsida, litt ut frå det trangaste punktet i sundet. 

Melvin Lid og faren Joachim kom roande frå Skjerjehamn på veg heim til Lid då angrepet kom. Dei måtte ta årane fatt og kome seg til land, og la seg der under ein hammar som skjerma godt. Dei såg likevel godt kva som hende, og følgde flya når dei kom ned i angrepsposisjon og fyrte av mot «Blåveis». Melvin og faren gjorde nok det rette, for etter angrepet var over, vart det funne ein ueksplodert granat heilt nord på bøen til Johan Stevnebø, langt unna Kippersundet. Ombord i «Blåveis» var det mange tyskarar, og etterkvart kom dei seg i land på ein holme og sat der og venta på hjelp. Det kom båtar til, bl.a. med lege for å ta seg av dei som var såra. Det er ikkje kjent kor mange som miste livet. «Blåveis» vart liggande på botnen, men etter ei tid vart den heva og sett i teneste på kysten igjen. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal