Slaget ved Folefoten
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002
Etter at tyskarane hadde innteke Bergen 9. april 1940,
var det fleire av dei norske militære som fann ut at dei måtte
ta eigne slutningar, å redde unna det som reddast kunne... Ein av
desse var på den militære flystasjonen på Flatøy.
Han tok eit sjøfly og drog nordover. Han valde Eivindvik som landingsplass.
Her fortøygde dei flyet ved slippen og kamuflerte
det så godt dei kunne. Så dukka det opp ein motorbåt
som kom frå Lindås. Ombord var det nokre stridslystne karar
som ville ta kampen opp med dei tyske der dei kunne. Dei hadde fått
med seg nokre maskingevær, tekne frå eit tysk fly som hadde
naudlanda på Strilelandet.
Smed Toralf Sande vart henta heim frå vaktteneste
på Flolid, der han saman med nokre andre sat kabelvakt. Sande måtte
på verkstaden og lage stativ for at maskingeværa kunne bli
operative. Straks dette var gjort, kom der melding om at det var to tyske
marinebåtar på veg sydover Nyhamarsundet.
Båtane hadde vore nord i Sognefjorden og lagt ut
miner. Dermed gjorde karane som var komne sydfrå seg klare til eit
forsøk på åtak. Dei fór med båtar utover
Prestesundet, gjekk i land nær Grønevika og la seg i skytestilling.
Fleire frå skyttarlaget i Eivindvik samt flygaren frå Flatøy
var med i angrepet på dei tyske marinebåtane. Dei ville helst
ha vore på andre sida av sundet, ved Folefoten fyr, men rakk det
ikkje.
Dei som budde i huset i Grønevika måtte kome
seg unna. Lars, kona Serine og dei to døtrene gøymde seg
i fjøsen. Så small det, skota frå mitraljøsene
traff ombord etter lydane å døme. Fartya stogga og gjorde
seg klar til motangrep, og det kom til gangs! Først gjennom løeveggen
(folk hadde vore der i luka rett før), og så kom det kraftigare
skyts som slo ned lenger oppe bak huset, og det tok til å brenne.
Det brann i fleir timar, og det måtte folk til frå Eivindvik
for å slokke utpå kvelden. Båtane drog vidare sydover.
Men ville dette gå ustraffa hen?
Folk hadde høyrt korleis dei tyske tok igjen på
dei plassar der det vart skote mot dei, Voss ikkje minst, men og mange
andre stader dei fór fram. Med andre ord så kunne ein rekne
med at flyangrep ville kome både til Grønevik og Eivindvik.
Dei som budde i Grønevika stakk til fjells og var
der nokre netter. Men så flytta dei til ein nær familie som
budde på Nyhamar. Der var dei nokre dager til dei kjende seg meir
sikre på at det ikkje vart noko hemnangrep. I Eivindvik kjende dei
seg heller ikkje sikre på represaliar frå tyske fly og mange
flytta vekk frå heimane sine. Alfhild Sandal tok med seg barna, Åse
(4) og Per (2) samt minstejenta på 7 månader. Ei av butikkdamene,
Solveig Onarheim, vart med. Med hjelp frå ein av mannskapet på
FSF sin lokalrutebåt, Arne Mundal, og Kåre Henriksbø
frå Eivindvik - la dei i veg til Midtundalen for å bu i sælet
til Ole Midtun.
Det var ikkje lett å frakte alt det nødvendige
med seg innover dalen, over bekkefar og myrar. På vegen dukka det
opp nokre karar, som var på tur. Dei heldt til på pleieheimen
som Jørgen Midttun hadde ført opp. Mange av desse var psykisk
ustabile. Dei var under tilsyn, men nokre fekk gå tur åleine,
blant desse ein mann som dei kalla -Storesogningen. Han var to meter høg,
stor og kraftig. Han var av og til med på lossing og lasting ute
på kaien i Eivindvik - og dei som opplevde å sjå kreftene
hans teken i bruk, berre måpte.
Storesogningen kom fram for å hjelpe dei som var
på rømmen med å få barnevogna der minsten låg,
over bekken. Då han bøygde seg ned datt det ut av ermet hans
ein diger tollekniv, - og rømlingane trakk pusten - skrekkslagne.
Han tok det fint - henta kniven opp frå elva og stakk han under ermet
att. Mor og born kjende seg trygge i Midtundalen. |