Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Småhistorier
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 16.09.2002

Bombeslepp utan mål 
I dei første krigsdagane i april 1940 var folk i Eidsfjorden like sjokkerte som andre stader over det som no hende. Flya kom nærare og nærare for kvar dag. Men ein dag kom det fleire fly nordover frå Bergen, og det var ikkje fly av same nasjonalitet - slik dei oppførde seg i lufta. Truleg var det eit engelsk fly som hadde oppdrag å senke eit tysk skip ved Bergen, og no hadde fått dei tyske jagarane etter seg. 

Det engelske flyet var tungt lasta, såg det ut for, og best det var så dala det ned tønneforma gjenstandar i lufta. Så small det på Glenjestranda utanfor gardane - eit drønn av sterkaste slag. Flyet for vidare vestover og kom seg unna. Det brann ei stund rundt krateret der bombene hadde falle, men heldigvis så var det utanfor heimane på Glenja. Eit par sekund seinare med bombesleppet hadde nok skapt ein annan situasjon den dagen. 

Rassia etter radioapparat på Glenja 

Konstanse Glenjen, kona til Nils, fekk ein rassia av verste slaget. Den som hadde meldt frå om dette hadde sjølv høyrt stemma frå London frå loftet til Konstanse, kom det fram. I Høyanger der Gestapo hadde sitt hovedkvarter for Ytre Sogn planla dei tur til Glenja for rassia. Men i Eivindvik hadde ein i den kommunale leiinga fanga opp dette, og fekk ein av sine kjende til å ta telefon til Glenja og sei frå kva som venta dei. 
Radioen på loftet vart då lagt i ei kipe, godt tildekka, og båren utover til Langevatnet og gøymt der. Så kom den frykta båten innover fjorden og tok land ved bryggja på Glenja. Konstanse, som var åleine heime, fekk no ein vanskeleg situasjon å takle. Ho sende barna utover i marka, slik at dei ikkje skulle kome til å røpe noko mens Gestapo var i huset. Husundersøkinga tok til, dei for gjennom stover, loft, kammers og i skuffer og skap, men noko radio fann dei ikkje. Dei pressa på, fram med radioen som dei visste skulle vere i huset. 

Ho måtte innrømme at dei hadde hatt radio, men det var stesonen Alfred sin, og han var sendt til helseheim etter ein smittsom sjukdom som han hadde pådrege seg. Legen som hadde vore hos dei hadde gjeve henne beskjed om at alt det Alfred hadde på rommet sitt måtte brennast. 
Med smittsome sjukdomar så var dette regelen her i landet. Radioapparatet var lagt på bålet saman med alt det andre, sa Konstanse. Dei ville sjå brannstaden, og ho tok dei med seg til grua i kjellaren. Men der var inga aske - kor var den? Ho var klar over at aska etter ei slik forbrenning ville vera beviset for dei, at ho ikkje snakka sant, og ho fekk fram den beste forklaringa ein kunne tenke seg... Aska var kasta i utedo. Der stod dei - måtte berre godta forklaringa. Men dei ville snakka med mannen hennar, Nils, og ville ha adressa der han arbeidde. Jau, han var på arbeid på ein plass som heitte Nordgulen, sa ho. Var ikkje det ein plass oppe i Sunnfjord, spurde dei, og ho nikka til det. Såleis fekk ikkje Nils besøk den dagen, og Konstanse kunne informere han om det som hadde hendt, og kva forklaring ho hadde gjeve. Radioapparatet fekk bli verande ute i hytta ved Langevatnet resten av krigen... 

På fjellgardane Wergeland og Ynnesdal var dei «priviligerte» med å få høyre nyhende frå London. 

Lensmann Instefjord hadde funne det praktisk og tilfredsstillande etter hans syn, å lagre dei indregne radioane der oppe på loftet i skulehuset. 
Han stengde av - tok nøkkelen med seg til Lavik. Det varte ikkje lenge før «kallane» hadde ordna seg med reservenøkkel og med den låse seg inn når dei fann det for godt å lytte på stemma frå London. 

Alt gjekk bra - ingen kontroll, og rundt om i heimane var dei til ein kvar tid oppdaterte med det som hende ute i den store verda. Men så hende det noko som sette ein støkk i dei, - for der forsvant eit apparat og eit av dei beste apparatet var det også. Dei såg på kvarandre og lura på kven det var som hadde vore så frekk, og etter ei stund la dei vegen vestover fjella og fann fram til ein som dei kunne tenkja seg å gjera noko slikt. Dei viste musklane sine, og ganske riktig, dei kom til rette personen. Apparatet vart sett på plass i skulehusloftet igjen og smuglyttinga kunne ta til som før. 

Sprenggranat tenkt til ubåt - hamna i tønnestabelen på fabrikken i Dingja 

Den tyske vaktbåten som trafikkerte i Ytre Sognefjorden hadde base i Dingja. Der låg lagra drivstoff til skipet og andre forbruksvarer for mannskap og båt. Den gode vannforsyninga i Dingja var og av den største verdi for vaktbåtane. Ein dag den tyske vaktbåten låg ved den rekvirerte bryggja der, skulle dei ha skyteøvelse med kanona som stod på bakken forut. Eit eller anna vart ikkje gjort etter bruksanvisninga, og plutseleg så small det, og granatane susa med eit brak gjennom veggen i tønnefabrikken rett framanfor vaktbåten. I denne etasjen hadde Strand lageret av ferdige tønner oppstabla, og det meste av dei vart smadra «sønder og sammen» og taket i bygget fekk og ein fæl medfart. At tønnelageret var fullt nett då redda sikkert arbeidarane som held til i den indre hallen i fabrikken. Peder Strand hadde hellet med seg, for nett før 
hadde han vore ute på kaien der granatane kom. Taket vart reparert men skothola gjennom vestveggen vart ståande til mange år etter krigen. 

Farleg farvatn i Ytre Sognefjorden 

Førar av rute og fraktbåtane frykta farvatnet i Ytre Sognefjorden, for svært ofte så var dei engelske marinebåtane inne her og gjorde åtak. Frå boka til los Mathias Bendiksen er henta fram ei historie om dette. 

En kveld i skumringen kom vi fra Bergen og nordover til Dingenes. Dette var straks etter at «Gula» hadde fått den stygge medfarten og blitt skamskutt av allierte fly, som også medførte tap av menneskeliv. I det vi skulle bøye for Dingeneset, hørte vi duren av fly og svær skyting fra de tyske befestninger på Sygnefest. Med «Gula» i friskt minne fant vi ut at vi for øyeblikket ikke hadde noen særlig interesse av å gå over Sognesjøen, men ga i stedet hardt babord ror, svingte rundt og lurte oss inn på Dingevågen. Vi ropte gjennom talerøret til maskinen at de måtte stenge spjeldet i skorsteinen så der ikke kom røk ut som kunne røpe oss, og satte dem forøvrig inn i situasjonen. Været var heldigvis stille så vi slapp å ankre inne på Dingevågen, og der lå vi ganske bra gjemt mens skytingen og levenet stod på. Da dette etter ca. en halv times tid stilnet og flyene forsvant vestover, kom vi ruslende ut igjen og fortsatte. 

Dei venta forgjeves.... 

Ludvik Furnes var ein mann med idéar og tiltakslyst. Så når det kom to bergensere til Furenes under krigen og desse skulle starte opp med leiketøyproduksjon på bua hans, så rekna ein med at slik vart det. 

Dei skulle produsere trebilar, hestar, båtar, snurrebassar og mykje meir vart det sagt. På bua hadde han sagbruk der tømmer kom inn rett ofte, og i fjæra var der båtbyggeri. Mange arbeidsfolk vanka rundt nede på bryggene, og desse to frå Bergen blanda seg med dei så godt dei kunne. 

Ungane på garden og rundt om i Brandangersundet gledde seg til denne produksjonen, som no ville kome på Furenes. Frå før hadde vi treskofabrikken i Sellevåg, men dette med leiketøy var mykje grommare. Gutane rekna med at her kunne det bli ekstrakroner å hente, med maling og liknande på det som vart laga. Men dei maskinene som skulle brukast kom ikkje - veke etter veke venta dei på desse maskinene. Og utan dei kunne ikkje produksjonen take til. Det vart spikra ein del sildekassar på sagbruket i ventetida, slik at vi som stod utanfor ikkje skulle ane «ugler i mosen». Vi fekk forklaringa etter ei tid, og den var at desse to framandkarane var ettersøkte av Gestapo, og den uredde Ludvik Furnes hadde like godt teke dei med seg frå Bergen om bord i kutteren på veg heim. Men stor var skuffelsen blant den yngre garde i Brandangersundet, for at «leiketøy fabrikken» ikkje kom i gang. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal