Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

     
Soldatar på veg heim frå kampområdet 
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 17.09.2002

Etterkvart opphøyrde krigshandlingane på Voss, rundt Gudvangen og ellers i indre Sogn. Ein del av dei norske styrkane måtte ta seg ut av desse traktene og fare heimover. Soldatane måtte ta seg ut same vegen som dei kom, langs Sognefjorden. 

Andre soldatar vart sendt austover der norske militære framleis kjempa mot den tyske krigsmakta. Furenes i Gulen fekk også vitjing av norske soldatar på veg attende til eit daglegliv i eit okkupert land. 

Ukjend dampbåt frå nord 

Ein laurdagskveld kom ein dampbåt sigande nordfrå, forbi Liholmen og svinga austover mot Furenes. Dette vakte stor undring, ikkje fordi det var ein dampbåt, men den kom frå nordleg lei og ikkje frå syd som rutebåten alltid gjorde. Båten var gråmala og verka litt skummel, og dette bidro til at alle lurte på om det var tyskarane som no kom. Det hadde vore ei tid i spenning om når dei tyske ville vise seg i Gulen. På denne tida var Furenes utan veg. Her var ikkje offentlege kontor, berre ein tankstasjon i tilknytning til handelen. Dampbåten kom opp til land og ein kunne sjå at det var mykje folk ombord. Men heldigvis, dei som steig i land, var soldatar i norske uniformer. Desse var på heimtur, frå fronten i indre Sogn og Vossetraktene. 

Båten dei nytta var D / S «Lindås», som tidlegare var rutebåt i området. Båten høyrde til Lindås - Masfjorden Dampbåtlag. Straks før krigsutbrotet i 1940 vart damparen rekvirert til vaktbåt av det norske militære. Då styrkane måtte trekke seg ut av kampsona i Vossetraktene, vart båten sendt til indre Sogn for å hente soldatar som skulle bringast heim. 

Uniformerte menn på Furenes 

Soldatane var slitne, men og glade for at dei ikkje hadde vorte involverte i harde kampar, slik dei som hamna i Bagnområdet i Valdrestraktene, gjorde.Eg kan minnest hendinga slik: Vi hadde plutseleg uniformerte rundt oss, i stover og ganger. Soldatar og offiserar gjekk til kvile. Nokre låg i salongane ombord i «Lindås», andre la seg til i huset vårt. Syskjenflokken på seks vart lagt inn på eit loft og fekk greie seg med det. 

Kompanisjefen fekk eit rom i øvre etasje, vekk frå trappar og uro, for han måtte ha søvn. Han var heilt utkjørt. Vi høyrde han om natta, kor han låg og kasta på seg, kanskje ikkje heilt fri for draumar og mareritt. Mykje ansvar hadde lagt på hans skuldre. Det var ikkje berre soldatar med båten, men og nokre sivile, handelsreisande og andre som hadde fått vere med båten utover Sognefjorden for å kome seg heim. 

Utpå søndagen var soldatane ombord att. Då seig «Lindås» - den gråmalte vaktbåten vidare mot sør, slik at soldatane kunne vende attende til daglege gjeremål. Eg fekk jobb med å skyssa dei sivile over Fensfjorden med motorbåten vår. Så mange uniformerte hadde vi aldri sett før og fekk heller ikkje oppleve det seinare på Furenes. «Lindås» vart teken i bruk som rutebåt etter krigens slutt, i selskapet B.N.R. Den vart bygd om, med stor fin salong akterut og vart ein betre båt å reise med. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal