Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

    
Fraktebåten «Steinar» minesprengt i Sognefjorden
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 14.09.2002

Det aller siste forliset på kysten som offisielle oppgåver har registrert innenfor krigens tidsramme, skjedde ei veke etter at Tyskland hadde kapitulert i Norge. Det var fraktefartøyet "Steinar" frå Arnafjord i Sogn, eigar Markus Nese, som vart minesprengd ved Sandeskallen nordaust for Sygnefest. 

Båten kom med åtte hundre tønner eplemos og åtti mål ved til forsyningsnemda i Bergen. Det var ikkje kjent at tyskarane hadde lagt ut miner eit par dagar før dei trakk seg ut frå Rutledal og Riseneset. "Steinar" hadde tretten personer ombord og datoen var 13. mai 1945. Eksplosjonen var så voldsom at ein kvinneleg passasjer vart slengd frå dekket og eit halvt hundre meter bortover sjøen. Forskipet vart smadra og matros Helge Skjerven mista livet. 

Mange dager etter forliset låg der tønner eplemos og ved spredd utover i fjorden mellom Sygnefest og Rutletangane. 

    
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal