Flyslepp over Straume på Hisarøy
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 15.09.2002
Ein dag kom det ei gruppe framande fly innover Straume
på Hisarøy, og dei nærma seg fort. Då dei passerte
Straume slapp flya ein del bombeliknande gjenstandar og mange venta på
smellet som ville koma. Men det small ikkje. To unggutar, Konrad Stendal
og Alf Andersen var ute på sjøen i båt nett då
flya kom innover.
Dei vart nok skremde av krigsflya, men det var ikkje tid
til å søkje dekning på nokon måte.
Det flya «letta» seg med var tomme bensintankar.
Innhaldet var oppbrukt på veg hit til kysten. Dei vart droppa for
betre å kunna manøvrera under angrep på båtane
som dei var ute etter. Nokre av tankane vart knuste mot fjellet og steinurane,
medan andre hamna på jordgrunn ganske nær husa på Straume.
På tankane kunne folk lese seg til at det var Canadiske fly som var
over dei denne dagen. Bensintankane vart tekne under befaring. Det viste
seg at dei hadde båtform, og gutane kopla dei saman til minicatamaranar.
På denne måten vart krigsmateriell til leiketøy på
få timar ute på Hisarøy.
|