Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Gulen
Lokalhistorie
Krigsminner

 

 
Tyske vaktstasjonar i Gulen
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 02.09.2002

Mjømna var ein av dei første stadane i Gulen der dei tyske militære slo seg ned. Ein tysk marinebåt seig ein dag inn til kaien på Mjømna, og iland steig tyske soldater. Dei sette kursen mot skulehuset, der dei straks oppretta vaktstasjon. 

Der vart dei verande nokre månader, inntil dei flytta til Byrknesøy og fekk opp ei vakthytte der med langt betre utsikt utover mot havet og rundt øyane. 

At dei tyske kom til Mjømna undra folk seg over. Kanskje forklaringa ligg i følgjande historie.... Ei tid før okkupasjonen av landet, kom ein mann frå Bergen til Mjømna. Han ville gjerne ha eit opphald på landet for helsa var dårleg, og mykje frisk luft og mosjon skulle gjere godt. 

Han fekk ta inn på gjesterommet til Harald Iversen. Denne mannen var ofte tur rundt på øya og oppe i fjellet. Hadde han problem med helsa, eller var det ein spion. I alle høve, - dei tyske vaktsoldatane byrja straks å gå dei same rutene som «gjesten» hadde tråkka tidlegare. Mjømna var vel ikkje den mest praktiske staden med omsyn til observasjoner av fiendtlege farty og det vart truleg litt anstrengande med turane opp i fjellet dagleg. Dei reiste som nevnt til Byrknes og der vart vaktkommandoen verande til krigen var slutt. Dei tyske som var stasjonert på Mjømna oppførde seg bra, og det vart ikkje noko kontrovers mellom dei og folket på øya. 

Tysk vaktstasjon på Byrknes 

Den tyske kystkommandoen fann mange strategiske stader i Gulen for å overvåke sine fienders båtar og fly. Overvåking av befolkninga var nok og med i oppdraget deira. På Byrknes etablerte dei seg godt då dei kom frå Mjømna der dei hadde vore ei tid. Vakthytta si sette dei opp på høgste punktet vest på øya, og bustad ordna dei seg med på den måten at dei rekvirerte huset til Wilhelm Bjørknes. Det disponerte dei til krigen var slutt. 

Der var mange på Byrknes som var involvert i motstandsrørsla, og mange var reist over til Shetland. For slik «ulydnad» var det hard straff. Mange på øya hadde gøymd unna radioapparata sine. Dei utviste stor varsemd når dei formidla nyheitane fra London vidare, og skjulestadane der dei hadde apparata gøymde var svært fantasifulle. Det vert fortalt at ein fiskar hadde sin radio «innbakt» i ein notkagge. Han var alltid vel informert om det som hende på frontane. Nokon merka seg at han gjekk og bar mykje på denne kaggen der han rusla på kaia og til bua si, - men dei snakka ikkje om det. 

Tyskarane i vakthytta på «Haugen» hadde visst peiling på litt av kvart. Det kom for ein dag ved feiringa av freden i 1945, då vaktsoldatane var samla med ein del av bygdefolket. Den tyske sjefen hadde då «moro» av å peike på enkelte av dei som stod i flokken, om at dei hadde hatt radioapparat. At han ikkje hadde sendt rapport eller foreteke rassia, - kom vel kanskje av at han sjølv saman med mannskapet likte folket på Byrknes, og ville helst bli der tida ut i dei etter måten rolege omgivelsane. 

Mine i Negardsvika 

Det small nok av og til på Byrknes og. Det sterkaste smellet kom då ei stor hornmine hadde funne vegen heilt inn på Negardsvika utan at nokon hadde oppdaga ho. I strandkanten eksploderte den ein morgon og sette skrekk i folket. Eksplosjonen gjorde ein del skade på bygg i nærleiken, mange glassruter sprang, men elles påførte eksplosjonen ikkje skade på menneske. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal