Dei tyske vaktbåtane i fjordane
Forfatter: Ingolf Austgulen
Publiseringsdato: 08.09.2002
Engelske fly hadde stadig oppdrag i Norge. Langs kysten
vart det mange raid for å senka skip med last for tyskarane. Dei
var i tillegg ute etter vaktbåtane som dei tyske «manøvrerte»
rundt om i fjordane.
Vaktbåtane var flinke til å stikka seg vekk,
og var difor vanskelg å få auga på for flygarane. Vaktbåtane
heldt seg tett inntil dei bratte fjella. Dei la seg til på utvalde
stader og kamuflerte seg med både bjørk og bartre for ikke
å verta oppdaga. I Gulafjordane hadde dei mange slike faste «gøymeplassar».
Ofte dekka dei seg óg ved å leggja seg til kai der det var
bygningar tett inntil.
Skjerjehamn og Dingja var i så måte ideelle
stader. I Dingja hadde dei oppretta eit depot for olje og anna for båten
som hadde vakthaldet i Sognefjorden. Dei engelske flya fekk ikkje treff
eller skada nokon av dei vaktbåtane som opererte i Gulafjordane,
Fensfjorden og Ytre Sognefjorden.
Rutebåten «Gula» i Nyhamarsundet vart
truleg oppfatta som tysk vaktbåt av dei engelske flygarane. Det er
den einaste akseptable forklaringa ein finn for nettopp dette angrepet. |